By-ferdsle i eldre tider
Skrive av Marta Hildegunn Mjeldheim,
f
ortalt av Johannes Mjeldheim,
teikningar av Johannes Mjeldheim

Handel i byd’n har alltid vore nyttig og nødvendig for Arnafolk. Går ein litt tilbake i tid, var Arna ei jordbruksbygd der folk stort sett levde av det dei sjølv produserte på garden og fiska i fjorden.

Somme varer måtte dei likevel til byd’n for å få tak i: salt, såkorn, slipestein, brennevin o.a. I byd’n kunne dei også få vendt varer som dei sjølv hadde laga. Dette kunne vera mjølk, smør, rømme, kjøt og skinn. Hattlestavar var også ein lønsam handelsvare. Desse brukte bødtkerane til tønneband. Gardar som hadde mykje hattle-skog (Hasselskog), var difor svært verdifulle.

 

Dei fleste gardane hadde faste mottakarar, som dei vende seg til i byd’n. Mange har nok høyrt fine byfolk snakka om at dei venta på leveransar frå “strilen sin”. Varene leverte dei på døra. Slik hadde dei ein viss tryggleik for å få venda varene utan for mykje vanskar når dei kom fram til byd’n. Det var viktig å få med seg mest mogeleg av det ein hadde å venda når ein rusta seg til bytur. Med kipa på ryggen kunne dei få med seg mykje varer, og børa var gjerne tung.
I ferdaskrinet pakka dei rikeleg niste for turen, som kunne bli lang. Dette var gjerne flatbrød, spekemat og myse.

På denne tida fanst det korkje bilveg eller jernbane. Ferdselsvegen var difor over fjellet eller langs fjorden. Den kortaste vegen til byd’n, var å gå over Borgaskaret. Fram til slutten av 1700- talet gjekk den kongelege postvegen gjennom Langedalen til Mjeldheimstunet. Her finn ein framleis namnet Postle’ i bøgarden, som eit minne frå den tida. Vidare gjekk postvegen i vad over Storelva til Ådnagarden. Når dei skulle på byferd over fjellet, var det vanleg å fylgja postvegen frå Mjeldheim til Borgo, vidare gjekk dei om Borgatræ, gjennom Borgaskaret og ned Isdalen til byd’n. Dei gjekk framom gardane Hardbakka og Kobbeltveit. Desse gardane er no lagd under Svartediket, då denne vart demt opp til drikkevatn for Bergen.

Både kvinner og menn tok turen over fjellet når dei hadde eit ærend. Det vert fortalt om ein gong Marta Jensdotter Mjeldheim (1816-1887), var på bytur og fann ei slik nydeleg plante ved Stadsporten. Ho fortalde at ho aldri hadde sett ei slik fin plante med vide, flikete blad. Ho tok den opp med rot og bar den i forklelomma si over fjellet til Mjeldheim. Her planta ho den i Svinstræ, nedafor tunet. I dag har planta vakse opp til eit digert lønnetre og minst to mann må til for å famna rundt stamma.

Dei gjekk jamt over fjellet, trass i at det kunne vera ein farefull veg med røvarar som låg på lur. Dei gjekk fram og tilbake same dag og gjerne med tung bør på ryggen. Somme gjekk åleine medan andre hadde fylgje over fjellet. Dette kunne vera tryggare, ettersom dei kunne bli overraska av røvarar, som prøvde å rana ferdafolk for varer og verdisaker oppå fjellet. Martinus Rolland kunne ein gong fortelja om ei hending der min tipp, tipp, tipp-oldefar, Gregorius Mjeldheim (1777-1847), gjekk over fjellet og vart utsett for ein røvar. Gregorius var kjend for å vera svært sterk. Denne gongen hadde han kome opp Borgaskaret og litt inn på fjellet. Der hadde ein røvar lagt seg på lur, og før Gregorius visste ordet av det, fauk røvaren på han frå sida. Gregorius hadde tung bør, med ein kalveskrutt oppå kipa. Likevel greidde han å få tak i nakken på røvaren, slengde han over kipo slik at han datt i bakken og fall i uvit. Gregorius nytta forspranget, la i veg og kom seg trygt til byd’n med kalvaskrotten. Då han kom på heimveg, laut han sjå etter røvaren. Han var redd for at han ikkje hadde kome seg til att, og at han hadde gjort alvorleg skade på mannen. Men røvaren var ikkje å sjå verken då eller seinare i fjellet.

