Baronen på Haugland
Av: Endre Lilletvedt

I 1718 kom ein rik mann av tysk ætt til Haugland. Han likte det han såg og kjøpte like godt heile bygda. Det seiest at han eigde 99 gardar, men det var her han ville ha sitt hovudsete. Dette er soga om baronen på Haugland.

Det er ein vakker vårdag. Klokka er 11 om formiddagen. Eit par kvite skyer siglar roleg over himmelkvelvinga. Lufta er rein og klar etter ein liten regnskur på morgonkvisten. Ved eit tjørn står ein raudkledd mann og kastar ut mat til fiskane. Eit lite stykke nedanfor er fire karar i gang med å få ut gjødsel på bøen, medan det frå smia bortanfor fjøset høyrest jamne bankelydar av metall mot metall. Opp den imponerande alm-alléen gir lyden av hestehovar og vognhjul seg til kjenne. Ved sida av arbeidskaren med taumane sit ein velkledd herre. Han har på seg kvit blondeskjorte, vest, grå bukse og svarte støvlar. Bak i vogna ei mørkhåra kvinne og ei lita jente i raud kjole. Ho kan ikkje vera meir enn ti år gammal. Alle stoppar opp arbeidet og helsar. Damene neier, mennene på bøen viftar med lua eller nikkar gjenkjennande.

Året er 1723. Det er no fem år sidan mannen i vogna, Hans Kristian Gartner, kom til bygda. 42-åringen ser seg nøgd rundt, medan hesten med monotone skritt trekkjer det vesle følgjet mot det praktfulle gardstunet med hovudbygning, stabbur, vedhus og eldhus. I tunet byrjar prydtrea - lønn, alm, kastanje og hegg - så smått å vakna til liv etter vinterdvalen. Det same gjeld frukttrea nord for hovudbygningen. Alle stader registrerer han folk som jobbar. Bukkar, neier og jobbar vidare. Lengst bak ser han at snøen framleis ligg som eit teppe over Varegga. Men om ein månad eller to vil det ikkje vera ein kvit flekk igjen. Han har vore der mange gonger før. Frå fjelltoppen har han nytt den praktfulle utsikta over sitt vesle bygderike, Haugland og Gaupås (seinare fekk han også hand om halve Breisteinslid).

Etter båtturen frå Bergen til Ytre Arna, og den vesle ferda med hest og vogn, gler han seg til å tilbringa nokre velfortente dagar på landet. Forhåpentlegvis får han med seg at vipa gjer sin entré for sommaren, før han må returnera til pliktene sine på byskrivarkontoret i Bergen.
Ja, slik kan det kanskje ha vore ein vakker vårdag på Haugland for 281 år sidan, når mannen som på folkemunne vart titulert som «baronen» kom til bygda. Men baron var han ikkje. Det var det berre dei som eigde 100 gardar som kunne bli.
Til eit baroni følgde imidlertid visse militære plikter, og for å unngå desse ville ikkje Hans Kristian Gartner ha meir enn sine 99. Så fekk det heller vera at han ikkje kunne setja adelstittelen framfor namnetrekket sitt.

Hans Kristian Gartner var justisråd og byskrivar i Bergen. Han var gift med Abelone Lem, og saman hadde dei dottera Chatarina Johanne. Tre av bruka på Haugland opparbeidde baronen til herregard til seg sjølv. Resten fekk jordlause folk nytta, mest som paktarar og plassfolk. Gardsherren laga seg tre fiskedammar. Ingen av dei er synlege i dag, men mange i bygda veit godt kvar dei låg. Den eine var like framfor der skulen i dag står, den andre eit steinkast bortanfor, medan den tredje låg på garden som for to generasjonar sidan tilhøyrde Johan Kr. Haugland.

Det var på slutten av 1940-talet vi oppdaga fiskedammen. Då eg og han far var i ferd med å grava ei grøft nedanfor heimehuset, fann vi ei trerenna som hadde danna utlaup frå dammen. Treborda var godt tekne vare på, ettersom dei hadde lege i myrjord, fortel sonen hans, Håkon Haugland.
Det vert sagt at mannen som hadde oppgåva med å stella med fiskane, hadde ei raud drakt på seg når han mata dei. Når fiskane såg han, kom dei heilt bort til land for å få maten sin. Dermed var det berre for den raudkledde å ta fisken opp med håv, når baronen ønskte dét til middag.

