Kjartan Fløgstad i Ytre Arna
Tekst og foto: Georg Kayser
(20. oktober, 2005)

Det blei eit spennande møte med ein av dei mest sentrale nolevande norske forfattarane då Kjartan Fløgstad vitja Kulturhuset Sentrum torsdag kveld. 20-årsjubilanten Trengereidkoret stod for dei musikalske innslaga.

Arna Mållag hadde i samarbeid med Arna Folkeakademi greidd å få tak i den svært etterspurde forfattaren. For dei som hadde teke turen til Ytre Arna torsdag kveld, vart det ein minnerik kveld. Trengereidkoret var først ut. Av numra før Kjartan Fløgstad fekk sleppa til, gjorde særleg ”Eg ser deg utfor gluggen” eit godt inntrykk. Her viste koret at dei hadde sunge seg godt opp i løpet av dei par første songane. Publikum fekk seg dessutan ein god lott av hanegalinga som var lagt inn i nummeret.

Leiar i Arna Mållag, Dag Anton Boge, innleia foredragsdelen med å presentere litt av Kjartan Fløgstad si omfattande meritt-liste. Mellom anna kom det fram at forfattaren har heile 44 boktitlar bak seg i tillegg til ei mengd ulike artiklar og debattinnlegg. Første boka hans kom ut så tidleg som i 1968.Kjartan Fløgstad har i mange år delteke aktivt i måldebatten. Eitt av hovudpoenga hans er at målrørsla alltid har stått på folket og demokratiets side.
- Det som eg er mest oppteken av for tida er særleg to ting: For det første korleis den urbane vestkantskulturen nær sagt ved eitkvart høve freistar å hetsa nynorskfolket. For det andre er eg oppteken av det urimelege i mistenkeleggjeringa av målrørsla som ei nasjonalistisk rørsle, opna han med.

Gjennom anekdotar og referansar til ulike skrivne kjelder, fekk Kjartan Fløgstad tydeleg fram korleis kulturkonflikten mellom by og land opp gjennom åra har manifestert seg sterkt i språkstriden.
- Professor Hans Fredrik Dahl sin omgang med historiske tilhøve er mildt sagt lite tillitsvekkjande. Forsøka på å prova ein eller annan samanhang mellom nazismen og den motkulturen målrørsla stod for både før, under og etter krigen er heilt urimelege, slo den klårtalande forfattaren fast.

Mykje av Fløgstad sitt fordrag dreidde seg nettopp om å dokumentera kvifor både professor Dahl og ein del ande debattantar på høgresida tek så feil når det gjeld målrørsla sitt kulturelle og politiske fundament.

Det kanskje mest interessante i foredraget til Fløgstad var korleis han med sitt historiske utgangspunkt greidde å trekkja ulike historiske liner opp til måldebatten i dag. Mellom anna viste han til den måten Unge Høgreungdom i hovudstaden nær sagt har gjort det til ein kampsak å få vekk nynorskundervisinga i Osloskulen.
- Eg er ikkje i tvil om at den måten fleire vestkantungdomar brende eksamens-oppgåvene sine i nynorsk i 1999, står i ein klår historisk samanhang med bålbrennare som ikkje kan seiast å stå på demokratiet si side, påpeika forfattaren.
Dermed fekk han fram noko av hovudpoenget sitt, nemleg at det er målrørsla som står og har stått på demokratiet si side. Ikkje dei som hetsar nynorsken.


Kjartan Fløgstad


Kjartan Fløgstad og leiar i Arna Mållag,
Dag Anton Boge


Kjartan Fløgstad signerte villig vekk
bøker

Sjølv om Kjartan Fløgstad var oppteken av at nynorsken har vore mykje mobba av det han opplevar som høgresida i kulturdebatten, så var det mykje å gle seg over òg.
- Aldri har nynorsk litteratur stått sterkare enn i dag. Tenk berre på Jon Fosse. Dessutan har både TV2 og ein god del av dei lokale og riksdekkjande avisene mykje god nynorsk, slo Fløgstad fast.

Etter at forfattaren hadde svart på ein del spørsmål og innlegg frå salen, blei kvelden avslutta med eit knippe songar framførd av Trengereidkoret. Her merkte vi oss særleg den flotte versjonen av Mikis Thedorakis si vise, ”Ein song om fridom”. Det fine trekkspelakkompagnementet var med å gjera dette til eit av dei beste numra denne kvelden.

Arna Mållag må kunne seia seg nøgd med arrangementet sitt, sjølv om det nok hadde vore plass til endå fleire folk i salen på Kulturhuset.