Fattige i Arna på 1700-talet
Av: Kenneth Bratland
Teikning: Johannes Mjeldheim.

Alt på 1300-talet vart dei fattige sende frå gard til gard for forpleiing. Dette var forløparen til legdsordninga. Denne ordninga galdt først og fremst på landsbygda. I byane vart det frå mellomalderen av oppretta såkalla fattighus. I Bergen vart mellom anna danna Sankt Jørgen hospital oppretta på 1400-talet. St. Jørgen vart oppretta for å gje dei spedalske ein stad å vera, men ordninga vart etter kvart utvida til å gjelda dei fattige. Av andre fattighus kan nemnast Sjøfarendes Aldershjem (1571), Stranges fattighus (1609) og Enkefattighuset (1663).

 

Det som derimot er eit interessant spørsmål er kven som var på fattighusa, sjukehusa og arbeidshusa. Svaret på dette er to hovudgrupper. Den eine gruppa var innbyggjarar i Bergen, medan den andre var fattige eller sjuke folk frå bygdene på Vestlandet. Den sistnemnde gruppa hadde ikkje særleg med eigne fattighus eller eit godt organisert fattigvesen, og det var difor ikkje uvanleg at ein sende sine mest trengande fattige og sjuke inn til byen. Dette var imidlertid ikkje gratis og almugen i dei ulike prestegjelda måtte samla inn pengar til dette føremålet.

I 1755 fekk Bergen by og stift (beståande av Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre) ei fattiglov. I samband med dette vart det oppretta ein overfattigkommisjon som vart leia av biskopen og stiftbefalingsmannen. Her vart det lagt vekt på at det var dei reelle fattige som skulle motta stønad og ingen lausgjengarar. For dei ulike prestegjelda i Nordhordland vart det oppretta såkalla lokale fattigkommisjonar. Haus prestegjeld var ein av dei. Det var soknepresten i Haus, Arnoldus von Westen Sylov (1707-1763) som vart leiar for fattigkommisjonen i Haus. Inntektene til fattigkommisjonen skulle først og fremst koma med frivillige gåver, men etter kvart vart dei næringsverkande og det øvre sosiale sjiktet ilagt ein fattigskatt. Dette var imidlertid i startfasen, og pengar fanst det ikkje så mykje av i Haus. Difor vart det bestemt at det var bøndene som skulle ta byrdene med å ta seg av dei fattige.

For å fordela dei fattige mellom bøndene, måtte ein ha eit rettferdsprinsipp. Dette skulle skje gjennom landsskulda på kvar gard. Det vil ganske enkelt seia at den bonden som hadde ein dobbelt så stor gard som nabobonden, skulle ha den/dei fattige buande dobbelt så lenge hjå seg i forhold til naboen. Vidare vart dei fattige sette ut i ein legd på årsbasis eller halvårsbasis alt etter om dei kunne jobba litt for seg. Truleg har det eksistert fattiglister frå Haus på midten av 1700-talet og fram til 1800-talet, men desse ser ut til å ha gått tapt. Det som derimot er bevart, er listene over dei fattige i Haus. Listene vart sende inn til Overfattigkommisjonen i Bergen i perioden 1756 til 1797. Desse listene har underteikna registrert, og den fullstendige lista er å finna på internett under Digitalarkivet: http://digitalarkivet.uib.no

Kva nytte har så denne fattiglista?
For slektsgranskarar er ho ganske nyttig i og med at ein kan finna personopplysningar om forfedrane sine. For forskarar som studerer sosiale forhold ved samfunnet på 1700-talet, er dette svært nyttig. Her kan ein trekka fram at omtrent kvar husmann i Haus prestegjeld måtte ha støtte frå fattigvesenet og legdene for å klara seg til livets opphald. Vidare ser ein at samfunnet var pålagt å ta vare på dei personane som var sjuke og ikkje i stand til å ta vare seg sjølve. Når det galdt kyrkjebøkene, har ikkje prestane klart å føra inn alle dødsfall på 1700-talet. Fattiglistene gjev eit supplement til dette, då desse betalte gravferdene til ein god del av fattiglemmene. Eit eksempel på dette er Anna Anfinnsdotter. Ho vart gravlagd på fattigkassa si rekning i 1774.