Frå der skulehuset står og sør til Litleelva rann ein liten bekk på denne tida. Vatnet i denne skulle vera spesielt godt å koka te av. Bekken var imidlertid så liten at det var vanskeleg å få tak i vatnet. Dette vart løyst ved at dei skar av ei eiketønne, grov ho ned i myra og let vatnet renna opp i ho. Dermed var det lett å ausa vatn opp i bøtta. Denne myra vart kalla Te-myræ eller Te-tønneåkeren fram til nyare tid.
I Dalaskaret, som er mellom Beitelen og Svinhaugen, rann ein annan bekk. I denne henta dei alltid vatn til å vaska smøret i når dei hadde kinna. Denne bekken vart kalla Smørbekken. Ved elva som slyngar seg gjennom Haugland er ein haug kalla Nausthaugen. Det var bak denne baronen hadde naustet sitt.

Spor frå baronen si tid finn ein altså i den vesle bygda den dag i dag. Det mest synlege er kastanjetreet som står ved innkøyrsla til det som tidlegare vart kalla Jebsa-bruket. Det er truleg det einaste treet som er att etter den tidlegare godseigaren.
Dottera til Hans Kristian Gartner, Chatarina Johanne, hadde så dårleg helse at ho ikkje kunne ta hand om seg sjølv. Kva ho leid av, seier soga ingenting om. Ho var imidlertid så svak at baronen måtte finna folk til å ta seg av henne. Og han gjekk ikkje langt for å finna hjelp. Fullmektigen hans på skrivarkontoret, Didrik Adolf Justson Von Ely, tok på seg oppgåva. For «at oppholde og forpleie datteren hans, så lenge hun levde», fekk han heile Haugland og eit hus i Domkirkegaten i Bergen i kompensasjon. I tillegg vart han oppført som einearving etter henne.

Hans Kristian Gartner døydde i Bergen 2. april 1772. Ettersom hans einaste son døydde i ung alder, var det Chatarina Johanne som arva han. Ho døydde imidlertid sjølv berre to år etter faren, same året som Ely tok Anna Katarina Jørgensdatter Wiggers til hustru. Det var såleis ein god forretning han hadde gjort. Og det var ikkje berre rikdommane han overtok etter Gartner. Til liks med sin tidlegare sjef vart også Ely på folkemunne titulert som baronen på Haugland. Den nye baronen og frua hans var svært stolte av rikdommen sin. Det vart fortalt at dersom nokon av naboane gjekk forbi utan å helsa, fekk dei tilsnakk. Og ein gong fru Ely var i eit selskap i Bergen, tok ho gullringen av seg, kasta den ut av vindauga og i sjøen. Deretter sa ho: — Like umogeleg som det er for meg å få denne ringen att, like umogeleg er det for meg å verta fattig...
Ein fiskehandlar på torget fann imidlertid ringen, i ein sei han gjorde opp. Namnet til fru Ely var inngravert i ringen, og ho fekk han att. Seinare skulle det også visa seg at ho skulle få oppleva å verta fattig. Dei levde over evne, og det tok ikkje mange år før dei måtte byrja å selja av eigedomane sine.


Fakta/Hans Kristian Gartner

Hans Kristian Gartner vart fødd i Trondheim 12. oktober 1680. Han var først bergskrivar ved Lesja verk (1699). Deretter var han fullmektig på Rentekammeret i 1704, og i 1711 vart han byskrivar i Bergen. 22 år seinare vart han commerceraad, og i 1741 justisråd. Han gifta seg med Abelone Lem i 1712. Seks år seinare kjøpte han Haugland. I 1720 fekk han også hand om Gaupås, og sju år etter vart han eigar av halve Breisteinslid. Hans Kristian Gartner budde tidvis på Haugland. Det same gjorde «arvingane» hans, von Ely-slekta. Både Gartner og Ely var proprietærar, ettersom dei let jorda si driva dels ved leigd arbeidskraft og dels ved paktarar og husmenn.

(Kjelder for denne artikkelen er «Baron-soga», som er nedskriven av Johan Kr. Haugland (1890-1976), Statsarkivet i Bergen, munnlege forteljingar og Arna Bygdebok).