Fargerikt og eksotisk
Internasjonal Dag i Ytre Arna,
Kulturdagane i Arna, 2005
Tekst og foto: Dag Anton Boge
No er eg spent på korleis matrettane her vert mottatt. Vil dei falla i smak hos dei norske, trur du?
Huda Mohamed Said frå Eritrea kokte spennande og eksotiske rettar på kjøkkenet i Kulturhuset Sentrum då Ytre Arna Mottakssenter arrangerte internasjonal dag under Kulturdagane i Arna i vår.
Huda er politisk flyktning, tatt utdanninga si som lækjar i Russland, og er no busett i Ytre Arna saman med andre asylantar. Ho er heldig og får vikarjobbar på sjukeheimar no, men det har ikkje alltid vore det gode liv for den eritreiske kvinna som var forfølgd av politiske grunnar i heimlandet.
Kokkekunstane var det ingenting å utsetja på. Sjølv om det var uvante smakar for mange, fall rettane tydeleg i smak hos dei fleste. Ein fullsett sal fin blanding av utanlandske og norske gjestar - fekk ei minnerik smakfull kulturoppleving i tre timar då bebuarane på mottakssenteret heldt sin kulturelle sjarmørdugnad som ein lekk i programmet for årets kulturdagar.
Vi likar svært godt den norske maten, men vi tykkjer det er kjekt å få vist fram våre mattradisjonar også. Det er hyggjeleg at lokalbefolkninga set pris på maten vår, seier Huda Mohamed Said.
Eg kan trygt tilrå afrikansk mat, seier Arna-mannen Andreas Madsen i det han får servert nok ein porsjon med ein somalisk rett frå Degma Mohamod sitt heimland. I alt 20 ulike nasjonalitetar var samla på eitt brett i kulturhuset denne gongen, og forutan fargerike danseinnslag og spennande, eksotiske rettar, fekk ein høve til å verta kjent med mange av dei utanlandske bebuarane i Ytre Arna. Så vidt vi kunne sjå, vart det også knytta fleire internasjonale venskapsband denne dagen.
Arrangøren tykte det var flott at dei kunne bruka kulturhuset denne gongen, og ikkje berre halda omvisning på mottakssenteret slik det har vore tidlegare. I tillegg til alt det andre, var det også fotoutstilling i Kulturhuset Sentrum. Gjennom to månader hadde bebuarane med 50 eingongskamera dokumentert deira kvardag på mottakssenteret og livet utanfor. Av i alt tusen bilete var 44 av dei hamna på veggen under den internasjonale dagen.
|