Espeland leir (Fangeleiren i Moldalia):

Då dei allmektige vart avmektige
Moldalia som fangeleir etter krigen

Av: Kjartan Rødland

Sommaren 1951 la ein flokk lett tilårskomne karar ut på bærtur til Osavatn. Dei tok oppgåva alvorleg, så då dei avslutta for dagen hadde dei med seg 38 kilo blåbær heim att – og heim att for dei var Espeland tvangsarbeidsleir i Moldalia.

Karane var tyske, og tusenvis av nordmenn kjende dei – litt for godt. Dei var krigsforbrytarane som vart flytta til leiren i Moldalia då tida for landssvikfangane var over i 1948. Den flinkaste av blåbærplukkarane hadde i lang tid vore kommandant på Grini – litt lat, men god til å arbeida når han ville, som det står i rapportane frå leiren.

Livet gjekk sin vande gang sommaren 1951, på Espeland og på Unneland. Folk hadde mykje å tenkja på no seks år etter krigen, og ikkje så reint lite å vera urolege for. Men det var få som miste nattesøvnen fordi dei hadde fangeleiren midt i bygda, endå ingen norsk fengselsinstitusjon hadde hatt ein slik flokk dødsfarlege fangar. ”Ti-åringane” – altså dei med dom på 10 års fengsel eller mindre – var alt sleppte lause og sende tilbake til Tyskland, no var det stort sett berre att dei med 15 eller 18 års fengsel, eller livstidsdom.

Her finn du ikkje berre kommandanten på Grini, men også eit par av dei mest kjende plageåndene derifrå. Her er det gestapistar frå Veiten i Bergen, Statsarkivet i Kristiansand, Misjonshotellet i Trondheim, til og med han som bar hovudansvaret for at 700 norske jødar vart drepne i Auschwitz.

Men bygdefolket var ikkje urolege. Dei tidlegare SS-folka som var fleirtalet av fangane i Moldalia hadde nok vore herrar over liv og død for nordmenn då dei sat med makta. Men som fangar var dei lydige og samarbeidsvillige, dei lengta heim til det krigsøydelagde landet sitt, og dei ville framfor alt ikkje gjera noko som kunne hindra dei i å få norsk nåde – og norsk utvising ut av landet. Utanfor piggtråden hadde folk lagt krigen bak seg, den nye kvardagen var det dei var opptekne av. Ein kan godt seia at folk gløymde bort krigsåra for ei tid, kanskje dei gløymde litt for mykje, det gjekk mange som sleit vondt etter krigsinnsats og fangetid, og som kjende at få brydde seg om dei.

Stiftinga Moldalia har ynskt å dokumentera alle fasar i tida frå konsentrasjonsleiren i Moldalia vart planlagt og bygd, til Sivilforsvaret overtok leiren til sine fjernhjelpskolonnar i 1952. Dette er noko av det materialet som er samla inn, dette i stor grad bygd på arkiva frå Bergens kretsfengsel/Espeland tvangsarbeidsleir slik dei er tekne vare på ved Statsarkivet i Bergen.

I ”Mål og miljø” 2004 er det ein artikkel som tek for seg hovuddraga i denne historia. Dette er meir detaljar, alle dei små og litt større bitane som til saman skapar historia. Og kanskje også meir forståing for miraklet i moderne norsk historie, atterreisingstida frå 1945 til slutten av 1950-åra.

 

Gunnar Stephansen frå Espeland på vakt i fangeleiren i mai-/juni-dagane i 1945. 60 år etter deltok han på minnemarkeringa i fangeleiren 8. mai 2005.

Dei nye fangane etter krigsslutt fekk betre behandling enn kva nazistane gav sine fangar.

7. mai 1945 om ettermiddagen var det klårt for alle at krigen var slutt, og at Noreg fekk fridomen att utan invasjon eller øydeleggjande krigshandlingar. 8. mai var dei første frie norske styrkane og det ”reine” politiet såpass godt organisert at arbeidet kunne ta til med å frigje fangane i konsentrasjonsleirar rundt i landet. Men to store oppgåver måtte ein ta fatt på med det same: Å få kontroll over dei tyske militære styrkane som var å finna overalt, og skaffa rom til dei som straks måtte arresterast, først og fremst norske nazistar og norske og tyske krigsforbrytarar. Det hasta med desse arrestasjonane, ikkje fordi storparten av dei var særleg farlege, men fordi ein framfor alt måtte sikra seg at ikkje folk tok lov og rett i eigne hender. Det hadde hendt i andre frigjorte land, og norske styresmakter i London og Stockholm hadde budd seg på at landet ikkje måtte få ”dei lange knivars netter”.

Av naturlege grunnar var det lite som kunne vera førebudd i så måte. Fengsla hadde ikkje kapasitet til å ta imot tusenvis av nye arrestantar, og det vesle som var, måtte ein reservera for dei farlegaste fangane, Gestapofolk og nordmenn som var væpna og krigsvane, som heimvende frontkjemparar. Det måtte mellombels løysingar til.
Det var mange tyske leirar som kunne brukast, dei konsentrasjonsleirane som no vart tømte, men også reine militærleirar. Militærleirane var brukande, men først utover sommaren og hausten kunne ein rekna med at dei tyske soldatane i større tal kunne verta sende heim til okkupasjonssonene i Tyskland.

