Graffiti, Arna stasjon:
Undergangens katedral
Tekst: Erik Rodal
Foto: Dag Anton Boge
Eit skrik frå det djupaste av vår kultur!
Eit bortimot genialt uttrykk for vår kultur.
Jernbaneundergangen mellom parkeringsplassen ved Arna stasjon og Øyrane Torg er blitt ”tagga”, og resultatet har skapt diskusjon. Blant anna fordi ein har bede om det vakre, men fått det heslege.
Men la meg ikkje starta med det. Eg tek utgangspunkt i at grafittien som no fyller undergangen er kunst. Og spør kva det syner om vår kultur ut frå det synet at i kunsten vert ein kultur sitt vesen avdekka. Kva er ”sanninga dei set i verk” for å seie det med Heidegger i ”Kunstverkets opprinnelse” vi som etter FN si rangering av land etter ”livskvalitet” ligg som nummer 1.
Graffiti er store, stort sett uleselege, fargesprakande bokstavliknande figurar som er malt på veggane. Dei gjev oss opplevinga av å høyra eit skrik. Innimellom bokstavane står eit og anna ansikt som gjer denne opplevinga sterkare, samstundes gjev dei store, kraftige bokstavane som ungdommane har malt på veggane, eit uttrykk for både hovmod og styrke. Enkelte av dei kan virka som store matematiske formlar. Men også gjennom sin stort sett uleselegheit og uformelegheit gjev dei uttrykk for noko framand, tydingslaust, meiningslaust, ja, like fram fiendskap. Slik openberr dei store meiningslause orda og dei ubegripelege matematiske formlane vår kultur sitt vesen.
Den verda som naturvitskapen presenterer for oss heiter det jo hos Bertrand Russel er tom for einkvar meining, vanskapt og vanvittig. Slik bokstavane på veggane i undergangen er det.
Så vidt eg har forstått, var ungdomane bedne om å mala naturbilete, og slik eg ser det, har dei gjort det! Men ikkje naturen som ein heim for oss menneske, men naturen som objekt for menneskeleg erkjenning. Naturen slik naturvitskapen skildrar han, med sine matematiske formlar. Slik vitnar dei om heimløyse. Men bileta er ikkje noko innlegg i ein kulturdebatt, ei heller eit rop etter meining frå enkeltmenneske, dei er først og fremst eit skrik. Eit skrik frå botnen av ein kultur der ”Livet er ei historie fortalt av ein idiot utan meining”, som det heiter i eitt av Shakespeare sine skodespel. Det er eit skrik som vitnar om ei meiningsløyse som så og seia ikkje skulle finnast i vår kultur.
Slik eg les graffitien i undergangen, er den bortimot eit genialt uttrykk for vår kultur. Og dermed også for korleis det er å vera ung i til dømes Arna i dag.
”Hope is the only dope”.
Det er nettopp dette eg opplever er blitt malt på veggen, berre no langt sterkare enn før. Vonløysa, fortvilinga som ein ”sjukdom i ånden”, som Søren Kierkegaard skriv om i ”Sjukdommen til døden”. Eit skrik som ein heil underhaldningsindustri fåfengt prøver å døyva.
Vi møter i desse bileta eit skrik utan retning. Noko som blir forsterka ved at mange av bokstavane ender i ei pil; pilar som går i alle slags retningar, eit skrik etter å bli høyrt. Eit skrik som slår mot oss som knyttneveslag når ein går bortover i undergangen, men som manglar ei von om å bli bønnhøyrt. Den diskusjonen dei har ført til, har då også dreidd seg ikkje om kva dei formidlar men om korvidt dei skal målast over eller ikkje. Sidan bileta er malt i ein undergang kunne ein tru det er dei fordømtes skrik ein her ville høyra, men heller høyrer eg eit skrik som spring ut av at livet er betydningslaust, at det ikkje ein gong er verdt ein dom.