Ser vi på dei sosiale tilhøva, vart Fattigkassene mange stader forløparen for bankane. For Haus prestegjeld sine fattigkasser, vart denne brukt som låneinstitusjon. I 1760, altså fire år etter at fattigkassa vart oppretta i Haus, hadde kassa ein formue på 320 riksdaler. Soknepresten og fattigkommisjonen for Haus hadde ikkje så store utgifter, difor vart det bestemt at ein skulle byrja å låna ut pengar. Renta vart sett til fem prosent, men vart raskt satt ned til fire prosent etter protestar om for dyre lån. Overkommisjonen for dei fattige i Bergen ville at dei lokale fattigkommisjonane skulle overføra overskotet til Bergen for at pengane skulle lånast ut til byens borgarar. Fattigkommisjonen for Haus var sterkt imot dette, då pengane ville bli brukt til føremål utanfor prestegjeldet. I ei tid utan forsikringsselskap og fleire bybrannar, var nok frykten for at delar av pengane urettvist kunne heilt gå tapt.

Trass i at fattiglemmene fekk utlevert ein legd, betydde ikkje dette nødvendigvis at legdslemmen vart sendt frå gard til gard. Der det var praktisk mogeleg, budde den fattige i eit eige hus, og på det viset kunne gå rundt til legdsbøndene for å få med seg kva han eller ho hadde krav på av tenester. Dersom den fattige var skrøpeleg til beins, skulle bøndene sjølv bera maten fram. Legden i lag med fattigkassa skulle også forsyna dei fattige med klede og sko slik at dei kunne overleva kalde vintrar. Fattigkommisjonen for Haus prestegjeld skreiv blant anna om denne situasjonen: ”…en deel af de fattige som ere inddelte paa lægde, deels ere svage og sængeliggende, deels har deres fattige huus-værelser, som de nødig kand og vil forlade…”

Som tidlegare nemnd, trong ikkje dei øvste sosiale sjikta ha dei fattige buande hos seg. For Arna galdt dette Li gard og halve Haugland, som var proprietærgods med forpaktarar. Desse gardane vart også kalla avlsgardar. For å bøta på urettvisa over dette, vart soknepresten og dei øvste sosiale sjikta, beståande av blant anna embetsmenn og jordeigarar, ilagt ein eigen fattigskatt.

Nedanfor følgjer lista over legdsinndelinga over dei fattige i Arna i 1756:

Vikne
”Huusmanden Lars Wichne mod 50 aar med sin Kone 45 aar gammel og 2de smaa børn”.
Denne familien fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Ole Johannesen Schulstad 1 ½ månad, Ole Michelsen Schulstad 1 månad, Mons Søre Schulstad 1 månad, Ole Trengreidt 2 Maaneder, Gabriel Trengreidt 1 ½ månad, Anders Riisnes 2 månader, Ole Olsen Nedre Romsloe 2 månader, Fabian Nedre Romsloe 1 månad. Tilsynsmann for husmannsfamilien vart Anders Riisnes.

Romslo
”Encken Marthe Romsloe imod 80 aar gammel.”
Ho fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Ole Haldorsen Romsloe 2 månader, Gamle Niels Michelsen Romsloe 2 månader, Unge Niels Michelsen Romsloe 1 ½ månad, Iver Monsen Romsloe 2 månader, Lars Olsen Romsloe 1 månad, Johannes Monsen Romsloe 1 månad, Niels Jensen Romsloe 1 månad og Niels Tommesen Romsloe ½ månad. Tilsynsmann for henne vart Ole Haldorsen Romsloe.

Krossen
”Huusmanden Lars i Krossen 77 aar og Konen 82 aar gammel.”
Dette ekteparet fekk legd hos fylgjande gardbrukarar: Michel Indre Sognstad 2 ½ månad, Ole Indre Sognstad 1 månad, Anders Indre Sognstad 1 månad, Mons Yttre Sognstad 2 månader, Ole Ytre Sognstad 2 månader, Ole Herland 2 ½ månad og Brynnild Herland ½ månad.
Ole Herland var tilsynsmann for dette ekteparet.

Seim
”Kari MonsDtr. Seim een gammel Tøes ved 60 aar, som er Krøbling”.
Ho fekk legd hos fylgjande gardbrukarar: Mons Herland 1 månad, Anders Hole 2 ½ månad, Lars 2 månader, Jens og Niels Indre Tacqvam 2 månader, Haldor Indre Tacqvam 1 månad, Niels Monsen Indre Tacqvam ½ månad, Ole Knudsen Yttre Tacqvam 1 ½ månad og Jens Yttre Tacqvam 1 ½ månad.
Anders Hole vart hennar tilsynsmann.