I Hordaland var det desse leirane som kunne brukast:

  • Ulven militærleir, som i ei tid hadde vore brukt som fangeleir
  • Fangeleiren ved Fjell festning, ”Lager Felix”, som var den største, med plass til 700 – 800 fangar.
  • Knappen leir i Fana, som hadde plass for bortimot 300 fangar
  • Skulestadmo leir i Voss kommune
  • Espeland leir i Moldalia

Etter kort tid var det klart at Espeland/Moldalia, Knappen og Skulestadmo skulle brukast. Knappen sorterte under Hordaland politikammer, Skulestadmo vart driven av Rikspolitiet, altså heimvende ”svensketroppar”, og Moldalia under Bergen politikammer. Desse tre leirane kunne til saman gje plass for knapt 1000 fangar, og det rekna ein med var tilstrekkeleg. Når desse tre leirane vart valde, var det fordi dei var nye, og hadde ein standard som var tilfredstillande også for norsk fredsbruk. Om ein ikkje kunne greia å halda same standard som fengselsinstitusjonane før krigen hadde, så var det i alle fall mykje betre enn det tyskarane hadde hatt i sine fangeleirar under krigen.
Knappen og Skulestadmo vart avvikla etter rimeleg kort tid, dei vart brukte som varetektsleirar for folk som skulle ha sakene sine for retten. Soning av straffene skulle stort sett vera i andre leirar.

Moldalia var i bruk heilt til 1952. I perioden 1945-1948 vart leiren brukt som varetekts- og soningsleir for landssvikfangar. Frå 1948 til utgangen av 1951 vart leiren brukt til dømte utanlandske krigsforbrytarar, dei fleste av dei tyske, men også folk som hadde budd i Noreg frå mellomkrigstida, og som hadde gått i tysk teneste under krigen. Dei siste fangane av denne typen vart overført til Austlandet, nokre til fengsel, dei fleste til tvangsarbeidsleirane i Kongsvinger og Bjørkelangen (i Aurskog-Hølandområdet i Akershus). Deretter var det Sivilforsvaret som tok over leiren og brukte han for fjernhjelpkolonnene fram til leiren vart lagt ned.

Det tok kort tid å tøma leiren i maidagane i 1945. Alle dei norske vart sende heim dei par første dagane, men det var også nokre som vart att til midten av månaden, det galdt mellom anna mannskap på nederlandske skip, som tyskarane hadde internert i leiren. Der måtte det ordnast med heimreise før dei kunne frigjevast. Også ”Russarleiren” som låg like ved Moldalia var i bruk litt utover våren og sommaren, til dei russiske fangane kunne sendast heim. Det siste var ikkje så lett, for det var ein del russarar som ikkje ville sendast, nokre rømde og vart etterlyste av politiet – og faktisk ein del av dei greidde å halda seg borte så lenge at dei vart buande i Noreg resten av livet.

Leirane ved Moldalia
I store trekk vart leiren i Moldalia og russarleiren haldne som dei var heilt til Sivilforsvaret tok over i 1952, og ein kan derfor bruka papira frå 1952 til å få eit bilete av anlegget også i 1945.

I 1952 vart leiranlegget slik registrert av Haus kontrollnemnd (20. februar):
”Leiren har eit innhegna areal på 18.5 dekar leigd grunn, storparten utplanert. Av ymse bygningar er det i leiren i alt 13 med ei bebygd grunnflate på 4319 kvadratmeter oppført i tre i ei høgd, delvis med kjellar. Taka er delvis tekte med spon eller papp, bygningane er reiste i lett bindingsverk eller flakar. Det er 2 vakttårn og 1 maskinhus i betong. Leiren har trykkvatn frå eige vassbasseng, samt kloakkleidningsnett med septiktank.
Vidare er det i søndre leir – ”russeleiren” 3 brakker, den eine av dei særs ring.
Verdien sett etter vanleg omsetjing i tidsbolken 1. januar – 8. april 1940, med rimeleg omsyn til at bygningane er oppførde seinare. Høgste lovlege pris for brakkene med vatn og kloakk samt planeringsarbeid + grunnen for russeleiren er sett til kr. 205 705, brakkene i russeleiren til nedriving kr. 3000”

Ved slik taksering var det vanleg at ein brukte verdien frå den siste tida før den tyske okkupasjonen, altså i 1940-verdi, men justerte for det som hadde hendt seinare, slik at ein kom fram til ein verdi som var nokolunde rimeleg i 1952. Om ein skal gå vidare og rekna verdien om i dagens (2005)-kroner, kan ein multiplisera med 20, altså 4 – 5 millionar kroner i dagens verdi.

Prisen i seg sjølv kan verka låg for eit så stort område med så stor bygningsmasse tett inn til Bergen. Men det er to tilhøve som er viktige å merka seg:

  • I 1945 var Moldalia å rekna som typisk landsbygd, også om området låg nær tettstaden Espeland og riksvegen
  • Tyskarane hadde ikkje kjøpt området, det var leigd av grunneigarane, og dersom Staten ville ha full hand om anlegget, måtte dei løysa inn grunneigarane. Dessutan kravde Stephansen vel 38 000 kroner i erstatning fordi kloakken frå Moldalia gjekk ut i elva, som også var drikkevasskjelde, dette kravet vart ordna med eit forlik som gav fabrikken 15 000 kroner.

