Nils Haldorsen, som nett har fyllt 92 år, er ikkje lenger frisk nok til å halda fram med denne fine tradisjonen han sjølv på enkelt, men verdig, vis har innført. Dei siste åra er det dottera hans, Evelyn Fasteland, som har ført faren sin tradisjon vidare. Heller ikkje ho vil ha nokon blæst kring dette, men ho tykkjer det er rett å heidra minnet til desse fem stakkars soldatane. Dette har ho også tenkt å gjera så lenge ho kan.
På sjølve avrettingsstaden på Rolland, sette Arna Mållag i 1985 opp eit enkelt, men verdig monument over dei fem russarfangane for å minna oss om lagnaden til desse.
Historia om dei fem russiske krigsfangane er eigentleg så tragisk som ho berre kan bli, og er nok blant den oppveksande generasjonen i dag ikkje så mykje kjent. Men det er fleire av den eldre garde i Arna som godt kjenner til den tragiske historia omkring hendinga.
Etter som ryktet går, vart det berre høyrt to skot, og ein reknar såleis med at tre av dei rett og slett vart slegne ihel. Dei vart deretter lagt i felles grav rett nedanfor avrettingsstaden. Tyskarane gjorde ein dårleg jobb med tildekkinga av dei avretta, så lensmannen på den tida måtte opp til Rolland og gravleggja dei skikkeleg, og gjera ferdig det arbeidet tyskarane ikkje hadde teke seg tid til.
Dei fem russiske krigsfangane hadde klart å rømma frå ein fangetransport på Midtun, og gjekk mot Arna på den vidare flukta. Dei var heilt ukjende i området, og var redde for å ta kontakt med folk. Dei forvilla seg til Haugland, og overnatta blant anna i ei løe der, men dei hadde små sjansar til å sleppa unna tyske soldatar som jakta på dei med hundar. Dei vart funne av tyskarane i ein nepeåker på Ytre Arna-garden nær Festtangen, og tekne med til fangeleiren på Espeland. Allereie dagen etter vart dei frakta til Rolland, der dei måtte grava sine eigne graver medan tyskarane stod og venta på å få skyta dei.
Då freden kom i 1945, vart ein gjeng gestapistar tvungne til å grava levningane etter dei avretta russiske soldatane opp att fordi det var ynskje frå bygdafolket om at dei skulle gravleggjast i vigsla jord på kyrkjegarden i Indre Arna. Bygdefolket i Arna sette opp ei vakker gravstøtte på fellesgrava over dei ukjende russiske soldatane, og den dag i dag er det folk i Arna som heidrar minnet deira med å stella grava og leggja ned blomar på ho. Særleg trufast har altså Nils haldorsen frå Espeland vore i alle desse åra sidan 1945.
Ideen til å reisa minnesmerket på avrettingsstaden på Rolland var det Arvid Midtun som var primus motor for. Monumentet er reist av Arna Mållag, og arbeidet med dette den gongen var det Kjell Eikeland og Bjarne Befring som stod for. Avdukinga av minnesmerket fann stad laurdag 14. desember 1985, temmeleg nøyaktig 43 år etter hendinga. Minnesmerkenemnda i mållaget har laga i stand eit fint og verdig program til avdukingsseremonien. Programmet frå seremonien syner at Indre Arna skulemusikk spelte. Den norske nasjonalsongen vart spelt og sungen, og det same vart den russiske.
Avdukingstalen vart halden av dåverande varaordførar Henrik J. Liseth, medan Johannes Steinsland avduka minnesmerket. Helga Mjeldheim las “De beste” av Nordahl Grieg. Det var helsingar frå ambassade og organisasjonar, samt nedlegging av kransar. Sovjets ambassade var representert ved ambassadøren. Sambandet Noreg - Sovjetunionen var representert ved formann Magnus Johannessen, det same var Arna Faglege Samorganisasjon. Vidare var Veteran-rådet 1940-45 ved formann Magnus Strandborg tilstades.
Etter avdukingsseremonien på Rolland, tok heile fylgjet seg ned til kyrkjegarden ved Arna kyrkje, der det blant anna var kransenedlegging ved Anna Sæle.
