Drikkevatn frå Gullfjellet
500 liter i sekundet gjennom Moldalia
Tekst og foto: Dag Anton Boge

For kjøp av bilder, kontakt oss på telefon eller e-post.
E-post: post@dabinfo.no

Alt vatn frå Gullfjellet går gjennom ein omfattande reinseprosess ved vassreinseanlegget i Moldalia, før det vert sendt ut på leidningsnettet til abonnentane. Ved normalt, gjennomsnittleg forbruk, renn det på årsbasis 15 millionar kubikkmeter drikkevatn ut frå Moldalia. Dette tilsvarar 500 liter i sekundet.

Før drikkevatnet har nådd så langt som til springane til forbrukarane, har det altså gått gjennom ein svært omfattande reinseprosess og ein nøye kvalitetskontroll.
Vassreinseanlegget i Moldalia er eit viktig og avgjerande punkt mellom råvatnet frå nedslagsfeltet i Gullfjellet og leidningsnettet som transporterer reint drikkevatn fram til forbrukarane i Bergen kommune.

Etter at drikkevatnet har passert reinseanlegget, kan forbrukarane vera heilt trygge på at det er reint vatn dei tappar ut av springen. Vatnet tilfredsstillar alle dei strenge krava som er sette til drikkevatn. Og skulle nokon av dei mange ulike kvalitetsverdiane avvika det minste frå normalen, går alarmen med ein gong – blant anna i Moldalia.

— Kvaliteten på Gullfjells-vatnet held ein svært høg kvalitet i høve til alle krav og standardar, både utsjåandemessig og hygienisk, seier fagdirektør for vatn- og avløpsetaten i Bergen kommune, Ivar Kalland.
— Og forbrukarane er også svært nøgde med kvaliteten. Det viser ei spørjegransking vi nyleg har fått utført blant byen si befolkning, seier han nøgd, og kan slå i bordet med solid dokumentasjon om det som prov.

95 prosent av innbyggjarane i Bergen kommune får i dag vatn frå den kommunale vassforsyninga. Vassverket i Gullfjellet åleine forsyner rundt 20-25 prosent av byen si befolkning med drikkevatn.
Innbyggjarane i heile Arna bydel, med unntak av Risnes/Trengereid-området - som får sitt vatn frå Risnes vassverk -, får vatnet sitt frå Gullfjellet. Vidare vert delar av Fantoft/Hop, heile Fyllingsdalen, Ytre Laksevåg, heile Loddefjord-området og delar av Ytrebygda bydel forsynt med det gode Gullfjells-vatnet. Dette er normalsituasjonen. Men resten av Bergen kan også koplast på dersom det skulle vera naudsynt. Det er laga tilkoplingspunkt fleire stader på leidningsnettet som gjer dette mogeleg.
Reinseanlegget i Moldalia er eitt av i alt seks reinseanlegg kommunen har ved alle sine vassverk.

— Det er stor forskjell på råvatnet som renn inn i anlegget, og på det reine vatnet som renn ut på nettet til abonnentane, forklarar Ivar Kalland. Han gjer sitt beste for å vera pedagogisk når han prøver å gjera alt det tekniske og vitskaplege forståeleg for folk flest. Det er nemleg eit høgteknologisk og teknisk avansert anlegg som skjuler seg i det nøytrale bygget oppe i Moldalia, som ligg om lag 150 meter lågare enn hovudbassenget, Svartevatnet.

I innløpskammeret til reinseanlegget vert kalk og CO2 tilsett råvatnet.
— Dette vert gjort for å gjera vatnet mindre surt (få rett pH-verdi), mindre aggressivt og for å sikra oss mot at det reine vatnet skal endra seg for mykje på reisa frå reinseanlegget og fram til abonnentane, underviser Kalland.

Neste stopp er sandfilteranlegget. Det er i alt seks sandfilterbasseng inne i bygget.
—Sandfilteret er bygd som eit 2-media hurtigsandfilter. Det vil seia at det ligg 300 mm antrasitt over 450 mm sand. I sandfilteranlegget vert mindre partiklar (skit i vatnet) haldne tilbake, slik at turbiditeten, som er eit mål på uklart vatn, vert forbetra, forklarar Ivar Kalland.

For å sikra den hygieniske kvaliteten vert vatnet desinfisert ved at det vert tilsett klor (natriumhypokloritt). Klorløysinga vert produsert ved anlegget i Moldalia ved elektrolyse av ei saltløysing (vanleg koksalt).
— Desinfiseringa skal mellom anna ta knekken på eventuelle bakteriar som måtte finnast i råvatnet frå nedslagsområdet i Gullfjellet. Kalken og kloren held vatnet stabilt fram til abonnentane, samstundes som det også hindrar at røyrleidningane rustar. Men ingen giftige kjemikaliar vert nytta i nokon av prosessane, understrekar fagdirektøren.

Siste stopp i Moldalia er tre basseng som inneheld det reine vatnet. Her vert vatnet kontrollert og målt. Og alle verdiar som skal ha det rette nivå og dei rette verdiane, vert kontinuerleg overvaka. I tillegg finst det fleire kontrollpunkt ute på sjølve leidningsnettet. I alt vert det teke om lag 1.500 vassprøver kvart år. Prøvane vert undersøkte for blant anna bakterieinnhald og ulike stoff i høve til krava i føresegnene for drikkevatn. Næringsmiddeltilsynet fører eit overordna tilsyn med vassforsyninga, blant anna ved kontroll av kommunen sine rutinar og kvalitetskontroll av drikkevatnet.
— Skulle nokon av verdiane avvika det minste frå normalen, går alarmen med ein gong, og rette tiltak kan setjast inn prompte, forsikrar Ivar Kalland.
Resultatet av alt dette er krystallklårt drikkevatn av svært høg kvalitet.

Kjeldene for Gullfjellsvassverket er Svartevatnet og Korlatjørn med sine tilsigsområde på om lag 12 kvadratkilometer. For å sikra seg mot at kvaliteten på råvatnet ikkje skal forringast, er det innført ein del restriksjonar i vasskjeldene og tilsigsområda til desse.

I tilsigsområda i Gullfjellet og ved Svartavatnet og Korlatjørn er det forbod mot bading, fisking og teltslagning. Dette for å sikra best mogeleg kvalitet på tilsigsvatnet og vatnet som alt er kome inn i hovudvasskjeldene. Gullfjellsområdet som turområde kan framleis nyttast så lenge publikum overheld desse reglane.
Området nedanfor Korlatjørn, elva og Osavatnet kan no fritt nyttast til både bading, fisking og til camping.


Drikkevatn frå Gullfjellet nr. 01


nr. 02


nr. 03
Områda markerte med grønt på dette
kartet synar kven i Bergen kommune som
år drikkevatnet sitt frå Gullfjellet.

Innbyggjarane i heile Arna bydel, med
unntak av Risnes/Trengereid-området - som
får sitt vatn frå Risnes vassverk -, får vatnet
sitt frå fjellheimen i Arna. Vidare vert delar
av Fantoft/Hop, heile Fyllingsdalen, Ytre
Laksevåg, heile Loddefjord-området og
delar av Ytrebygda bydel forsynt med
det gode Gullfjellsvatnet. (Kart: Bergen
kommune. Kjelde: Bergen kommune).