I tida då Moldalia var landssvikleir og tvangsarbeidsleir for krigsforbrytarar, var han halden nokolunde ved like – ikkje minst fordi mange av fangane var kvalifiserte til å utføra slikt arbeid – så leiren var ikkje til forfalls i 1952, men han var heller ikkje modernisert til moderne standard. Han var nærmast ”hermetisert”, noko som i dag er til glede i arbeidet med å bevara leiren som historisk minne.

Moldalia som fangeleir
Både i bemanning og utstyr vart Moldalia i dei første åra halde om lag som han hadde vore under krigen, men fangane var stort sett ikkje ”farlege”, så vakthaldet trong ikkje vera så dramatisk som i tyskartida. Litt annleis vart det ved overgangen frå landssvikleir til krigsforbrytarleir. I 1948 vart desse endringane gjorde (17. september 1948):

”I barakke 4, beboelsesbarakken, og barakke 5, sykestuen, settes gitter for alle vinduer unntatt ett vindu i hver ende av barakkene som stenges med lemmer om natten på grunn av at disse vinduer må være nødutgang i tilfelle brann. Det settes opp piggtråd mellom fjøset og vaskebarakken, mellom fjøset og leirens vestre hovedpiggtrådgjerde. Dette gjøres for å hindre fangene i å benytte det lite oversiktlige terreng bak fjøs og vaskebarakke. Samtidig vil det bli satt gitter i vinduene i badet som vender mot samme område. Inngangen til vakttårnene vil bli forsvarlig stengt og ny inngang opprettet på yttersiden av leiren. Depotet og sykestuen vil bli flyttet henholdsvis til barakke 1 og 5. Ingen fanger vil få adgang til nedre leir unntatt de som skal gjøre rent i administrasjonsbarakken. Disse fangene skal være ledsaget av vakt. Det vil bli oppsatt alarmklokke ved barakke 4, verkstedbarakken, porten og tårn 2”.

Slike tiltak var forståelege når leiren skulle ha ansvaret for 50 – 60 farlege krigsforbrytarar, som for det meste hadde fått livsvarig fengsel. Men i ”tyskartida” hadde ikkje Espeland rømingar som er verde å nemna. Sikringstiltaka skulle altså vera gode nok, men det hadde også å gjera med at dei tyske fangane var vane til å lyda ordre, same kvar ordren kom i frå. Dei fleste fangane som i 1952 vart sende austover, hadde ikkje refs på rullebladet.

Russarleiren
I dei fleste kjeldene er det tale om tre brakker i ”Russarleiren”, i ei kjelde er det tale om 5 – 6, men dette har nok å gjera med korleis ein vurderte bygningane der. I alle fall er det tale om to delar av sørlegaste brakke, ei midtbrakke og ei nordre brakke.
Etter krigen vart russarleiren brukt som tenestebustad for tilsette ved tvangsarbeidsleiren. Bygningane vart først rivne i 1952, og selde for rundt 3000 kroner til saman (dei to delane av sørlegaste brakke til saman om lag det same som summen for dei to andre).

Det interessante er at alle brakkene vart selde til nedriving, men med vilkår om at dei skulle brukast til oppføring av bustadhus, alle i Espelandsområdet. Det er altså truleg at tre bustadhus i området i delar er russarbrakker. Det er litt uklårt korleis det gjekk, men Bergen Fengselsfunksjonærers Forening fekk kjøpa brakker til bruk som hytter på eit ferieanlegg.

I 1952 søkte Haus kommune om å få kjøpa heile leiren i Moldalia, eller å få kjøpa eller leiga nokre av brakkene i leiren. Kommunen grunngav dette med at husnauda framleis var stor i kommunen, og dei trong Moldalia både som byggeland og bustader. Men Staten avgjorde likevel at Sivilforsvaret skulle få overta heile leiranlegget til sitt bruk.

Fredstidsbemanninga i Espeland tvangsarbeidsleir.
Arkiva frå direktøren ved Espeland tvangsarbeidsleir gjev eit brukande bilete av korleis bemanninga ved Espeland var ordna i dei første åra. Dei er rett nok sette opp litt forskjellig, men i hovudtrekk kan nok ei liste frå juni 1946 gje eit dekkande bilete:
1 inspektør (løn 5850 kroner i året), 1 vaktmeister (4250), 1 forvaltar (4250), 1 verksmeister (4250), 1 lege (3600 – det var nok deltidsstilling), 2 kontorassistentar (løn 2950 kroner, det var kvinner), og elles fengselsbetjentar og oppsynskvinner (leiren hadde både kvinnelege og mannlege fangar), og 30 – 40 fengselsvaktar. I eitt av dokumenta står det at desse vaktene var tilsette og løna av Bergens politikammer, og mens det i eitt dokument står at dei var løna med 225 kroner i månaden, står det i andre at dei fekk 13 kroner dagen.

I høve til eit fangetal som på det meste var rundt 250 innsette, var det altså relativt mange tilsette. Men mange av dei var vaktar på utekommandoane som leiren hadde, ikkje minst då mange landssvikfangar vart sende til Telavåg for å vera med i oppbygginga av den brende grenda. I den første tida var også mange brukte som ”fangeførarar”, når varetektsfangar skulle møta i retten i Bergen.
I alle fall kom det fram under den store røminga i juli 1947, ”Solbrissaka”, då inspektøren klaga over at han ikkje hadde nok vaktmannskap i Moldalia. Om det skulle vera sikkert nok, trong han eit par ekstra på kvar vakt, til saman 8, og det hadde han ikkje budsjett til.