Etter Glasnost har det vore fleire vitjingar frå den russiske ambassaden for å leggja ned blomar på minnesmerket, blant anna på fleire av frigjeringsdagane den 8. mai.
Utforminga av minnesmerket på Rolland har Tor Myklebust stått for. Det er eit enkelt, men høgst verdig monument han har fått til. På “Russarmonumentet” står det fem vanlege steinar som symboliserer dei fem stakkars russiske krigsfangane som på så brutalt vis vart avretta på staden. Desse fem steinane fann Tor Myklbust på steinfyllinga før Øyrane Torg vart bygd. Han har klart å laga eit enkelt, verdig og virkningsfullt monument som manar til ettertanke når vi står framføre det.
På inskripsjonen på minneplata i bronse står det: “Til minne om 5 ukjende russiske krigsfangar som etter freistnad på røming vart avretta utan rettargang 1/9 1942, av ei omsynslaus tysk fiendemakt. Dei vart nedgravne på jordet nede til venstre. Gravlagd i sams grav ved Arna kyrkje 5/10 1945. Reist av Arna Mållag 1985”.
Minnesmerkenemnda i mållaget har i mange år halde minnesmerket i stand. Også andre ukjende Arnabuarar har stelt minnesmerket og synt vørdnad for det. Det er dei som har som fast rutine å stoppa opp ved minnesmerket kvar gong dei går eller køyrer forbi. Det ligg ikkje på den mest sentrale og mest traffikerte staden i Arna, men mange av oss burde ta ein stopp der i ny og ne og via dei ukjende russarane ein tanke og gjerne setja fram ei bøn for dei også. Det har Nils Haldorsen i alle år gjort, og no fører altså dottera, Evelyn Fasteland, faren sin tradisjon vidare. Om hans einaste son døydde i ung alder, var det Chatarina Johanne som arva han. Ho døydde imidlertid sjølv berre to år etter faren, same året som Ely tok Anna Katarina Jørgensdatter Wiggers til hustru. Det var såleis ein god forretning han hadde gjort. Og det var ikkje berre rikdommane han overtok etter Gartner. Til liks med sin tidlegare sjef vart også Ely på folkemunne titulert som baronen på Haugland. Den nye baronen og frua hans var svært stolte av rikdommen sin. Det vart fortalt at dersom nokon av naboane gjekk forbi utan å helsa, fekk dei tilsnakk. Og ein gong fru Ely var i eit selskap i Bergen, tok ho gullringen av seg, kasta den ut av vindauga og i sjøen. Deretter sa ho: Like umogeleg som det er for meg å få denne ringen att, like umogeleg er det for meg å verta fattig...
Ein fiskehandlar på torget fann imidlertid ringen, i ein sei han gjorde opp. Namnet til fru Ely var inngravert i ringen, og ho fekk han att. Seinare skulle det også visa seg at ho skulle få oppleva å verta fattig. Dei levde over evne, og det tok ikkje mange år før dei måtte byrja å selja av eigedomane sine.
Fakta/Hans Kristian Gartner
Hans Kristian Gartner vart fødd i Trondheim 12. oktober 1680. Han var først bergskrivar ved Lesja verk (1699). Deretter var han fullmektig på Rentekammeret i 1704, og i 1711 vart han byskrivar i Bergen. 22 år seinare vart han commerceraad, og i 1741 justisråd. Han gifta seg med Abelone Lem i 1712. Seks år seinare kjøpte han Haugland. I 1720 fekk han også hand om Gaupås, og sju år etter vart han eigar av halve Breisteinslid. Hans Kristian Gartner budde tidvis på Haugland. Det same gjorde «arvingane» hans, von Ely-slekta. Både Gartner og Ely var proprietærar, ettersom dei let jorda si driva dels ved leigd arbeidskraft og dels ved paktarar og husmenn.
(Kjelder for denne artikkelen er «Baron-soga», som er nedskriven av Johan Kr. Haugland (1890-1976), Statsarkivet i Bergen, munnlege forteljingar og Arna Bygdebok).
|