Han var sjølvsagd som sjef for innspelinga, og Brita Gjerdåker vart nestansvarleg. Kyrkjedepartementet løyvde 30.000 kroner til filmen, med tilsegn om tilleggsløyvingar, om det vart naudsynt. Norsk Film AS fekk oppdraget med å laga filmen, og Sigurd Agnell vart plukka ut som sjefsfotograf. Opptaka starta i 1949 og vart avslutta sommaren året etter.
Frå september i 1949 til mai året etter leigde filmfolka eit tomt hus på Havråtunet. Brita Gjerdåker budde der i heile opptaksperioden, medan Agnell tok turen over fjellet frå Oslo fleire gonger.
Havråtunet er det næraste ein i Noreg kjem ein europeisk landsby. På Havrå finn ein eit tverrsnitt av norsk jordbruk heilt frå den yngre steinalderen, og frå bronsealderen fanst det gardsbruk på staden. I dag er Havråtunet eitt av få klyngjetun som er att på Vestlandet, og på staden finst eit av dei eldste mellomalderhusa i landet, truleg frå 1200-talet. På det meste var det ni gardsbruk på Havrå, men talet vart redusert til åtte.
- Då dei nye utskiftingslovene kom midt på 1850-talet, vart nesten alle teigblanda gardar skifta ut. Havrå var ein av dei få gardane som overlevde. Ingen av oppsitjarane kom med krav om utskifting, og styresmaktene meinte at Havrå burde verta liggjande som eit uutskifta kulturminne, fortel Brita Skre.
Naturalhushaldet stod sterkt på Havrå i 1950. Sjølv på den tida var driftsmåtane svært uvanlege, og filmen følgjer gardssamfunnet gjennom eit heilt år.
- Folket på Havrå hadde ikkje hest, men brukte gamle reiskapar og driftsmåtar. Det var ein unik gard, og det var eit stort prosjekt å følgja arbeidslivet eit heilt år. Truleg var filmen det mest ambisiøse dokumentarfilmprosjektet i Skandinavia på den tida.
Brita Skre kom til Havrå om sommaren for 55 år sidan.
- Landskapet var vakkert, men garden var svært bratt. Eg hadde vakse opp på gard på Voss og vore gardsarbeidar frå eg fylte 14 til eg vart 19. Eg visste korleis det var å arbeida på ein gard, men det var stor skilnad på garden heime, der alt var i ein samanhengande eigedom. Me hadde både slåmaskin og rakemaskin. Bergensbanen gjekk tvert gjennom tunet vårt, og av dette vart det svært mykje lyd. På Havrå var det utruleg stilt. Det var ingen maskiner. Folk gjekk målmedvite frå stad til stad, og dei arbeidde svært rasjonelt. Dei var hyggelege og kultiverte og hadde ein fin tone seg imellom. Det var nærast eit ideelt gardssamfunn.
- Ein skulle tru at det fort vart krangel når folk levde så tett innpå einannan?
- Eg høyrde aldri at Havrå-folket krangla. Eg trur at dei hadde ein tradisjon for å semjast, og at dei ikkje ville bruka tid og krefter på krangel. Dei arbeidde frå tidleg morgon til seine kvelden; i sommarhalvåret frå fem-sekstida til nitida på kvelden, men slik var det vel på alle gardar på den tida. Me hadde som prinsipp at det var arbeidslivet me skulle dokumentera. Privatlivet skulle dei få ha i fred.
- Mest av alt viser filmen det harde arbeidet?
- Det var svært mykje slit, og folk vart naturlegvis prega av det. Særleg folk som kom opp i høg alder, hadde sine plager, men på filmen ser ein at dei samordnar tempoet med kreftene dei hadde. Det må ha vore mykje slitasje, men den individuelle helsetilstanden gjekk me ikkje inn på.
- Førte slitet til at mange hamna utanom arbeidslivet?