I dei leiande stillingane var det ordinære fengselsfunksjonærar i leiren, dei andre vart tekne inn utan spesiell opplæring, og røynslene med dei kunne vera så forskjellige, i alle fall etter kvart som tilhøva vart meir avslappa. Det hende ikkje så sjeldan at dei måtte sparka vakter som ikkje gjorde jobben sin godt nok.
Tvangsarbeidsleiren var ein rimeleg stor og ”trygg” arbeidsplass, og det var ikkje heilt populært då alle tilsette vart sagt opp då tida som landssvikleir var over i 1948. Men dei fleste vart tekne inn att då avgjerda kom om at Moldalia skulle vera krigsforbrytarleir.

1945-1948: Espeland som landssvikleir
Den aller første perioden, då landssvikleirane vart like mykje brukte som ”sikringsstad” som fangeleir, hadde Moldalia bruk for alle dei 250 – 300 fangeplassane som det var forsvarleg å setja inn det, vart kortvarig. Ein stor del vart frigjevne etter kort tid, då tilhøva ute i samfunnet var så normaliserte at ein ikkje risikerte overgrep mot landssvikarane. Hordaland politikammer hadde fått sin leir på Knappen, og Espeland hadde same rolla for Bergen politikammer. Dei to politikammera organiserte fort sine landssvikavdelingar som kom i gang med etterforskningsarbeidet. Vi kjenner talet frå Hordaland: 3 politifullmektigar, 5 betjentar, 6 konstablar, 2 reservekonstablar og kontorpersonale. Bergen politikammer hadde ein større styrke.

Etterforskningen viste kven som det var nødvendig å halda i varetekt, og kven som kunne sendast heim og venta på oppgjeret sitt der. Stort sett heldt folk flest seg i ro og godtok denne måten å gjera det på, men i avisene var det ofte innlegg om landsvikarar som levde Herrens glade dagar mens andre, ”gode nordmenn”, hadde det vondt. I Moldalia måtte ein av dei to legane skriva rapport etter at ei avis hadde skrive om at ”finare” landssvikarar fekk betre medisinsk behandling enn andre. Legen laga statistikk som viste at det ikkje vart gjort skilnad etter kva sosial status fangane hadde.
Men det tok ikkje lang tid før dei fekk meir orden på sakene, og Espeland vart dels ein varetektsleir for dei som enno ikkje hadde vore for retten, og soningsleir for dei som hadde fått domane sine.

Ein rapport frå Espeland tvangsarbeidsleir hausten 1946 viste at på den tida var det 130 av 219 fangar som hadde fått dom og sat til soning, resten var i varetekt. 43 av fangane var under 30 år, resten over 30 av dei som sona. Dei fleste under 30 år var tidlegare frontkjemparar. Men det var også ein annan grunn til at dei skilde mellom dei over og dei under 30 år: No var arbeidet kome i gang med å gje yrkesopplæring, og her var det dei unge ein satsa på. I etterkrigstida var det ikkje så mykje spørsmål om å stengja ute dei som ikkje var verdige til å få seg arbeid, som å skaffa all den arbeidskrafta som ei kunne finna til gjenreisningsarbeidet. Her var landssvikarane ein arbeidsressurs som ein ikkje kunne sjå bort frå. At dei sona dommar på fleire år (24 av fangane hadde domar over 5 år) var på sett og vis ein føremon, for då kunne ein la dei få yrkesopplæring opp til 6 månader. I Bergensområdet var det Knappen leir som sette i gang slike yrkeskurs: Skomakarar, skreddarar, hand- og benkesnekkarar, tømrarar, smedar og sveisarar, malarar, forskalingssnekkarar, betong- og jernbindingsarbeidarar, murarar, kokkar og stuertar, elektrikarar og blikkenslagarar.

Også den reine arbeidskrafta til fangane var det viktig å bruka, derfor vart det stadig fleire utekommandoar. Mykje gjekk på tømmerhogst, vegarbeid og liknande, men også gjenreisningen i Telavåg var prioritert – og i 1936 var det 25 fangar som melde seg frivillig til arbeid i Finnmark.

Oversikten frå Moldalia over innsette viste også at dei ikkje hadde nokon fangar i dei farlegaste gruppene, torturistar, kriminelle landssvikarar, grove statspolitifolk og folk som hadde tent det tyske sikkerhetspolitiet. Likevel måtte dei bruka strenge tiltak – fangar som var under etterforsking, og som kunne påverka bevisføringa, vart sette på ”lenken”, dei små cellene som tyskarane brukte, og som hadde eit så ille rykte i krigstida.

Ei gruppe merkar ein lite til i Moldalia: Tyskartøsene. I rapportane frå Knappen er det vist til at det er ei rimeleg stor gruppe av slike jenter, men for det meste er dei sleppte fri ut på sommaren. Det er berre isolasjon av jenter med kjønnssjukdomar som varar litt lenger. Faren for overgrep mot jentene minka etter kvart, og ein del gifte seg og flytta med sine tyske ektemenn til Tyskland – dei mista sitt norske statsborgarskap når dei gjorde det, og det skapte tragediar både for dei og borna seinare.

