Skjemaet syner avlaupsvatnet si ferd gjennom kloakktunnelen til pumpestasjonen og gjennom reinseanlegget til utslepp i Sørfjorden.
(Skisse: Bergen kommune)
Kloakktunnelen Indre Arna – Garnes
Bergen kommune (Ei reise i Arnas illeluktande indre)

Tekst og foto: Dag Anton Boge

Det er ikkje berre på overflata det yrer av liv i Arna. I Arnas undergrund skjer det også store ting – men kanskje ikkje så mykje liv, sjølv om det har førekome det også. Vi snakkar om kloakktunnelen mellom Indre Arna og Garnes i Bergen kommune.

Med fagdirektøren for vass- og avlaupsetaten i Bergen kommune, Ivar Kalland, som guide, la vi ut på omvisningstur i Arnas djupe, mørke og illeluktande undergrunn. Det er få som veit meir om kva som rører seg under beina på oss når vi fartar rundt i bydelen, enn fagdirektøren som har vatn og kloakk som sitt fagfelt. Arnamannen Ivar Kalland kan det meste om drikkevatnet vårt, og har samstundes full kontroll på det vi spyler ned i toaletta våre også. Det ligg ingenting perverst i dette, sjølv om etaten i ein brosjyre har som eit av sine slagord: ”Vi ser det du kaster i do!

Ivar Kalland peikar på at kloakksystemet, som vi er i ferd med å ta nærare i augnesyn, er ein viktig del av infrastrukturen i bydelen. Kalland har mellom anna som oppgåve å sjå til at dette fungerer som det skal.

Vår ”ekspedisjon” starta i kloakktunnelen som går frå Indre Arna, like ved Øyrane Torg, og fram til kloakkreinseanlegget på Garnes. Garnes kloakkreinseanlegg fangar opp kloakkutslepp frå eit område med rundt 11.000 personar og om lag 2.500 arbeidsplassar, går det fram av tal frå vass- og avlaupsetaten i Bergen kommune.

Kloakktunnelen frå Indre Arna til Garnes, som er ein viktig del av kloakksystemet i bydelen, er 3,2 kilometer lang, og samlar opp kloakk- og avlaupsvatn heilt frå Haukeland og fram til byrjinga av tunnelen ved Øyrane Torg. Kloakken går i røyrleidningar frå Haukeland i sør, via Lone, Espeland og Arnatveit fram til Øyrane Torg. Leidningsnettet her er om lag 11 km langt. Frå Indre Arna renn avlaupsvatnet i ei om lag 75 cm djup og 75 cm brei renne i tunnel vidare til anlegget på Garnes. Undervegs er då kloakk og avlaupsvatn frå så og seia samtlege husstandar og verksemder i Arna, samt alle avlaupskummane langs traseen, samla opp, for så å enda si ferd i kloakktunnelen i Indre Arna for transport vidare derfrå til reinsing på Garnes.

Før Ivar Kalland opna dørene inn til kloakktunnelen, hadde vi på førehand sett føre oss ein seig, tjukk, gjørmete, brun, tungtflytande og – ikkje minst – illeluktande masse. Vi var budde på det meste og verste då døra gjekk opp til bydelen sin kanskje største løyndom.

Men vår uro på førehand var ubegrunna, skulle det visa seg. Det lukta kloakk, sjølvsagt, men det var på langt nær så ille som vi trudde på førehand. Då auga våre hadde vent seg til det dunkle lyset i tunnelen, som svært få har sett, synte det seg ei overrasking i høve til det scenarioet vi med skrekk og gru hadde sett føre oss.

Som ein vårkåt fjellbekk i snøsmeltinga, rann kloakken i strie straumar gjennom tunnelen. Det vi legg frå oss i doskålene rundt omkring i bydelen, er såpass utvatna av friskt vatn frå dei tusen drenerings- og avlaupskummane langs vegane, at den illeluktande og seigtflytande massen vi hadde sett føre oss slett ikkje var så ille likevel. Det meste av det som vert spylt ned i toaletta var oppløyst.


“Vi ser hva du kaster i do”, heiter det i ein brosjyre frå Bergen kommune.
Biletet her syner at dei har full dekning for det dei seier. Blant mykje anna har både levande (!) fisk og gebiss hamna her på denne rista i reinseanlegget på Garnes.


I denne renna renn kloakk frå 11.000 menneske i Arna. Fagdirektør Ivar Kalland rynkar ikkje på nasen av det.


Reinseanlegget er fullautomatisert. Driftsleiar Oddvar Eide (t.v.) og fagdirektør Ivar Kalland sjekkar at alt er som det skal.


Kloakkreinseanlegget på Garnes ligg fint til utpå Garnespynten. Det reinsa kloakkvatnet vert ført ut på 70 meters djupn i Sørfjorden mellom Haus og Garnes.

