Dystert minne frå Gullfjellet
Av: Kjell Pedersen

15. april 2004 var det 70 år sidan den verste ulukka skjedde på Gullfjellet. I tett skodde styrta seks skiløparar utfor stupet frå toppen. Fire omkom, medan to redda seg på mirakuløst vis.

Den no 81 år gamle Gullfjellsveteranen Rolf Lambach var som sprek 11-åring med på redningsaksjonen og reknar seg i dag som den einaste attlevande av dei som opplevde denne redselsdagen.

Turmønsteret var annleis den gongen. Folk flest hadde ikkje bil, og det var vanleg å ta tog til Trengereid, gå over Gullfjellstoppen og fortsetja ned til Haukeland stasjon. På store utfartsdagar kunne det vera karavanar av folk over fjellet.
- Far min og eg hadde tenkt oss til Trengereid og over toppen den dagen, men så vart det tett skodde, og vi gjekk i staden av på Haukeland og fekk skyss til Osavatnet, fortel Rolf Lambach.
- Over Austlifjellet fekk vi problem med navigeringa, men kom oss vel ned til Redningshytta. Det var då vi høyrde ropa. Dei kom frå Kåre Telnes som hadde ramla utfor, men som hadde landa på ein knaus der han såg kameratane styrta utføre. Med den største varsemd kom han seg opp att og fekk hjelp av ein skiløpar til å koma seg ned til hytta.

Gullfjellskongen, Anton Berge, sette i gong redningsaksjon.
- Ei gruppe vart sendt mot toppen for å sjå om noko kunne gjerast der. Far min og ei gruppe vart sende ned mot Svartevatn. Der måtte eg bli verande att medan dei andre drog opp mot Glumregjelet og dei andre stupbratte fjellsidene, der dei fann dei fire omkomne. Dei var sterkt forslåtte og maltrakterte. Det var eit grufullt syn for ein 11-åring. Det gjorde sterkt inntrykk på meg. Klokka var no blitt 17.00, og eg sprang opp att mot Redningshytta for å melda frå om at dei fire var funne, fortel Rolf Lambach vidare.


"Gullfjellskongen", Anton Berge

Det høyrer med til historia at den sjette, Georg Rokne, fall 300 meter ned og overlevde. Han meinte at han fall i eit område med berre snø, slik at han ikkje vart trefft av fast fjell. Han sleppte frå det med mindre skader, og klarte å kreka seg ned til Trengereidfjorden etter mange timars slit. Den yngste av dei som omkom, skuleelev Frank Pedersen, var berre 15 år gamal. Dei andre var Severin Gjertsen, Håkon Austbø og Bjarne Vik.

Dei seks var på veg frå toppen til Middagsdalen då dei kom for langt til høgre. Kåre Telnes rente først. Han var godt kjend, og dei andre følgde etter. Men Telnes som fôr utfor, vart hengande på ein knaus og så dei andre styrta utfor eit 300 meters stup.

Varderekkja over Gullfjellet går eit stykke frå det høgste punktet der stupet byrjar. Likevel går folk flest bort til toppvarden. Derfrå er det berre eit par meter før stupet byrjar. Etter ulukka vart det sett opp eit høgt metallgjerde ved toppen. Det vart seinare brote ned av storm, is og snø. For nokre år sidan vart det erstatta med eit nytt gjerde, men også det har vanskar med å halda mot naturkreftene.