Levekåra for landssvikfangane
Moldalia måtte stort sett brukast slik tyskarane hadde forlete leiren, fangetalet var nokolunde det same som i krigstida. Noko godt liv var det ikkje, men det var heller ikkje så mykje verre enn for folk flest. I kosthaldet brukte ein ”Ilebu-reglane”. På Knappen finn ein dette regulativet: 300 gram spekesild om dagen (eller tilsvarande av annan fisk eller middagsvarer), 3 kilo poteter i veka, 1 liter suppe om dagen, 400 gram brød om dagen, 40 gram margarin, 200 gram sukker i veka, 1 liter graut, kokt på 160 gram havregryn eller tilsvarande. Stort sett skulle det vera nok til å dekkja det grunnleggande behovet for vaksne menneske. Men det var nok magert, for då ein noko seinare auka matrasjonane, merka ein at arbeidsinnsatsen til dømes i skoghogst vart ein god del betre. Likevel: Samanlikna med kosthaldet under krigen var det sjølvsagt mykje betre.

Reglementet for fangane vart svært strengt den første tida, sjølv om praksis etter kvart vart lettare. I juni 1945 var reglementet dette:

  1. Fangene tillates ikke å motta besøk
  2. Fangene tillates ikke å motta eller sende brev, med mindre livsviktige forhold gjør det nødvendig. Telefonsamtaler med fangene er forbudt.
  3. Fangene kan tillates å motta nødvendige toalettsaker og klær. Hvis anstalten har for lite sengetøy, kan fangene tillates å motta sengklær (sovepose) i den utstrekning det er behov for det. For øvrig tillates det ikke fangene å motta pakker.
  4. Tobakksrøkning er forbudt. Annen bruk av tobakk kan av vedkommende ansvarshavende tillates i rimelig omfang.
  5. Aviser tillates ikke. Annet lesestoff kan overlates fangene, hvis det hensiktsmessig kan skje.
  6. Hvis det lar seg gjøre, bør fangene få lufte 1 time daglig og få et bad hver uke.
  7. Disse regler er midlertidige og vil bli avløst av andre så snart forholdene tillater det.

På mange måtar var reglane like strenge som dei hadde vore for nordmenn i tyskartida. Det hang saman med at deira saker stort sett var under etterforsking, og det var viktig at dei innsette ikkje fekk høve til å ha kontakt med andre før bevisa var sikra – fangane sat på mange måtar på same vilkår som varetektsfangar med brev- og besøksforbod i dag. Men dei kunne ofte verka umenneskelege, til dømes ved dødsfall eller alvorleg sjukdom i familiane til fangane. Arkiva har ein del slike saker. Men reglane vart smått om senn mjuka, og framfor alt vart reglane praktiserte meir liberalt. Til dømes vart det slik at fangane fekk lov til å senda eit brev på ei halv side kvar veke og eit brev på ei side kvar fjortande dag. Det viktigaste var likevel at ”ufarlege” fangar som ikkje kunne påverka sakene sine, vart sleppte fri og sett inn til soning når dommen (eller fengselsforelegget) var klart. Stort sett gjekk oppgjeret temmeleg fort, det var få saker att i 1947.Regelen var også at landssvikdommane oftast vart halverte med det same, og mange fekk også nåde ein god del tidlegare. Det er grunnen til at Espeland som landssvikleir kunne nedleggjast alt i 1948, dei få som då var att, vart sende til Ilebu (Grini) eller Gulskogen ved Drammen.
Dette med eigne klær og sengetøy var ein realitet, for i heile landssviktida hadde Moldalia altfor lite av det fangane trong, og det som var, var utslite og fillete. Leiren fekk rett nok ein god del tysk og russisk (!) uniformstøy.

Disiplin og røming
Landssvikfangane var stort sett greie å ha med å gjera. Ein viktig grunn var at det å koma til Espeland leir var mildare straff enn å sitja i fengsel. Fangane som kom til leiren, måtte skriva under ei slik fråsegn:
”Undertegnede er i dag overført fra Bergen kretsfengsel til Espeland tvangsarbeidsleir og er klar over at dette er en begunstigelse og en tillitssak. Jeg forplikter meg til nøye å følge det gjeldende regelement og gir mitt æresord på at jeg ikke skal rømme eller på noen måte forsøke å unndra meg straffen”.

Så mange rømingar vart det heller ikkje. I 1945 var det ein som rømde frå leiren, to frå utekommando, i 1946 to frå leiren og ein frå utekommando.
Det ser ut til at det først og fremst er unge frontkjemparar som ikkje brydde seg om æresordet, dei ville gjera seg til heltar ved å koma seg vekk frå leiren (endå alle vart tekne etter kort tid). Det store og berømte unnataket kom sommaren 1947, i ”Solbrissaka” som vart den store mediesaka. Ei gruppe fangar, fire i talet, greidde med hjelp utanfrå å koma seg ut av leiren, til Hjellestad, der dei hadde fått tak i ein båt, den vesle ”Solbris” og så tok dei seg via Spania til Sør-Amerika, der dei vart verande resten av livet, saman med andre naziflyktningar frå Europa – det var Argentina som tok mot dei.

Sjølve røminga og lagnaden deira seinare er ei sak for seg. Men det var utan tvil ein skandale at dei kom seg så lett ut av leiren, utan at nokon merka det. I rapporten frå inspektør Koppang er det ei klår skildring av det:

Torsdag 3. juli1947 kl. 19.15 reiste jeg med bil fra Espeland til Knappen. Da vi på tilbakeveien kommer til Heldal møter vi bilen fra Espeland med verksmester Carlsen som i mitt fravær er ansvarshavende. Klokken var da ca. 23.00 Jeg stopper øyeblikkelig og Carlsen forklarer at fire fanger har klippet hull på piggtrådgjerdet og rømt. Disse fire var Sofus Kahrs, Arne Hafstad, Olaf Håvardsholm og Roald Astrup Nielsen. Telefonledningen var også kappet og politiet derfor ikke varslet.