Frå Haukeland i sør, der kloakken fram til Indre Arna går i røyrleidningar, er det bygd fleire pumpestasjonar som hjelper til med at avfallsvatnet renn trygt og sikkert fram mot målet. Den siste etappen frå Indre Arna til Garnes, renn kloakken friskt av seg sjølv i ei renne i botnen av tunnelen, før han endar opp under havnivået ved endestasjonen. Der vert han pumpa opp i sjølve reinseanlegget som ligg 9 meter over havet.

Inne i sjølve reinseanlegget er det overraskande reint. Lukta er slett ikkje ille, og den friske ”vårbekken” renn rolegare rundt i store kummar. I reinseanlegget passerer alt vatnet først gjennom to rister der det grovaste, uoppløyste materialet vert teke ut.

Dette materialet består mellom anna av det Kalland med eit skeivt smil om munnen kallar ”diverse underlivsprodukt”. Utan å gå særleg i detalj her, kan vi nemna at fagdirektøren då meiner uoppløyste ekskrement, damebind, kondomar og anna, så som steinar som har kome inn i systemet frå kummane langs vegane blant anna. Dette såkalla ristgodset vert komprimert i to komprimatorar og vert transportert til eigen container, og havnar til slutt på ei fylling ute i Nordhordland ein stad. Totalt utgjer dette avfallet om lag 30 tonn i året. Dette er massar som vert tilbakeført naturen, og vert på ingen måte rekna som forureinande.

Levande fisk
Sjølve anlegget på Garnes er til dagleg bemanna av ein person. Då vi besøkte staden, var det driftsleiar Oddvar Eide som var på vakt. På vårt spørsmål om kva som er det mest kuriøse han har sett vorten samla opp av rista som fangar opp framandlekamar, svarar han, med krav om å verta trudd:
— Ein sprell levande ferskvassaure på rundt ein halv kilo!
— Den må du lenger ut på landet med.
— Nei, det er faktisk sant. Eg trudde først at det var nokon som dreiv ap med meg, men eg var heilt åleine her på anlegget, så den fisken har på eit eller anna mystisk vis klart å koma seg inn i leidningssystemet vårt ein eller annan stad mellom Haukeland og Indre Arna. Utruleg, men like fullt sant, seier Oddvar
Eide, framleis med krav om å verta trudd på dette.
— Og denne fisken hadde du altså til middag den dagen?
— Nei, han gjekk nok same vegen som det andre ristgodset gjer, nemleg i den containeren der, fortel Eide og peikar på ein diger kum som inneheld det mest utrulege av det som renn i kloakksystemet vårt. Til og med gebiss har driftsleiaren opplevd å finna i anlegget på Garnes.

Drittjobb
Vi prøver oss med ein blødme:
— Det er retteleg ein dritjobb du har her?
— He-he. Har nok høyrt den der før, ja. Men nei, jobben er ok den, trass i all dritt og løgne ting eg ser, ler Oddvar Eide.
Etter at kloakkvatnet har passert denne rista, som altså fangar opp alt hums og grums frå Arna-doa, passerer vatnet vidare gjennom to kombinerte sand- og feittfang. Sand og andre tyngre partiklar søkk her ned, og vert pumpa over til ein sandavvatnar. Frå denne renn overskotsvatn til utlaupet og sanden vert ført over til ein container. Feitt og flytestoff stig til overflata der det vert skrapt av og ført til ein kum på utsida av bygget. Ristgods, sand og feitt vert henta og køyrt til slamhandsamingsanlegg andre stader i kommunen eller til nabokommunar.

Rett i fjorden
Det reinsa og filtrerte avlaupsvatnet vert deretter ført frå kloakkreinseanlegget til utslepp i Sørfjorden mellom Haus og Garnes, om lag 70 meter frå land og på 45 meters djupn. Rundt 10 millionar liter avlaupsvatn passerer gjennom reinseanlegget kvar dag.

Arnavågen, som er ein ømfintleg terskelfjord, og som før 1985 var mottakar av avlaupsvatnet, vart sterkt forureina som følgje av dette. Alle kloakkutsleppa gjorde sitt til at liv på botnen av fjorden vart utrydda, og store delar av fjordbotnen rotna. Når no kloakken er ført vekk frå Arnavågen, er vågen vorten om lag slik han ein gong var. I dag er det mogeleg å bada og fiska i fjorden.

Sørfjorden, som no får utsleppet, er ein djup fjord med god utskifting av vassmassane. Dette gjer at denne fjorden tålar mykje betre dei kloakkmengdene som vert sleppte ut her. Dessutan er reinseprosessen i våre dagar mykje betre enn kva som var tilfelle før. Difor snakkar ein heller ikkje om forureining.
Snarare er det eit naturleg krinsløp, slik som med alt anna elles i naturen, opplyser Bergen kommune sine to kloakk-representantar.

Fakta:
Byggestart: 1980
Sett i drift: 1985Kostnader 1980-kroner:
Tilførselssystem: 21 mill.
Reinseanlegg m/pumpestasjon: 19 mill
Lengde kloakktunnel: 3,2 km
Lengde tilførselssystem: ca. 11 km (frå Haukeland til Øyrane Torg)
Gjennomsnitt vassmengde: 400 kbm./time
Maksimal vassmengde: 1200 kbm/time