Freskene i festsalen
Kulturhuset ”Sentrum”, Ytre Arna
Av: Ellen Johanne Thunes
Den 21.mars 1951 kunne Bergens Tidende fortelja at "Ytre Arna har fått sitt Sentrum". Samfunnshuset vart innvia med pomp og prakt, Edvard Griegs Hyldningsmarsj frå Sigurd Jorsalfar, opplesing av skodespelarinna Magda Blanc, som budde i Indre Arna, talar ved skipsreiar Wilhelm Jebsen og Gunnar Haugland, formann i tekstilarbeidarforeininga. Men likevel var det dei store frescomaleria av Bernhard Greve i festsalen som fekk mest omtale.
Desse maleria høyrer til i ei rik tid for freskemaleri og romutsmykkingar i Noreg som strekkjer seg frå tidleg 1900-tall til dei første tiåra etter den andre verdskrigen. Gjennom siste del av 1800-tallet hadde ein starta å sjå på kunst som ein byggjande kraft i samfunnet. Folket skulle sjå "det storslagne i Naturen og Menneskelivet". Kunsten skulle ta utgangspunkt i det verkelege livet, men verta tilpassa og illustrera det abstrakte, ideen om fellesverdiane og det nasjonale. Begeistringa omkring 1905 sette ny fart i desse ideane, og store monumentalverk vart utførte over heile landet, i kyrkjer, skular, samfunnshus, rådhus og andre offentlege bygg, finansiert av gåver og innsamlingar. Motiva viser folket i arbeid, utviklinga av landet og dei store samlande ideane om liv og lagnad. Desse freskene sette Noreg i ei særstilling i europeisk kunsthistorie. Dei norske malarane, Reidar Aulie, Alf Rolfsen og Per Krohg, vende seg mot dei italienske freskene frå renessansen, frå Botticelli til Michelangelo, for å studera teknikk og formmessige løysingar. Noreg, og Mexico med Diego Rivera, vart dei moderne sentra for utviklinga av det tradisjonsrike freskemaleriet. Nedgangstidene i 30-åra og andre verdskrigen førte til eit avbrot, men i det første tiåret etter 1945 vart denne epoken avslutta med mellom anna dei store dekorasjonane i Oslo rådhus. Bernhard Greves freskar i Sentrum høyrer såleis til det siste avsnittet i denne store utsmykkingsperioden.
Bernhard Henrik Greve (1886-1962) var ein etablert kunstnar då han utførte verka i Ytre Arna. Han var fødd i Bergen og utdanna seg til malar hjå Harriet Backer, Henri Matisse og Oluf Wold-Torne. Han kom til å utføra fleire store dekorasjonar, og særleg glassmaleri, i Vestre Aker kirke (1939), Loddefjord kirke (1951) og Vestlandske Kunstindustrimuseum. Han var mykje ute i Europa på studiereiser, men hadde frå 1918 eit fast haldepunkt på Skredhaugen i Lofthus, der han samla gamle hus og brukskunst frå Hardanger.
Interessa for det nasjonale var sterk hos Greve, slik det hadde vore gjennom heile den perioden han var aktiv kunstnar. Kor stor innverknad han hadde på motivvalet i Sentrum er ikkje klårt, men det er tydeleg samanfall mellom hans nasjonale kultursyn og behovet i etterkrigstida for å bruka kulturstoff i offentleg samanheng. Freskene i Sentrum tar for seg hovedmomenta i den norrøne mytologien, kampen mellom gudar og jotnar, mellom byggjande og øydeleggjande krefter.
Om me startar på sørveggen, ser me i det første feltet det tokjønna urvesenet Yme med kua Audhumla. Kua sleikjer i seg rimfrosten på steinen som stig fram som Bure, stamfar til gudane, eller æsene. Brørne Odin, Vile og Ve drep Yme og av kroppen hans skapar dei jord og vatn (felt 2). I felt 3 ser me korleis dei finn trestammar på stranda, ein ask og ein alm. Dette vert Ask og Embla, dei første menneska,. Gudane ventar vondskap frå borna til jotnen Loke, og freistar å tøyla dei, Fenrisulven, Midgardsormen og Hel. Fenrisulven vert bunden med ei lenkje av fiskepust, kvinneskjegg, fuglespytt, fjellrøter, lyden av kattepotar og bjørnesenar. Midgardsormen vert slengd i havet, der han ligg rundt heile jorda og bit seg sjølv i halen (felt 4). Hel vert sett til å styra i dødsriket, Nivlheim.
|



|
I felt 5 ser med gudeheimen, Åsgard, der æsene held ting under den eviggrøne asken, Yggdrasil. Greinene strekkjer seg over heile verda. Asken har tre røter, på den eine gneg ormen Nidhogg, den andre er ved Mimesbrønnen, kjelda til kunnskap og visdom, den tredje er ved Urdabrønnen hjå æsene. Her sit dei tre lagnadsnornene, Urd, Skuld og Verdande. Dei spinn tråder til lagnadsveven. To svaner lever i brønnen. Geita Heidrunn et av blada og fire hjortar et knoppane. I trekrona sit ei klok ørn og ein hauk, og langs stamma hoppar ekornet Ratatosk. Over vindauga dreg Dag med hesten Skinfakse og Natt med Rimfakse over himmelen, og framfor dei solvogna og månevogna. Sol og måne vert forfølgde av ulvane Skoll og Hate som skal nå dei att i Ragnarok.