Etter å ha kontaktet politiet reiste vi tilbake til Espeland hvor alle biler ble sendt ut i forskjellige retninger. Etter en stund kom overbetjent Åsbø med 3 biler, 8 politifolk og 3 sporhunder. Hundene ble straks satt på sporet. Etter å ha reparert piggtrådgjerdet og satt ut ekstra vakter ble fangene nok en gang kontrolltellet.

Den ansvarlige vakt i leiren ble av meg gitt beskjed om å skrive rapport. Hans forklaring er i overensstemmelse med rapporten og viser at han ikke har handlet etter ordre, men vist en utilladelig sløvhet i tenesten. Han ble øyeblikkelig avskjediget. De to vakter som hadde vakt henholdsvis i port og tårn hadde intet sett eller hørt. Vakten i tårn 1 da piggtråden ble klippet er oppsagt med 14 dagers varsel. Vaktmesteren ble ikke varslet før mellom 21.30 og 22.00. Han slo da alarm og foretok ny telling samtidig som leirområdet ble undersøkt og hullet i gjerde funnet.

Jeg har også avhørt de fanger som bodde sammen med rømlingene og også de som daglig arbeidet sammen med dem, uten resultat. Etter de undersøkelser som er foretatt siden viser det seg at minst en mann, Hafstad, ikke har gått gjennom piggtråden, men antagelig hoppet ut av kjøkkenvinduet i vaktbarakken hvor han arbeidet, og deretter enten krøpet under gjerdet eller klatret over dette.

Dog vil jeg bemerke at slik som forholdene er i dag, med så mange vakter på utekommando er det vanskelig å avse tilstrekkelig styrke til sikringsvakten. Skal denne bli helt effektiv, burde det settes inn to mann på hvert vaktlag, altså til sammen 8 nye vakter. Dette lar seg ikke gjøre med de bevilgninger som nu er.

Ein av dei andre fangane meinte at han hadde fått lovnad om å verta sett fri om han fortalde det han viste om røminga. Det inspektøren hadde sagt, var at opplysningane hans kunne telja med i spørsmålet om å få permisjon, og inspektøren vitna om at opplysningane frå denne fangen sannsynlegvis var det som førde til rømningen så fort vart oppklart. Men rømlingane såg dei aldri meir noko til.

Det var altså ingen tvil om at vakthaldet var slappare etter eit par år. Det finst også ein sak om ein fange som ringde til slektningane sine frå leiren. Han gjorde reint i ei mannskapsmesse og ingen passa på, så han brukte tenestetelefonen der til å ringja ut.
Eit anna problem var dei halsstarrige nazistane i leiren som påverka dei andre til motstand og uvilje – dei sjølve meinte at dei gjorde ikkje anna enn å halda trua oppe for dei som no ”leid” for sin ærlege overtyding. Det problemet løyste dei ved å senda dei vrange til Ilebu, der dei kunne gjera mindre skade. Ein av desse var ein NS-ungdomsleiar og frontkjempar, som i 1945 hadde greidd å røma til Sverige og først vart teken eit par år seinare, og ein framståande NS-redaktør med 6 års fengsel.

Elles var både landssvikarar og anna folk grundig lei av krig og nazisme, og gav gjerne æresord med å få koma til Moldalia i staden for å sitja i fengsel. Av og til kunne fridomen få komiske utslag. Eit par fangar fekk lov til å dra til Espelandshallen på ”marknad” saman med ei vakt. Det gjekk ikkje betre enn at fangane drakk seg stup fulle på karve-brennevin som dei hadde med seg, og både dei og vaktaren vart tekne hand om av politiet fordi dei bråka så fælt!
Det hende og at kvinner drog opp til leirgjerdet for å få kontakt med dei innanfor – og dei måtte svara for seg når vaktarane fann dei.
Men så var det slutt med landssviktida, og 25. oktober 1948 var leiren tømt.

1948-1952: Leir for dømte krigsforbrytarar
I 1948 bestemte Fengselsstyret at Espeland inntil vidare skulle nyttast som soningsanstalt for utanlandske krigsforbrytarar som skulle sona fridomsstraff i Noreg. Dermed måtte dei landssvikfangane som sat i Moldalia overførast til Hustad tvangsarbeidsleir (den same leiren som seinare vart sivilarbeidar/militærnektarleir). Dei landssvikfangane som skulle løslatast i nærmaste framtid skulle overførast til Bergen kretsfengsel før dei slapp fri. På denne tida kom amnesti i tillegg til halvert soningstid, og dermed var det svært få fangar att da Espeland vart nedlagt. (Den siste av landssvikfangane, ein av Quislings tidligare ministrar, vart sitjande til kong Haakon døde i 1957).

Etter den oversikta ein hadde, rekna ein ned at Espeland/Moldalia på det meste skulle ta imot 50 – 60 utanlandske forbrytarar.
I 80 år, det vil seia fram til rundt år 2035, vil personopplysningane i leirarkivar vera klausulerte. Men det kan ha interesse å sjå kva for ”prominente” krigsforbrytarar som vart overførde til Moldalia – dei kom fra alle delar av landet, Moldalia vart sentral institusjon for desse forbrytarane, for det aller meste gestapistar, og med få unntak også tyske, sjølv om det var ein del austerrikarar og nokre som hadde kome til Noreg lenge før krigen.

