Dampen som ikkje ville døy
Av: Vidar Lehmann

Det var godt vi ikkje visste kor mykje som måtte til den gongen for over ni år sidan då spørsmålet kom opp om å få M/S VAKA bygd attende til D/S OSTER.

Alt våren 1996 vart det laga ei prosjektskisse, der framdrift og kostnader var førde fram til dit innreiing og utrusting skulle starta. Merkeleg nok greidde laget å følgja desse rammene heilt til båten gjekk for eiga dampmaskin, og Gamle Dampen var attkjennande, i alle høve på avstand.


D/S Oster legg til kai på Garnes under
Nordsteam-festivalen sommaren 2005.
(Bildet er av lav oppløsning her. Kan
bestilles hos fotografen)
Foto: Dag Anton Boge

Den første oppgåva var å sikra D/S OSTER og gjera førebyggjande vedlikehald. At vi fekk kaiplass i Bjørsvik var her ei lukke. Eit anna viktig punkt var å koma tidleg i gang med dokumentasjonsarbeidet. Her gjorde særleg Erik Småland og Hans Kristian Bukholm ein verdfull jobb med innsamling, systematisering og arkivering av dokument, intervjustoff, film og foto.

Å sikra spor og ta vare på alt oppattbrukt materiell om bord, var ikkje mindre viktig, likeeins å etterlysa effektar som folk hadde sikra seg då D/S OSTER gjekk ut av rutefart og vart fraktebåt. Mykje var borte for godt, og då var det viktig å finna liknande tidsrett utstyr.
Utan dette dokumentasjonsarbeidet ville ein tildømes heller ikkje hatt von om støtte hjå Riksantikvaren eller andre offentlege gjevarar til slike kulturminne.

Den store utfordringa var å få tak i eit eigna dampmaskineri. Eit litt mindre, men elles veleigna oljefyrt maskineri vart lokalisert i Holland, rett nok med sveisa kjel. Diverre kunne ikkje Lloyd godkjenna kjelen for det trykket som trongst.
Dette var kanhende det mest kritiske punktet under restaureringa. Vi hadde sett oss inn for å koma til Dampskipfestivalen Nordsteam 2000 i kulturby-Bergen for eiga dampmaskin, og no såg det heller spøkje ut.

I siste sekund kom berginga. Det skal den alt då alvorleg sjuke, og stutt tid etter, avlidne Jostein Daltveit ha heile æra for. Han hadde og før nemnt eit svært veleigna dampmaskineri på ein opplagsbåt i England. No kom det opp att, og han la til og med halve kjøpesummen på bordet. Utan å kasta bort tid, reiste Tor Bjørgaas og hans drabantar av garde, kom heim att med avtale, reiste så sporenstreks attende og var med under demonteringa, både av maskineriet og mykje anna eigna materiell.
BNR Fjordline, ved Atle Kvamme og Oddvar Vigestad spanderte så heimtransporten av det sikkert meir enn 40 tonn tunge lasset som fekk lagerplass på Haakonsvern. No galdt det å koma vidare.

Etter at eit utruleg høveleg, komplett oljefyringsanlegg og diverse hjelpemaskineri var sikra i Holland, og andre kritisk viktige førebuingar var lukkeleg gjennomførde, starta ombygginga til dampbåt vinteren 1999/2000 hjå Andersen og Søner i Dåfjorden. Innspurten her var vel av det galnaste både verkstaden og dugnadsgjengen hadde vore med på. Men då dagen 3. august 2000 rann, kom D/S OSTER som siste båt i kortesja sigande inn på Vågen i Bergen. Seinvore gjekk det og rauk fælt gjorde det, ”men dar kom Dampen”.

Den merksemda prosjektet fekk under Nordsteam 2000 letta også det vidare arbeidet, så sjølv om berre fjerdeparten av totalkostnadene var unnagjorde, vaks det fram ei kjensle av at no var verste motbakken trødd. Det aller viktigaste var nok likevel at båten var den han var, og at minnet var halde i live av Medaas/Hammer sin kjende song.

Seinare har det gått slag i slag; ikkje utan problem, alltid med knappe marginar av tid og pengar, men i det store og heile i samsvar med årlege planar. Avbrote av korte sumardrift-periodar har båten seinare skytla mellom dugnadsinnsats, for det meste i Bjørsvik, verkstadarbeid på Mastrevik Mek og innreiing ved Hardanger Fartøyvernsenter. Eit stort arbeid er lagd ned undervegs for at innreiing og utrusting skal bli så nær som mogeleg det opphavelege.

Få eller ingen hadde rekna med kor omfattande og kostbart alt dette ville bli. Når D/S OSTER no blir erklært restaurert, har ein i reie pengar lagt inn om lag 12 millionar kroner. Til dette kjem 26 000 registrerte dugnadstimar, fleire årsverk i anna arbeid og ein ukjend, men sikkert sekssifra sum i gratisleveransar av varer og tenester. Med brei penn kan ein anslå at 45 – 50 prosent av pengane er komne frå det offentlege, med Riksantikvaren på førsteplass. Resten fordeler seg med 20 – 25 prosent eigne inntekter, og 30 – 35 prosent tilskot frå næringsliv, fond og private. Det vil her føra for langt å nemna alle som har vore med og hjelpt. Eg vonar dei fleste finst på ein messingplakett om bord. Endeleg vil eg nytta høvet både til å takka for meg i funksjonen som prosjektleiar og vidare takka alle som på den eine eller andre måten har vore med og drege lasset fram til der vi er i dag.

Målet for restaureringsprosjektet er nådd. No ventar driftsfasa, med sine utfordringar, nokre gamle og kjende, andre sikkert nye. Måtte alle som opplever D/S OSTER vera nøgde med at båten no er på plass att i sitt rette element.

(Arbeidet med å gje ut boka ”Dampen som ikkje ville døy” er i gang, og vil koma ut i 2006)