Då Moldalia skifta fangar
Av: Kjartan Rødland

Politifullmektig Erik Dahlen sat på kontoret i det som hadde vore SS-gefangenenlager Espeland. 200 mann stod i kø utanfor, ein etter ein vart dei førde inn til politifullmektigen som kontrollerte fangekortet deira. På eitt av korta stod det farleg sabotør”. ”Og kva har De gjort?” spurde politimannen. Ingen ting, eg er heilt uskuldig!” svara fangen. Då var det at Dahlen såg opp frå papira, smilte lett og sa: ”De treng ikkje å nekta lenger. De er fri og kan gå kvar De vil!”. Så heilt lett var det ikkje å omstilla seg frå den eine dagen til den andre.

Dagen var 9. mai 1945. Politifullmektig Erik Dahlen hadde med seg ei lita gruppe opp til Espeland: Anton Chr. Meyer (”Bobby”, som elevane kalla han då han kom tilbake på sin rette stad som lektor), E. T. Eftestøl, Eirik M. Martsen og frå Heimefronten; G. Førsund, Ivar Eikemo (i mange år seinare kjend politimann i Bergen), H. Karlsen og O. Sveine. Dei visste ikkje korleis tyskarane ville reagera, så dei to konstablane Eikemo og Førsund køyrde i open bil til leiren, litt lenger bak kom Erik Dahlen og ein del Røde Kors-bilar med matvarer.
Men oberleutnant Sigmund, sjef for leiren, tok imot og overlet leiren til nordmennene. Dei sa at Eikemo og Førsund var så letta at dei ikkje visste om dei skulle le eller gråta.

Det var eit historisk skille, då dei 200 tyskarfangane kunne spasera ut porten til bilane som skulle føra dei til fridomen. For dei visste at brakkene og romma i det som var Espeland og som i dag er Moldalia, skulle få nye overnattingsgjestar. Ute gjekk fangetransportane tett. Tyskarar, NS-folk og andre som hadde skikka seg dårleg under okkupasjonen, skulle inn bak murane og piggtråden. Akkurat den dagen då fangane i Espelandsleiren vart frigjevne, var også den store dagen for fangetransportar inn til Bergen og Hordaland politikammer. Folk stod tett i tett rundt politikammeret, Tinghuset og Kretsfengslet i Bergen for å sjå dei nye fangane vandra inn portane der dei nyss sjølve hadde hatt makta. Dei fleste kom på lastebilar, men nokre kom også med båt:

 

”En aften kom det over tredve karer fra Sunnhordland. Der ble store forberedelser til å ta imot ”gjestene”, en hel bilkortesje var det fra Sunnhordlandsbåten og til Tinghuset (der Hordaland politikammer heldt til), hvor det var forsamlet en mengde mennesker som hujet og pep det beste de hadde lært.Ja, de var så ivrige at når vi endelig langt ut på natten hadde fått utskrevet arrestordrer på alle disse karene og skulle kjøre hjem, så ble vi utenfor Tinghuset utpepet vi også”, fortalde ein av politifolka ved Hordaland politikammer.

Alle ville ha landssvikarar og tyske krigsforbrytarar bak lås og slå så raskt det var råd. Men kvar skulle ein gjera av dei? I første omgang kunne ein bruka krinsfengslet i Bergen og hjelpefengsla rundt i fylket, men det monna ikkje mykje. Hordaland politikammer hadde fått hand om ein villa på Nygårdshøyden, og etter nokre dagar fekk ein også ta i bruk Eikelund skole i Fana. Men meir måtte til, og det viktigaste ein hadde til rådvelde, var dei tidlegare tyske leirane som no litt etter litt var tømte.

Den kritiske tida var i maidagane, då tusenvis av menneske vart arresterte. Dei hadde relativt pålitelege lister å gå etter, Heimefronten hadde gjort god jobb med å kartleggja kven som no skulle setjast inn. Men det var ein annan grunn også. Ein ville ikkje risikera at folk tok saka i eigne hender. Landssvikoppgjeret skulle vera eit rettsoppgjer, ikkje kaotisk hevn. Dei mest utsette var truleg dei som eigentleg ikkje hadde gjort noko gale – i alle fall ikkje noko straffbart – som til dømes tyskarjentene. Det var mange stygge eksempel på overgrep mot dei, og borna deira. Det viktigaste hjelpemidlet styresmaktene hadde, var å bruka reglane om å isolera menneske som kanskje bar på ein kjønnssjukdom. Så hadde ein i det minste fått seg litt omrømingstid. Hordaland politikammer fekk hand om den tyske leiren på Knappen i Fana, og gjorde han på kort tid om til ein brukande leir for varetektsfangar. På Voss hadde Rikspolitiet – svensketroppane – hand om ein tyskarleir som kunne brukast til fangar.