  • Ein var den toppsjefen i Sipo/Gestapo som leidde arrestasjonane og deportasjonen til Auschwitz av rundt 700 jødar i 1942 (av dei overlevde 25)
  • Tre var dei mest kjende fangevaktarane på Grini, inklusive leirkommandanten
  • Ein var Gestapo-mannen i Bergen som leia opprullinga av Saborg-gruppa i Bergen hausten 1944, der to vart slått i hel og dei fleste torturert
  • Fleire hadde tenestegjort ved Gestapo i Trondheim, som opererte saman med Rinnan-banden
  • Ein var Gestaposjefen i Kristiansand, og dermed leiar og ansvarleg for mishandlinga som gjekk føre seg der

Ingen hadde domar under 15 års fengsel, de fleste var dømt til livsvarig fengsel, ein var dødsdømt, men benåda til livsvarig fengsel.

Det var altså ei fryktinngytande fangegruppe som no gjorde inntog i fangeleiren i Moldalia, og leirleiinga hadde all grunn til å setja i verk dei strengare tryggingstiltaka som vart gjennomførde.
Men det viste seg at det vart svært få problem med dei nye fangane. Ingen rømde, og då dei vart sende austover då leiren vart avvikla i 1951-52, var det svært få som hadde fått refs eller åtvaringar. Dei fant seg i lagnaden sin, og dei vart behandla svært menneskeleg. Etter kvart auka tilliten slik at dei vart sende på utekommandoar. Til dømes er det vist til at ei gruppe fangar i 1951 vart sendt på blåbærplukking ved Osevatn. Dei kom heim med 38 kilo bær, og var godt nøgde med ”utflukta”. Ein av dei var den tidligare Grini-kommandanten, som fekk attest for at han nok var flink, men svært doven av seg.

Dei problema ein hadde, var at dei prøvde å smugla ut brev. Ein av dei var Gestapomannen frå Bergen, som skreiv brev til si tyske kone, eit langt brev som var kjemisk fritt for politikk, men til gjengjeld fullt av lengsel og kjærleik. I brevet skreiv han at ”lørdag drømte jeg om at jeg var kommet tilbake og at dere alle satt til bords hjemme, jeg stod ved vinduet. Det var allerede sen kveld. Plutselig reiser du deg, kjæreste Elly, og sier: ”Jeg går nå til sengs med Hans, jeg er så het at jeg ikke kan vente lenger”.

Det var ikkje slike brev som truga rikets sikkerhet! Brevet vart funne, og mannen fekk åtvaring. Viktigare var det at han røpa korleis smuglinga gjekk føre seg: Tepakkar til dei innsette vart opna, brev lagt inni, og tepakka forsvarlig lukka. Motsett vart det brukt vaskepulverpakkar, opna og lukka på same måten, fangane hadde lov til å sende pakkar heim. Nokre gonger vart det smugla brev med fangar som var sette frie og skulle utvisast til Tyskland eller Austerrike. Men det var også grunna mistanke om at fangevaktarar hjelpte tyskarane med å smugla ut brev, fangevaktarane kunne ikkje riktig skjøna vitsen med dei strenge reglane for kor mange brev som kunne sendast.

I reglene om brev fra 1951 står det også om sensuren av fange-breva: ”Brevsensuren foretas av direktøren, og det gripes inn hvis det forekommer uriktige eller tendensiøse anførsler om norske eller allierte forhold. Det har vært lagt vekt på å få korrespondanse mellom fangene og deres norske krigsbekjentskaper til å opphøre, og det er bare noen få som nå korresponderer med andre enn pårørende og bekjente i hjemlandet. Korrespondanse med tidligere, løslatte fanger har vært tillatt. Fangene har vært pålagt å oppfordre pårørende til ikke å bruke gotisk skrift. Vektgrensen for pakker er brutto 4 kilo. Tyske myndigheter har av og til sendt pakker uten å gjøre seg kjent med pakkebestemmelsene, således julen 1950 da det kom en svær sending”.

Det er merkeleg at ein i 1951 framleis hadde reglar som heilt tydeleg tok sikte på den tidlege etterkrigstida, då det var viktig at tyskarane ikkje fekk eit negativt bilete av Noreg og dei allierte, og at ein ville ”straffa” norske krigsvener (eller helst krigsveninner!) med å bryta kontakten til tyskarane – truleg for å sikra seg mot kritikk i pressa. I 1951 var slikt temmeleg uaktuelt, tyskarane hadde berre i tanke om å koma seg heim att så snart som mogeleg, og dei i Moldalia hadde merka seg at nordmennene no var ferdige med ”tiåringane”, altså dei med mindre enn 10 års fengsel, dei var frie og utviste til Tyskland og Austerrike. Det ville knapt ta så lang tid før turen kom til dei med 15 år eller livsvarig også, trudde dei. Det var ikkje utan grunn. Ein av dei med livsvarig skreiv at slik som tilhøva i Tyskland no var, rekna han med å gå tilbake til sin gamle jobb som akademisk middelskulelærar, og at han derfor måtte lesa seg inn att i skulefaget som han hadde vore borte frå i så mange år!