- Eg veit berre om to personar på Havrå som ikkje deltok i arbeidslivet, og det var fordi dei var sjuke. Det var skikk og bruk at ein gjorde det ein kunne frå ein var barn til ein ikkje greidde meir. For folket på Havrå var arbeidet ein stor del av livsinnhaldet. Det var mykje arbeidsglede, fortel Brita Skre.
I byrjinga av 50-talet var det stor etterspurnad etter arbeidskraft andre stader, og mange flytta frå Havrå til fastlandet. Filmopptaka gjekk stort sett utan problem.
- På Havrå hadde dei elektrisk lys, men dei var utan veg. Den vesle kraftlina som dei hadde inn til tunet, var altfor svak. For at Agnell skulle få bruka alt lampeutstyret til opptak inne i husa, vart det strekt ei ekstra kraftline. Ein kar på nabogarden Blom hadde hest, og han køyrde det tunge utstyret frå sjøen opp til ein stad i nærleiken av husa. Derifrå måtte me bera det fram, både lampar og kablar.
- Kvifor hadde ikkje Havrå-folket hest?
- Ein måtte ha temmeleg mykje fôr å halda liv i ein hest. På Havrå var det små teigar, og det var bratt. Det var ikkje så lett å nytta hest. Hesten er eit luksusdyr på gardsbruk som er så småe som dei på Havrå.
Brita Skre viser til at forskarar har funne ut at mykje av det som vart gjort på Havrå, ikkje lønte seg. Men dei som budde der, rekna neppe på timebetalinga. Det var ei livsform, og dei fastbuande hadde til livsopphaldet. Svært mange av dei gamle som me møtte, vart fødde mellom 1870 og 1910, og dei budde på Havrå livet ut.
Havrå-filmen er ein stumfilm, og ingen av folket på Havrå kjem til orde. Brita Skre forklarar dette med at lydopptak var teknisk krevjande. Ein søndag vart det gjort eit forsøk med lydteknikarar frå Bergen, men resultatet vart for dårleg til at det kunne brukast. Det er heller ikkje bakgrunnsmusikk, men Hartvig Kiran les inn dei fyldige kommentarane, og det gjer han på nynorsk.
- Truleg var Havrå-filmen den første store dokumentarfilmen med kommentarar på nynorsk, seier Brita Skre.
Langfilmen vart første gongen vist for bygdefolket på Havrå i 1950, og dei fekk sjansen til å godkjenna han. Det lukkast aldri å få til ei offisiell visning av den langversjonen, men den korte hadde premiere i Bergen i 1956. Brita Skre har heile tida meint at det er langversjonen som er den rettelege Havrå-filmen. Ho meiner at filmen fortener å verta brukt av både forskarar og i undervisninga på universitet og høgskular.
- Men også folk flest bør få sjansen til å sjå han. Det var medan eg var i gang med å skriva Havrå-boka at det kom VHS-kopiar av filmen, det vil seia i 1989. Kortversjonen hadde kome tidlegare. Likevel er det berre få som kjenner til filmen, men det vart mykje blest då han vart vist i Cinemateket i Bergen i fjor vinter.
- Filmen er i svartkvit. Tenkjer du på kor flott han ville ha vore om han hadde vore i fargar?
- Nei, Agnell var sterkt mot å bruka fargefilm. Han meinte at fargane kom til å tapa seg, og at biletkvaliteten ikkje ville verta så god. Svartkvit film var det einaste rette. Vil folk ha fargar, får dei ta turen til Havråtunet, seier Brita Skre.
I dag er Havråtunet museum, men det bur framleis folk i fire hus. Eigarane brukar dei andre husa til sommarbustad.
- I 1973 byrja taket på mellomalderhuset å leka. Det førte til at ein skipa stiftinga Havråtunet, og det vart inngått ein førebels fredingsavtale med grunneigarane. Sidan vart både filmen og boka om Havråtunet viktige for at garden vart freda i 1998. I dag kan folk gjera avtale med Osterøy Museum og få omvising på Havråtunet, fortel Brita Skre.
Styret for Havråtunet har søkt om å få Havråtunet inn på Unescos verdskulturarvliste, men det står att å sjå om dei lukkast.
|