Verablæs og Måltrastena:
Blinkskot frå småfuglar og musikalske ringrevar

Tekst og foto: Dag Anton Boge

- Dette vart ein intimkonsert nett slik vi likar å ha det, sa den profilerte Arna-trubaduren Alfred Kjerpeseth etter den vellukka konserten Verablæs og det muntre songkoret Måltrastena frå Meland heldt i ungdomshuset i Mjeldalen, Osterøy, søndag 15. januar.
- Det er heilt topp å spela for eit slikt publikum. Dess meir intimt, dess betre, glisar den gamle ringreven frå visenes verd.

Kjerpeseth og gruppa Verablæs sine ferder i vesterled og opphald på Orknøyane er den store inspirasjonskjelda for gruppa, og saman med nynorsk-koret Måltrastena utgjorde dei eit spanande konsept som så langt har vist seg å vera ein musikalsk og underhaldninsmessig suksess.

Konsertlokalet i Mjeldalen var fullsett; det vil seia godt og vel 50 tilhøyrarar som tydeleg viste å setja pris på den spanande musikalske samansetjinga. Og når publikum fekk servert Verablæs sin signaturmelodi – ”Verablæs (du fagre øy)” – i fullt ”komp” med Meland-koret, var prikken over i-en satt og publikum hadde gjennom ein og ein halv time fått nett det dei var komne for å oppleva; ei spanande musikalsk og ramsalt ferd med inspirasjon også frå norsk folkemusikktradisjon.
Måltrastena drog det heile i gong med deira ”signaturmelodi”, På Dialekt, der Ivar Aasen ikkje uventa hadde ei hovudrolle. Nevnte Aasen gjekk igjen i andre songar også.

Koret frå Meland – starta i 1997 med utspring frå Meland Mållag - hadde elles hovudsakleg satsa på melodiar av Geirr Lystrup. Tolkingane av hans viser og gjennomføringa av dei velkjende Lystrup-synkopane sat som velartikulerte blinkskot frå det unge, men stødige koret.
Men det var sjø og hav og reiser i vesterled, saman med vikingsoger og St. Sunniva-segner som var hovudingrediensane på konserten.

Verablæs består av røynde og gode musikarar, med blant anna fartstid frå Bergeners, Spindel, Fjøgl og Heimalanne. Det er i hovudsak Alfred Kjerpeseth som står for tekstane der Dagfinn Iversen har komponert musikken.
Musikarane i gruppa består, forutan Alfred Kjerpeseth, av Dagfinn Andersen (keyboard), Liv Merete Kroken, Inge Glambek (gitar), Tore Vabø (bass), Ingolf Torgersen og Jan Tore Ness (trommer/perkusjon).

Det er først og fremst Liv Merete Kroken sine feletonar som gjev Verablæs den musikalske identiteten og ”sounden” Verablæs har gjort seg kjent for, og saman med dei andre – like dyktige på kvar sine instrument – får vi alltid ein særeigen konsert. Når så Måltrastena kom flygande heilt frå Meland og slo seg ned saman på felles (gitar)strenger, vart det ein melodiøs, musikalsk rett som vi ikkje vart mette på. Dette vil vi ha meir av.

Konserten var bunden saman av vokalist Alfred Kjerpeseth på ein småhumrande og ledig måte som også prega konserten på ein positiv måte.
Kvar for seg er Verablæs og Måltrastena verde inngangspengane aleine. Men når vi får dei i perfekt samspel med låtvalet dei presenterte i Mjeldalen, vart dette ein heilt særeigen konsert som gruppa og koret ikkje hadde fått til kvar for seg. Konseptet er så spanande at vi håpar dei vil utvikla det vidare og halda fram med turné og konsertverksemd, og aller helst også gått i studio og nådd ut til eit endå større publikum.


Verablæs og Måltråstena nr. 01


nr. 02:
Alfred Kjerpeseth, saman med gitarist Inge Glambek og – ikkje minst – Liv Merete Kroken – på fele gav oss ein ramsalt konsert med frisk bris i segla. Saman med Meland-koret, Måltrastena, stifta vi kjennskap med eit spanande musikalsk konsept vi håpar å høyra meir til.


nr. 03:
Liv Merete Kroken på flatfele og hardingfele er ein viktig ingrediens i den særeigne og behagelege Verablæs-sounden.


nr. 04:
”Måltrastena”


nr. 05

For kjøp av bilder, kontakt oss
på telefon eller e-post.
E-post: post@dabinfo.no