No var det ein del som trudde at den gode disiplinen som fangane viste, hang saman med at dei hadde ein strengare indre justis. Ein tidlegare fangevaktar fortalde at tyskarane hadde sin eigen fangedomstol, og at han hadde funne ei treklemme i fangebadet, og at denne klemma var brukt til å straffa medfangar, av og til vart dei prylte opp også. Men det vart ikkje meir enn rykte, i alle fall vart ingen straffa for slik sjølvtekt.

Pakkar og ”velstand”
Den opphavlege regelen var at fangene ikkje fekk ta imot gåver frå heimlandet. Men no var mykje endra. Tyske hjelpeorganisasjonar sende pakkar til tyske ”krigsfangar” i utlandet, serleg var Evangelisches Hilfswerke i Tyskland aktiv, og den nye forbundsregjeringa i Bonn hadde også omsut for sine borgarar, og laga standardpakkar til dei.

Det var ikkje med lyst, eigentleg. Ein av dei tidlege tyske ambassadørane i Noreg, var klår i sin tale: Han brydde seg ikkje om ”desse menneska”, han hadde sjølv stått på den andre sida (Han var visstnok sosialdemokrat), og om nazistane hadde fått tak i han, hadde dei nok skote han. Men som representant for Vest-Tyskland hadde han plikt til å visa omsorg for tyskarar i norske fengsel, så han fekk greie på korleis dei i Moldalia hadde det.
I 1951, straks etter nyttår, kom det til ”pakkekrise” i Moldalia. Den tyske regjeringa hadde varsla at dei ville senda standardpakkar til jula 1950. Men då sendinga kom 9. januar 1951, var ho mykje større enn det dei venta, og det tyskarane hadde lov til å senda. Eigentleg skulle heile stasen vore sendt tilbake, men Bergen krinsfengsel som overordna instans bestemte at fangane fekk få pakkene, med unnatak av klær og slikt som skulle lagrast til dei vart sette fri. Det var ikkje så reint lite.

Ein av Gestapofangane hadde dette med seg då han i 1948 vart overført frå Bergen kretsfengsel (avdelinga på Bergenhus) til Moldalia: 1 jakke, 1 bukse, 1 frakk, 1 uniformsfrakk, 1 par støvlar, 1 regnfrakk., 1 kuffert med diverse, 1 ryggsekk med sovepose og diverse, 1 kartong diverse + støvlar. Truleg var det dette han hadde med seg då han vart arrestert i 1945.
Då han vart sendt austover i 1951, hadde Bergen Kretsfengsel dette som tilhøyrde mannen: 7 bukser, 5 jakker, 6 skjorter, 14 par strømper, 1 neglebørste, 12 esker tobakk, 2 munnspel, 3 boksar lakk, 1 fyllepenn, 1 tørrblekkpenn (kulepenn), 7 slips, 5 ping-pong-ballar, 1 eske julepynt. Så også tyske fangar fekk sin del av velstandsauken etter krigen!

Evangelisches Hilfswerk gjekk endå vidare. Dei fortalde til slektningane av fangane at no kunne dei senda pakkar på 10 kilo kvar månad!
Ei spesiell sak fekk dei å handtera: Like før han vart skoten på Bergenhus hadde ein dødsdømt gestapist gjeve sine eigendelar til dei andre fangane, mellom anna eit armbandsur. Hjelpepresten i Sandviken attesterte at slik var det, og kven som skulle ha klokka.

Avslutninga på krigsforbrytartida
Hausten 1951 kom avgjerda om at Moldalia skulle leggjast ned som krigsforbrytarleir. Då var svært mange frigjevne og utviste (vanlegvis var det slik at fangane vart sende til Bergen kretsfengsel til dei kunne sendast med båt sørover). Dei andre, truleg rundt 25 fangar, skulle sendast austover til Kongsvinger og Bjørkelangen, bortsett frå nokre få som vart sende til Oslo kretsfengsel, stort sett av medisinske grunnar, dei trong legetilsyn.

Fangane var noko usikre då dei høyrde om planane at fangane på Kongsvinger mellom anna skulle brukast til skogsarbeid i eigne leirar, og nokre av dei søkte om å få sleppa, dei var ikkje fysisk i stand til å tåla så tungt arbeid. Men leiinga gjorde det klart at ingen ville verta sende på skogsarbeid utan at dei melde seg frivillig.

Leiinga på Moldalia sende med liste over fangane der dei vurderte om dei kunne brukast til skogsarbeid. 10 kom i gruppa brukande, 20 ”kanskje” og 5 ubrukelege. Dei som var brukande, hadde stort sett attest for at dei var arbeidsvillige og flinke, sjølv om nokre av dei vart rekna som dovne. Dei i gruppa ”kanskje” var meir skrøpelege til helsa, eit par av dei hadde andre negative merknader, til dømes ein der det heiter ”som einaste jurist har han stor innverknad på andre fangar og kan verta uheldig, er slu og vanskeleg”, og dei ubrukelege var dels dårlege til helsa, men også ubrukelege av andre grunnar, om ein heitte det at han ”er ein smart type som kan ha uheldig påverknad på andre fangar og bør vera i lukka anstalt”, mens ein annan er så lite før at han ikkje gjer nytte for seg, sjølv om ”han kan vera bra å ha i ei forlegning fordi han varslar om uheldige planar” – men han kan nesten ikkje gå, og lid av forkalking.

Og så gjekk turen heimover til fedrelandet, der folk flest var opptekne av heilt andre ting enn krig og heimvende fangar.