Kvitveis (Anemone nemorosa)
Arnaplanten

Tekst og foto: Dag Anton Boge
(20. oktober, 2005)

Kvitveisen er den såkalla offisielle planten for bydelen Arna. Mest kvar einaste kommune i Noreg med respekt for seg sjølv har valt seg ut ein plante –helst ein lokal ein som det finst mykje av der - til å representera kommunen eller ein større bydel. Og i Arna har vi valt Kvitveisen.

Det var Arna Hagelag som lyste ut konkurranse om kva plante som i framtida skulle representera Arna. Dette var i 1995. Etter mange forslag og avrøysting, fall valet på Kvitveisen (Anemone nemorosa). Planten som lyser lyst og blidt mot oss på postkort no, er teikna av Johannes Mjeldheim.

Kva er det så som karakteriserer kvitveisen? Jau, ho er tidleg ute, ein av dei første plantane vi ser om våren. Planta er standhaftig og livsfrisk, ber bod om at vi går mot lysare tider, optimistisk med andre ord, nett slik som folk i Arna er vil nok mange kanskje hevda.

Men kva veit vi eigentleg om denne planten, anna at den er vakker, kvit, fin og uskuldsrein, og eitt av dei sikraste vårteikna vi har? Når kvitveisen blømer, då er endeleg vinteren forbi. Knapt noko vårteikn skapar slik glede som dei første kvitveisane når dei stikk opp gjennom nyss telefri jord. Den vakre blomen veks i mest heile Noreg. Men visste du at raudfargen på dei kvite kronblada eigentleg er blod frå den unge jegeren Adonis?

Her er soga om den aller første kvitveisen: I det gamle Hellas trudde dei på ei mengd ulike gudar og gudinner. Afrodite, kjærleiksgudinna, var ei av dei viktigaste i gudeverda. Afrodite var forelska i ein ung mann som heitte Adonis. Han var jeger, og ofte ute i skogen og jakta på villsvin. Afrodite uroa seg mykje for han, for villsvin er svært farlege dyr. Og ein dag hende det! Eit villsvin hadde gått til åtak på Adonis, og han vart drepen.

Afrodite var ikkje til å trøysta då ho fekk høyra dette. For å heidra minnet om Adonis tok ho ein dråpe av blodet hans og blanda han med litt av gudedrikken, nektar. Dette tømte ho ut i eit skogsnar. Då spira det fram ein blom som fekk den kvite fargen sin frå den edle nektaren, og bloddråpen til Adonis gav han eit rosa skjær. Blomen som vart skapt til minne om Adonis, var nettopp kvitveisen. Og enno i dag har han den vakre fargen sin.

Kvitveis-frøa inneheld ei olje som mauren likar godt. Difor samlar mauren slike frø. Men andre planteetande dyr let kvitveisen stå – han er nemleg giftig.

Teikna av:
Johannes Mjeldheim, Indre Arna.