Ved det bakre vindauget på nordveggen ser me æsene følgja med på korleis steinmuren vert bygd rundt Midgard. Ein byggmeister tilbyr å gjera arbeidet på berre ein vinter mot at han får Frøya, sola og månen i løn. Han skal ha med seg hesten Svadilfare. Æsene meiner seg trygge for at han ikkje vil klara dette, og let han setja i gang. Men då tida nærmar seg, ser det ut som om dei skal missa både sol, måne og Frøya. Det er Loke som har fått æsene til å gå med på avtalen, og no truar æsene han til å finna ei løysing. Loke skapar seg om til ei hoppe som lokkar hesten bort frå arbeidet, og byggmeisteren klarar ikkje å fullføra muren innan tidsfristen. Møtet mellom Loke og Svadilfare fører til at Loke føder eit føll. Det er grått og har åtte føter, Odins hest Sleipner.
I felt 2 ser me kanskje det mest kjende motivet frå den norrøne mytologien, Tor freistar å fiska Midgardsormen. Tor har skapa seg om til ein ung gut som tigg seg til å vera med jotnen Hyme på fisketur. Agn må han sjølv sørgja for seier Hyme, og Tor vrir hovudet av den største oksen til Hyme og tar med seg i båten. Dei ror til dei vanlege fiskeplassane, men Tor er ikkje nøgd, han vil lenger ut, sjølv om Hyme meiner at no nærmar dei seg den farlege Midgardsormen. Då Tor hiv snøret og oksehovudet ut i, gapar Midgardsormen over det, og kroken borar seg inn i gommane hans. Dei to kjempar kvast, og Tor må ta fram åsakreftene sine, han spenner imot så føtene går igjennom båten og han står på sjøbotnen. Han får hovudet til Midgardsormen opp på ripa, og løftar hammaren til slag. I same augneblink kuttar den redde Hyme snøret med kniven sin, og ormen søkk attende i djupet. Tor drar til Hyme så han fyk over bord, så vassar han i land.Over vindauget ser me Odin ri på Sleipner med dei to ramnane Hugin og Munin i følgje.
I felt 3 ligg Balder død under Yggdrasil. Æsene har hatt moro av å kasta stein og skyta på Balder, som er usårleg fordi mor hans hadde fått alle ting til å sverja at dei ikkje vil såra sonen hennar. Igjen er det Loke som trassar æsenes vilje. Han finn ut at den vesle mistelteinplanten er det einaste som ikkje har svore eiden. Han lurar den blinde Hodd til å skyta på Balder med mistelteinen og Balder, som alle æsene elskar, vert drepen. For å sleppa unna vreiden til æsene skapar Loke seg om til ein laks i fossen Frananger. Men æsene vil ha hemn, og dei spenner eit garn over elva og fører det oppover. Fleire gonger slepp Loke unna, men til sist grip Tor han i halen. I ei hole vert Loke bunden til tre steinheller med jernband som æsene smir av sønene hans. Over hovudet hans ligg ein orm, og gifta dryp i anletet hans. Sigyn, kona til Loke, held ein skål under dråpane, men kvar gong skålen er full, må ho tømma han. Når Loke får giftdråpane i anletet, rykkjer han så kraftig til at heile jorda skjelv. Det er dette som er jordskjelv. Slik skal Loke ligga til Ragnarok (felt 4).
Det siste feltet syner kva som skjer i Ragnarok. Varslar og teikn fortel kva som skal skje, tre hanar gjel, lenkjer vert løyste og den tre år lange vinteren set inn, Fimbulvinteren. Æsene vert samla av Heimdall som bles i Gjallarhorn. Alle onde krefter er lause, og æsene bur seg til den siste striden. Odin slåss mot Fenrisulven, som slukjer han, men vert så drepen av Vidar. Tor vinn over Midgardsormen, men døyr sjølv av gifta.
Ild forterer heile verda, sol og måne går under, jorda søkk i havet. Eddadiktet Voluspå fortel at ei ny tid og ei ny jord skal no stiga fram, men Greve bryt her med den nordiske mytologien og vender seg mot den tidlege norske historia. På forveggen til venstre vert Håkon Adalsteinsfostre knesett hos den engelske kongen, omkring 930, og på andre sida av scena, knuser Olav det heilage avgudsbildet i Gudbrandsdalen.