Men det ”beste” alternativet var utan tvil fangeleiren på Espeland. Denne leiren, som kunne ta eit par hundre fangar, var bygd som tysk konsentrasjonsleir og godt sikra med vakttårn, lyskastarar og piggtrådliner. Likevel var han i minste laget, for Espeland skulle ta imot fangar både frå Hordaland og Bergen.

Riksarkivet har i dag arkiva for Fengselsstyre, og korrespondanse, rekneskapar og fotomateriale i serie E, arkivstykke nr. 0057, mappe 3, og dessutan landssvikavdelinga, serie Da, arkivstykke nr. 0071, mappe 03 og arkivstykke 0104, mappe 02, serie Da, og arkivstykke nr. 0016. Litt kan ein også finna i arkiva frå Riksrevisjonen, for der kom reknskapa.
Arkiva er ”klausulerte” i 80 år, så fram til år 2035, må ein ha godkjenning frå Riksarkivet for sjå kva som finst i desse arkiva. Men Stiftinga som i dag tek hand om leiren i Moldalia, vil heilt sikkert finna mykje om dette ”andre kapitlet” i soga om Espeland fangeleir den dagen dei tek turen innover til Sognsvatn i Oslo og set seg til med mappene.

Det er ikkje så svært mykje vi veit om etterkrigssoga for Espeland fangeleir. Enno finst det menneske som var knytt til leiren, særleg i den første tida då det gjerne var Sverigesoldatar og Milorg-folk som vart kommanderte til vaktteneste i leiren. Dessutan lever det ein del av dei som vart innsette i leiren. Men det er ikkje så mange som har skrive ned minna frå denne tida, og litt etter litt går dei fleste bort.

Det er ei hending i etterkrigstida som vekte oppsikt. Det var den julikvelden i 1947 då ein flokk landssvikfangar tok seg ut i leiren, kom seg ut til Hjellestad, om bord i den vesle båten ”Solbris”, og via England (!), Spania og Tenerife tok seg over Atlanteren til Brasil, seinare til Argentina, der dei vart verande resten av si levetid. Heile landet stod på hovudet akkurat i desse dagane, og i månadane etterpå, då norske styresmakter prøvde å få rømlingane utleverte. Det fekk dei ikkje, derimot måtte statskassa betala utgiftene som Brasil hadde hatt med å halda rømlingane internerte. Ein av dei, Roald Astrup Nilsen, har skrive bok om eventyret, og dermed også litt om livet på Espeland. Men når sant skal seiast, har ikkje boka hans så stor sanningsverdi. Han ville helst gjera seg og kameratane sine til større heltar enn dei var – og for den del også større fangemartyrar enn dei var på Espeland.
Men korleis kunne ein heil flokk langtidsfangar koma seg ut frå ein ex-tysk konsentrasjonsleir ei sommarnatt?

Det er mange forklaringar på det, men kanskje den mest sannsynlege er det som gamle leirvaktar fortel. Sommaren 1947 var varm og tørr, og det var knapt med straum alle stader. Så hadde leirleiinga på Espeland fått ordre om å spara på straumen, og det gjorde dei ved å slå av lyskastarane! Det er ei morosam forklaring, men kanskje ikkje heilt sannsynleg. Straumkrisa kom for fullt på tidleghausten, og 3. juli var det nok så lyst at det ikkje gjorde så store skilnaden om lyskastarane var på eller ikkje.

Etterkrigssoga om Espeland fangeleir fell i to delar. Frå mai 1945 til 25. oktober 1948 var leiren i bruk for varetektsfangar, det vil seia landssvikarar i ymse kategoriar. Frå oktober 1948 var det utanlandske krigsforbrytarar som var på Espeland til soning av dommane dei hadde fått. Det høgste talet på krigsforbrytarar på Espeland var 59, i april 1949, fortel professor Anders Chr. Gogstad, som har gjeve ut ei solid bok om rettsvesenet etter krigen. Knappen fangeleir var varetekstleir frå 12. juli 1945, og gjekk i 1947 over til å verta yrkesopplæringsleir for kvinnelege fangar.