Somme varer vart det likevel for tungt eller uhamsleg å bera over fjellet. Ein gong eller to i året samla difor bøndene på gardane seg til byføring.
Bruka på kvar gard var saman om ein føringsbåt. Denne var utstyrt med årar, men dei kunne også setja opp segl dersom veret var lagleg. Føringsbåtane kunne variera i storleik, alt etter kor mange bruk det var på garden. Dei måtte ha nok folk til å ro og plass til varene! Husmennene hadde ingen eigedomsrett i båten, men kunne likevel få vera med om dei hadde noko dei skulle venda. Kvinner og barn var heller ikkje med på byføring.

Ei byføring varte gjerne i to dagar. Dei rodde inn den eine dagen og heimatt den andre. Når båten var lasta med varer som skulle vendast, og ferdaskrinet fylt med mat til niste for turen, kunne dei ta ut. Frå Arnavågen fylgde dei fjorden utover om Salhus. I Salhus var det gjestgjevarstad og ingen restriksjonar på skjenking, verken av øl eller brennevin. Her hadde dei fast stoggeplass. Dei måtte styrkja seg med ein tår eller to før ferda kunne gå vidare. Når dei utpå dagen kom inn til byd’n og hadde fortøydd båten, tok dei inn på den såkalla “Bondestuen”. Eit enkelt herberge inne i Vågsbunnen, der landsens folk som var på byferd gjerne overnatta. Her var det store sovesalar med plass til mange og enkle senger. Dei hadde tak over hovudet for natta. Mat og drikke hadde dei med seg, - og meir drikke var å få kjøpt i byd’n.

Dei vende varene dei hadde med seg, kjøpte det dei trong å skaffa seg frå byd’n, og kunne neste dag ta på heimveg med fullasta båt. Også på heimvegen var det vanleg å ta ein stopp i Salhus, der dei siste slantane gjekk med til ny kveik før dei tok fatt på siste etappe på heimvegen.

Det var fast at kvar bonde hadde med seg ein liten, og gjerne fint måla, dunk med brennevin frå ei byferd. Det vert fortalt at dunkane ofte lettna på vegen heim til Arna, men som regel fann dei fram til den rette båtstøa, om det kunne bli litt bauting. Det vert fortalt om ein husmann frå Ådna som var nokså utøyst på turen. Han nytta auskaret til drikkebeger på heimvegen, og kjende til sist ikkje skilnad på sjøvatn og anna drikke. Då dei kom til båtstøa gjekk han ut or båten på feil side. Heldigvis var det ikkje så djupt, så han greidde å entra seg etter båtripa opp marbakken og kom seg på land!

Dei venta gjerne til neste dag med å rydda føringsbåten på skikkeleg vis og henta varene heim frå naustet. Når dei kom til land etter ei slik byferd, var gjerne stemninga stor, og veddemåla sat laust. Det vert fortalt om ein gong bøndene på Mjeldheim hadde vore på byføring og kjøpt såkodn. Min tipp, tipp, tipp oldefar, Gregorius Mjeldheim (1777-1847), som eg har nemnt, var kjent for å vera ein uvanleg sterk mann, vart utfordra i veddemål ved naustet. Han skulle flytta ein kornsekk frå båten og inn i naustet etter tennene og med hendene på ryggen. Denne Gregorius hadde friske og sterke tenner i motsetnad til mange på den tida. Han greidde karstykket, bar sekken i naustet og vann alt såkornet. Dette gjekk det gjetord om i lange tider. Det vert fortalt at opplevingane kunne vera mange både på byferda og medan dei var i byd’n. Freistingane var store og tidene kunne vera utrygge.