Tunes
”Maria MonsDtr. Over 50 aar gammel, som er tøsagtig og vanvittig”.
Ho fekk legd hjå Lars Tuenestveiten 1 månad, Besse Tuenestveiten ½ månad, Ole Jensen Lille Tuenes 2 månader, Johannes Andersen Lille Tuenes 1 ½ månad, Johannes Monsen Store Tuenes 2 månader, Michel Monsen Store Tuenes 2 månader, Iver Nielsen Store Tuenes 2 månader, Magne Johannesen Store Tuenes.
Michel Monsen Store Tuenes vart hennar tilsynsmann.

Garnes
”Encken Agatha Garnes gammel 74 aar”.
Ho fekk legd hjå Michel Olsen Store Tuenes 1 ½ månad, Ole Olsen Store Tuenes 1 ½ månad, Mons Andersen Store Tuenes 1 ½ månad, Ole Jensen Store Tuenes 1 månad, Johannes Gregoriisen Store Tuenes 1 månad, Johannes Garnes 2 månader, Jens Garnes 2 månader, Sergient Knud og Michel Garnes 2 månader.
Hennar tilsynsmann vart Johannes Garnes.

Åsheim
”Kari HansDtr., som er Marcus Aaseims Kone, hen ved 46 aar gammel, der er afsindig”.
Ho fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Rasmus Garnes 1 månad, Michel Tuenes Aaseim 2 månader, Iver Tuenes Aaseim 1 månad, Marcus Tuenes Aaseim ½ månad, Ole Marcusen Seim 1 ½ månad, Ole Michelsen Seim 2 månader, Mons Monsen Seim 1 månad, Michel Seim 1 månad, Johannes Seim 1 månad, Ole Danielsen Seim ½ månad og Gudmund Seim ½ månad.
Hennar tilsynsmann vart Ole Michelsen Seim.

Arnatveit
”Husmanden Niels Arnetveit med Kone begge over 80 aar gammel”.
Dette ekteparet fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Aamund Indre Arne 1 ½ månad, Ole Indre Arne 1 månad, Aad Indre Arne 1 månad, Lars Indre Arne ½ månad, Johannes Indre Arne ½ månad, Thormoe Indre Arne ½ månad, Knud Indre Arne 1 månad, Erich Wolden 1 månad, Ole Wolden 1 månad, Peder Arnetveit 2 ½ månad, Niels Arnetveit 1 ½ månad.
Tilsynsmann for dette ekteparet vart Niels Arnetveit.

Mjeldheim
”Encken Ragnil Mieldem imod 70 aar, meget skrøblig”.
Ho fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Helgie Mieldem 1 månad, Gregorius Mieldem 1 månad, Ole Mieldem 1 ½ månad, Fabian Mieldem ½ månad og Magne Yttre Arne 2 månader.
Tilsynsmann for henne vart Gregorius Mieldem.

Vikne
”Mons Erichsen Wichne Huusmanden”.
Han fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Lars Yttre Arne 1 ½ månad, Anders Yttre Arne 2 månader, Erich Yttre Arne 1 ½ månad og Ole Yttre Arne 1 månad.
Tilsynsmann for han var Gregorius Mieldem.

Kvamme – Haugland – Breisteinli – Gaupås
”De tvende Søstre, begge af et navn, neml: Ingebor”.
Systrene fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Erich Indre Qvame 1 månad, Jens Indre Qvame 1 månad, Albert Nedre Qvame 1 ½ månad, Iver Nedre Qvame 1 ½ månad, Ole Nedre Qvame 1 ½ månad, Clemen Houland 2 månader, Niels Houland 1 månad, Marcus Gaupaas 1 månad, Ole Bresten Lie ¾ månad og Peder Bresten Lie ¾ månad.
Tilsynsmann for systrene var Ole Qvame.

Haugland
”Den ½ Deel af forbemelte Gaard bruger Hr. Justitz Raad Gartner som sin Avilds Gaard.”