Bernhard Greve har valt eit formuttrykk som høver til motiva. I nasjonalromantikken på 1800-tallet hadde fleire kunstnarar freista å forma dei gamle mytene og gamal historie i den naturalistiske og detaljerte stilen som rådde då, noko som vart lite vellukka. Dei første som makta å skapa ei uttrykksform som høver med emnet, var malarane i 1880- og 90-åra. Eirik Werenskiold, Christian Krohg og Gerhard Munthe utvikla eit formuttrykk gjennom Snorre-illustrasjonane som speglar den knappe og dramatiske stilen i kvad og soger. Greve byggjer vidare på han og fører han saman med det formspråket som låg i hans eiga tid. Dei viktigaste figurane i kvar scene trer fram i eit forenkla formspråk i talande stillingar. I enkelte av scenene kan me sjå at Greve også har studert komposisjonar i eldre europeisk kunst, og han fører dette med seg til det moderne uttrykket. Æsene ved rådslagingsbordet under Yggdrasil har linjer til dei mange nattverdscenene frå tidleg renessanse. Frå same tid hentar han komposisjon og kroppsstillingar i Balders død. Det kjende Bayeux-teppet, frå siste del av 1000-tallet, har gitt form til scena frå det engelske hoffet. På teppet i Normandie er det ein forenkla og forminska borgarkitektur om dette som samlar dei dramatiske hendingane omkring dauden til Edward the Confessor i 1066 og korleis William the Conqueror vart konge i England.
Dei mange scenene og figurane kunne lett ha fått veggene til å virka urolege og uoversiktlege, men Greve brukar som nemnt enkle komposisjonar og stilisert formspråk for å konsentrera uttrykket. I tillegg gir fargebruken heilskap og sammanheng i bildesyklusen, grønfargen er gjennomgåande i nedre del av freskene, og i øvre del dominerer blått.
Kvar av desse dramatiske scenene frå mytologi og historie har fått sin plass mellom kvart av dei store vindauga på langveggene og på kvar side av scena. Felta på langveggene er klårt avgrensa på tre sider, men med opning mot det samanhengande veggfeltet over vindauga mot taket. Greve har stått overfor ei krevjande oppgåve i det han måtte skapa sjølvstendige bilde i nedre del som så måtte førast saman over vindauga. På sørveggen løyser han problemet både kompositorisk og motivmessig med å la delar av mytologiscenene strekkja seg oppover for så å bli ein del av ein himmel der dei kosmiske kreftene regjerer, sol og måne vert dregne gjennom tida med dei jagande ulvane etter seg. På nordveggen let Greve fleire av motiva gå opp i langfeltet, men han beheld himmelen som bakgrunn, og slik knyter han veggene saman slik at det vert ein heilskap, samstundes som det understrekjer at dei to veggene har ulike tema.
Motiva på sørveggen samlar seg tematisk omkring skapingsmytene og korleis tilhøvet mellom æsene, menneska og dei vonde kreftene er bundne og ordna av dei tre lagnadsnornene, samla under himmelkvelven. Den motsette veggen syner kampen mellom æsene og dei vonde kreftene, ein kamp som er øydeleggjande for den gamle verda og som difor går til grunne i Ragnarok. I følgje eddakvadet Voluspå stig ei ny verd fram, noko Greve har valt å ikkje avbilda. I staden er det dei to store freskene på kvar side av scena som fortel om ei ny tid og brotet med den gamle trua. At Håkon vert sett til oppfostring hjå den engelske kongen Adalstein, markerer den nye tida. Då Håkon Adalsteinsfostre vert konge i Noreg, introduserer han den europeiske sivilisasjonen og kristendommen i Noreg. Denne prosessen vert sluttført med kristningsverket til Olav den Heilage hundre år seinare. Som Snorre fortel, knuser han bilde av dei gamle heidenske gudane. Slik Greve kombinerer mytologi og historie, skapar han ein bildesyklus omkring dei evige kreftene i og utanfor menneskesinnet, kampen mot det vonde og for det gode. Dette er eit kjent tema som har vore mykje brukt i ulike kunstnarlege uttrykk, men me må tru at framstillinga i Sentrum fekk ei særskilt og aktuell meining for dei som såg freskene for fyrste gong med dei røynslene som låg like bakom dei.
---
Fakta:
(al fresco / freske: veggmåleri som vert måla med vassfarger på våt murvegg.)
Kjelder:
Bergens Tidende, 21. mars 1951
Jørgen Smit: Bernhard Greves al fresco malerier fra den nordiske mytologi i Sentrum festsal. ( utan årstall)
Snorre Sturlason: Den yngre Edda, Det Norske Samlaget, 1967
Norges Kunsthistorie, b 6, Gyldendal Norsk Forlag, 1981
|