Det er vanskeleg å seia at fangane i dei første tre åra var særleg farlege. Storparten av dei var nokså vanlege NS-folk, ein del var frontkjemparar, og der var ikkje så lange straffa dei vart dømte til, og endå kortare tid dei sona. Dei fleste var sleppte ut då leiren endra karakter hausten 1948. Ut frå fangekorta i leiren verkar det som om vaktarane var mest redde for at nazistane skulle rotta seg saman. NS-redaktøren i Bergens Tidende hadde eit kort der det stod at han var ein mønsterfange, men at han dreiv NS-propaganda mellom medfangane. Dei få som ikkje slapp laus etter det store amnestiet i 1948, vart sende til yrkesopplæring, kvinnene til Knappen, mennene til Gulskogen ved Drammen – landet skulle gjenreisast, og det var stor mangel på faglært arbeidskraft.

Noko heilt anna var dei som rykte inn hausten 1948. Dette var dei store skurkane, dei tyskarane som hadde greidd seg unna dødsstraff for ugjerningane sine, men som var dømde til mange års fengsel. Løysinga vart at tyskarane etter kvart vart utviste til den ymse okkupasjonssonene i Tyskland, så 20. november 1951 vart Espeland lagt ned som fangeleir. No kom den tredje fasen – i dei mange åra då leiren vart bruk til Sivilforsvaret som fjernhjelpsleir.

Korleis hadde etterkrigsfangane det på Espeland? Det vart ikkje meldt om stygge tilfelle av overgrep mot landssvikfangane på Espeland. Slikt var det ein del av utover i landet, til dømes på Voss var det fangevaktarar som fekk straff fordi dei hadde slått fangar helselause med geværkolbane sine. Men dei første vekene etter frigjeringa var det så som så med stell og mat. På Ilebu – tidlegare Grini – kom dei ikkje opp i meir enn 800 kaloriar om dagen den første tida, og det er sveltekost. På den andre sida stod det ikkje så mykje betre til med folk ute i det fri heller.

Men det retta seg rimeleg fort, og etter ei tid var dei komne opp i det som skulle vera fangekosten, 2500 kaloriar om dagen for dei som ikkje arbeidde, 3000 for dei som arbeidde. Det var stort sett ”Grinilista” dei brukte i alle leirane rundt i landet, og matlista for leiren på Knappen har Hordaland politikammer teke vare på: 300 gram spekesild om dagen (eller tilsvarande i andre sortar fisk eller kjøt), 3 kilo poteter om veka, 1 liter suppe om dagen, 400 gram brød om dagen, 40 gram margarin, 200 gram sukker i veka, og ein liter graut, kokt på 160 gram havegryn eller tilsvarande. Det var nokså einsidig kosthald, men gav nok næring til at fangane kunne greia seg brukande. Dei fekk skriva brev, og dei fekk besøk no og då – men reglane var strenge: Var det ein fange som gav kona ein klem når ho kom på besøk, mista han retten til eitt besøk den neste veka!

I ettertid kan ein undra seg over at det var så mange mytar omkring fangeopphaldet. Dei som slapp fri, fortalde fantasifulle soger om hardt arbeid og sveltekost, dei ute skreiv i avisene og jamra seg over at landssvikarane hadde det som på sommarpensjonat i leirane, meir og betre mat enn folk flest, og lett arbeid som dei berre slurva unna. Begge deler er truleg like gale.

Dei fleste sat ikkje lenge inne. I juli 1945 var det knapt 14 000 som sat i varetekt, altså utan å ha fått endeleg dom, eitt år seinare var talet nede i knapt 3000, mens talet på dei som sat inne til soning, auka frå 2500 sommaren 1946 til 4500 eitt år seinare. Deretter minka det raskt. I Hordaland gjekk det endå fortare, 705 var arresterte like etter frigjeringa, men alt i september same året berre to hundre att i fengsel. Endå raskare gjekk det å tøma fangeleiren på Voss, og når det galdt tyskarjentene, var det berre ei einaste att på Knappen i desember 1945. Ho sat der fordi ho ikkje hadde nokon stad å reisa!

Kanskje er det moralen: Den tyngste straffa fekk fangane då dei slapp ut. Mange gjekk etter kvart i si grav utan å vera kvitt stemplet frå dei fem tunge åra.