Neset
”Konen Magdelie ErichsDtr. Mod 60 Aar gammel, som er gandske gal og afsindig, faar denne Lægd, for at blive under sin Broders tilsiun og i Hands Huus.”
Kona fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Iver Nordre Rølland 1 ½ månad, Mons Nordre Rølland 1 månad, Stephen Søre Rølland ½ månad, Elling Søre Rølland 1 månad, Niels Ellingsen Søre Rølland 1 månad, Niels Larsen Søre Rølland 1 månad, Sieur Søre Rølland ½ månad, Morten Tongeland 1 ½ månad, Johannes Tongeland 1 ½ månad, Frantz Tongeland ½ månad, Ole Tongeland ½ månad og Michel Marcusen 1 ½ månad.
Tilsynsmann for kona var Morten Tongeland.

Tångeland
”Encken Ellen Tongeland over 60 aar og noget Vanfør.”
Ho fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Lars Marcusen Stoere Borge 2 månader, Lars Nielsen Stoere Borge 1 ½ månad, Erich Stoere Borge 1 ½ månad, Ole Stoere Borge 1 månad, Otte Lille Borge 1 månad, Mons Lohne 1 ½ månad, Niels Lohne 1 månad, Jon Lohne ½ månad, Peder Houge 1 månad og Michel Houge 1 månad.
Tilsynsmann for henne var Mons Lohne.

Neset
”Brynnild Jacobsen Øverste Mielde 46 aar gammel, som er Daarlig og skrøbelig.”
Ho fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Mons Jacobsen Houge 1 månad, Mons Johannesen Houge 1 månad, Niels Monsen Houcheland 2 månader, Niels Erichsen Houcheland 1 månad, Mons Torsen 1 månad, Anders Houcheland, Sieur Houcheland 1 månad, Ole Næsse 1 månad, Johannes Næsse 1 månad og Mons Schioldal.
Brynnild sin tilsynsmann var Mons Schioldal.

Garnes
”Een Dreng Ole Garnes imod 26 Aar gammel, har undertiden begavinger, men kand dog der imellem arbeyde.”
Han fekk legd hjå fylgjande gardbrukarar: Johannes Schioldal 1 ½ månad, Niels Espeland ¾ månad, Ellef Espeland ¾ månad, Ole Iversen Aanneland 1 ½ månad, Matthis Aanneland 1 ½ månad, Iver Aasen 1 ½ månad, Iver Aanneland 1 ½ månad.
Johannes Schioldal var tilsynsmann for Ole Garnes.

Li
”Lien Avilsgaard, tilhørende Kipperen Knud Zachariæsen, som Hand selv bruger.”

Som ivrig slektsgranskar og med mange røter frå Arna og Haus er denne fattiglista verdfull. Ei av mine formødre er nemnd i fattiglista som enka Agate Garnes, som var dotter av: Mons Guttormsen Søre Rødland (ca. 1630 – 1709) og kona Marta Larsdatter, fødd Kvamme (ca. 1637 – 1721). I 1663 – 1666 budde dei på Søre Rødland i Arna, men i 1701 er dei å finna som husmannsfolk i Garnestonæ. Dottera Agate Monsdatter, fødd ca 1682, vart i 1702 gift med enkemann Tor Monsen Midt Mjelde. Dei var først gardbrukarar på Midt Mjelde, men på sine eldre dagar vart dei husmannsfolk på Garnestonæ. Truleg overtok dei husmannsplasset Garnestonæ etter mor hennar i 1721. Uansett døydde Tor Monsen i Garnestonæ i 1733, medan kona Agate lever der i 1756. Diverre opplyser ikkje kyrkjeboka eller fattiglistene når Agate døyr, men ho har nok døydd i Arna, for – som eg var inne på – var underregistreringa av dødsfall stor på 1700-talet. Dette eksempelet er brukt for å illustrera i kva samanheng vi kan bruka fattiglista som slektsgranskarar.

---

Kjelder og litteraturhenvisningar:
Bergen bys leksikon, Digitalarkivet, Historisk leksikon, Overfattigkommisjonen i Bergen, Sognekommisjonens rekneskap 1756 – 1797, boks 96 Strilesoga band 3, Nord- og Midhordland gjennom tidene 1650 – 1800.
Kenneth Bratland (25) er hovudfagsstudent i Historie ved UiB og styremedlem i DIS-Hordaland (Databehandling i slektsgransking).