Og det er ved skjebnens ironi at det er blitt malt i ein undergang. Med dei tydingar som ligg i det ordet. Det er etter mitt syn den irreligiøse kultur sitt vesen som vert avdekke i undergangen. For kva skjer når Gud vert erklært for død, som i vår kultur. Det er ikkje at vi er endeleg frie, og kan gjera kva vi vil. Men det er at jorda vert ein stad utan von. Jorda vert så og seia Helvete, ein undergang. For Helvete er ikkje ein stad der ein vert kokt i olje, men Helvete er jo nettopp den staden der Gud ikkje er. Og finst ingen Gud, så er jo Jorda nettopp blitt ein stad der Gud ikkje er. Men finst ikkje Gud, kva anna blir mennesket då enn eit støvgrann i universet på veg mot øydelegginga. Kanskje eit tenkande og meiningssøkande støvgrann, men likevel eit støvgrann. Og vågar ein å tenkja denne tanken til ende, så er det vanskeleg å unngå å tenkja at alt djupast sett er utan tyding. Og at vi menneske er einsame og framande for kvarandre, slik mennesket trer fram i forfattaren Kjell Askildsen sine noveller.
Når ein går bortover undergangen, kan desse bileta i sin fargerikdom minna om glasmåleri i kyrkjer. Noko som vert understreka av at dei er malt på begge veggane i ein gang. I så måte kan ein sjå parallellar mellom undergangen og kyrkjeskipet i ei kyrkje.
På den andre sida av parkeringsplassen ligg Arna kyrkje. Men denne undergangen skil seg frå kyrkja ved at den er ei kyrkje utan håp, ei kyrkje utan himmel. Den lave takhøgda i undergangen er med på å understreka dette. Og går vi bortover undergangen, vert vi ikkje minna på at liva våre vår vandring her på jorda har eit mål, slik det er i kyrkja, der berre det faktum at vi sit vendt mot aust skal minna oss om at vandringa vår er ei vandring mot Paradiset. Ei vandring som gjev heile livet vårt ei evig betydning.
I undergangen skrik derimot meiningsløysa mot oss, og minner oss om kor betydningslause vi er, og det at undergangen endar i eit kjøpesenter, er berre med på å understreka dette. Undergangen fortel oss såleis at målet for liva våre må vera å døyva smerta over vår eiga betydningsløyse ved å kjøpa det vi treng for å skapa eit skinn av betydning, ein ytre personlegdom eit image.
Samstundes er det eit skrik over mangfaldet i vår kultur. Eit mangfald det ikkje er gitt nokon å koma vekk frå. Sjølv kyrkja utgjer jo berre her ei av mange røyster. Og nettopp denne ”desorienteringa” som den enkelte blir overlatt i, er vel kanskje som filosofen Levinas seier det: ”… ateismens moderne uttrykk”. Og det er både dette utydlege og mangetydige sjølv, og vonløysa og fortvilinga over den, som skrik mot oss i undergangen.
Slik eg les graffitien i undergangen, er han bortimot eit genialt uttrykk for vår kultur. Og dermed også for korleis det er å vera ung i dag. Eg skal vera med på at det ikkje er pent, men kunsten står ikkje berre i venleikens teneste, den står også i sanningas. Eg tykkjer dermed det ville vera tragisk om graffitien i undergangen i Indre Arna vert overmalt. Det ville i så fall vera det same som å kvela eit skrik som kjem frå det djupe i kulturen vår. Eg vil heller oppmoda folk til å stilla seg i undergangen og våga å sleppa dette skriket inn over seg.
|

Grafitti nr. 1

Grafitti nr. 2

Grafitti nr. 3

Grafitti nr. 4

Grafitti nr. 5

Grafitti nr. 6

Grafitti nr. 7

Grafitti nr. 8

Grafitti nr. 9
For kjøp av bilder, kontakt oss
på telefon eller e-post.
E-post: post@dabinfo.no
|