Delte meiningar om ny stordemning i Gullfjellet
Tekst og foto: Dag Anton Boge
For kjøp av bilder, kontakt oss på telefon eller e-post.
E-post: post@dabinfo.no
Grunneigarane i området har meir eller mindre resignert, Stiftelsen Redningshytten stiller seg likegyldig, medan Bergen Turlag er langt klårare i sitt syn, og er sterkt bekymra for at ei ny stordemning ved Svartevatnet vil rasera eit populært turområde innafor Bergen bys grenser.
Det er delte meiningar om den nye stordemninga ved Svartevatnet. Bergen kommune har planar om å gjera demninga dobbelt så høg som han er i dag slik at vasstanden i Svartevatnet vil liggja 15 meter over nivået i dag.
- Planane om å byggja ny, og større demning ved Svartevatnet har versert i mange år, og vi har forsona oss med at denne demninga mest truleg vert bygd. For bruken av redningshytta i Gullfjellet vil ikkje ei ny demning ha noko å seia. Vi har fått anlagt ein ny turveg som går utanom Svartevatnet opp til hytta, og vi vil ikkje verta berørte av ei eventuell ny stordemning, seier Kjell Pedersen i Stiftelsen Redningshytten.
- Pent blir det nok ikkje, men det er no ein gong slik at vi treng drikkevatn og må ta konsekvensane av det. Vi kan ikkje sjå at desse planane kjem i konflikt med våre interesser i Gullfjellet, seier Pedersen.
Sterkt bekymra
Grunneigarane i området har meir eller mindre resignert.
- Vi kan vel ikkje gjera så mykje med det. Vatn må dei jo ha, og det er ikkje så mange alternativ, har Steinar Larsen i grunneigarlaget med eit sukk tidlegare uttalt.
Miljøkonsulent Sølve Sondbø i Bergen Turlag er imidlertid heilt tydeleg i sin skepsis og motstad til ny og dobbelt så stor demning.
- Vi er sterkt bekymra fordi dette vil rasera eit stort og populært turområde for alle aldersgrupper. Eit stort landskapsområde ved Svartevatnet vil verta lagt under vatn, og det skal ikkje så stor fantasi til for å skjøna at dersom vasstanden vert auke med 15 meter, så vert det ikkje mykje att av dette landskapsområdet, strekar Sondbø under.
- Studerer vi Bergen kommune sine eigne tal og kalkylar, kan vi vanskeleg sjå at det skal vera behov for ei slik stor oppdemming av Svartevatnet, seier Sondbø.
- Kommunen burde heller sjå nærare på dei store lekkasjane i det eksisterande leidningsnettet, og heller gjera meir for å tetta desse. Gevinsten hadde vore stor om dei hadde gjort dette, og ei ny kjempedemning i Gullfjellet hadde ikkje vore nødvendig å byggja, seier Bergen Turlag sin miljøkonsulent.
Argusauge
Turlaget har i dag 19 000 medlemmer, og laget kjem til å følgja den vidare saksbehandlinga med argusauge. Miljøkonsulenten og dei andre i turlaget sin administrasjon kjem til å gjera det dei kan for å påverka prosessen vidare, lovar Sølve Sondbø.
- Vi ønskjer minst mogeleg av vidare tekniske inngrep i den naturperla Gullfjellsområdet representerer for innbyggjarane i Bergen og områda omkring. At grunneigarane i området ser ut til å ha resignert stiller eg meg undrande til. Og Stiftelsen Redningshytten si lettvinte haldning til saka får stå og falla for deira eiga rekning, seier talsmannen for Bergen Turlag.
Bergen kommune sine planar om ei vidare utbygging av vasstilførselen frå Gullfjellet vart først lanserte på slutten av 1970-talet, og har opp gjennom åra vorte trekte fram att med jamne mellomrom. No ser det imidlertid ut til at planane er meir konkrete enn nokon gang før. Prosjektet står oppført i Bergen kommune sin økonomiplan med gjennomføring i 2008-09.
Direktør for vann- og avløpsetaten i Bergen kommune, Ivar Kalland, meiner at arbeidet med ny demning kan ta til allereie om to år, og at demninga kan står ferdig bygd innan år 2010.
|

Gullfjellet nr. 01

nr. 02
Miljøkonsulent Sølve Sondbø lovar at
Bergen Turlag vil gjera det dei kan for
å påverka saksgangen.
Det er slett ikkje nødvendig med ei
ny kjempedemning ved Svartevatnet,
meiner turlaget.
|