Bibliografi 2003

2003 gav Arna Sogelag ut ein bibliografi der stoff om
Arna er registrert. Stoffet er mellom anna henta frå
blad- og tidsskriftseriar, Statsarkivet i Bergen og
Bergen Byarkiv.

Føremålet med denne bibliografien er å gjeva Arnafolk og andre eit hjelpemiddel til å finna fram i det som er skrive om bygda i offentlege tilgjengelege skrifter og i dei viktigaste arkivsamlingane. I føreordet står det vidare at Arna Mållag sitt årsskrift Mål og Miljø er gjennomgått manuelt, og svært mange av henvisningane i bibliografien er henta frå dette årsskriftet. Nedanfor er gjeve eit oversyn over temagrupper, kor mange artiklar det er henvist til totalt for kvar gruppe, og kor mange av desse henvisningane som er til Mål og Miljø.

Henvisningar  
Tema:
Naturtilhøve og ålmenne emne
Arkeologi og kulturminne

Næringsliv:
a. Jordbruk
b. Industri
c. Handel
d Andre næringar

Samferdsel
Administrasjon og politiske tilhøve
Kyrkjelege emne
Skule og oppseding
Helse og sosiale tilhøve

Lagsliv og kulturarbeid:
a. Ålment
b. Idrett
c Song og musikk
d. Kristelege lag
e. Fråhaldslag
f. Ymse organisasjonar

Minne og attersyn
Mål og stadnamn
Personomtale og slektshistorie

Total henvisningar

totalt:
47
14


14
36
12
11

18
27
14
30
12


4
8
12
4
8
16

88
9
39

403

til Mål og Miljø:
16
6


8
7
3
3

9
3
5
8
1


3
3
16
0
2
11

62
4
24

184

Denne bibliografien syner klart kva betydning årsskriftet Mål og Miljø har hatt og framleis vil ha som eit lokalhistorisk skrift frå lokalmiljøet i Arna. Det er å håpa at årsskriftet Mål og Miljø også i åra som kjem vil koma ut, slik at lokalhistorie frå Arna , både frå gamal og ny tid, vert skrive ned for ettertida.

Skriftstyret.