”Fana maallag vil fremja maalsaki og faa norskt maal i bruk att i Fana”, lyder føremålsparagrafen. Det er verd å stogga litt ved denne vendinga ”i bruk att”:
Då Riple skule i 1907 innførde nynorsk, eller landsmål, som det heitte då, hadde ikkje dette målet vore i bruk som skriftspråk før. Riple-elevane, som andre skuleborn, hadde måtta både lesa og skriva eit danskpåverka bokmål som måtte vera svært framandt. Det målet som dei no skulle skriva, var heilt nytt for dei. Men det var bygt på talemålet, og såleis likevel meir kjent og kjenneleg for borna i skulen enn bokmålet hadde vore det.
Likevel seier denne formuleringa i den nye lova for Fana mållag - ”i bruk att” noko viktig og aktuelt for Fanabygda: Talemålet var under press frå nærleiken til byen, og då kunne det i sanning verta aktuelt å vakta og arbeida for å nya opp att det velbrukte og fasttømra talemålet i Fana.
Talemål og skriftmål, samanheng og motsetnad. Hjartebarn og problembarn begge delar. Ikkje minst her i Fana. Borna frå nynorskskulane som kom til den høgare skulen på Paradis for å ta middelskule- eller studenteksamen, fekk kjenna det på kroppen. Meir enn i mange andre bygder. Det var så store motsetnader i ein så bynær kommune. Det var ulik undervisningsplan og organisasjon for byskulen og landsskulen i Fana hadde me begge delar: store 7-delte byskular og fådelte landsskular . Det fanst eitt villa-Fana nær byen, eitt bonde-Fana lenger ute og eitt arbeidar-Fana rundt dei store verksemdene.
Ikkje underleg at skulemålet vart ei kampsak, og Fana mållag har teke mang ein dyst i det stykket. Lærar Knut Svoren, styremedlem ved skipinga, skriv i Fanaboka om dei første 25 åra av laget si soge. Der heiter det:
”Det som mållaget no tok sigte på var å få det norske målet teke til upplæringsmål i skularne. Men alle skyna at det skulle eit langt og grundig arbeid til, fyrr nokon fleire av krinsarne vilde ganga yver frå det tilvande framande og til det heimlege norske målet. Det var både seige og sterke krefter som var imot. Men mållaget arbeidde i den visse voni at framtidi var vår. Ved foredrag, småskrifter, ordskifte på møte og mann og mann imillom, vart det freista verka på folk og vekkja godhug for målsaki.”
Knut Svoren skriv dette tidleg i 30-åra. Av dei då 15 skulekrinsane i Fana hadde ni gått over til nynorsk, og i ein av byskulane var det skipa ein parallellklasse med nynorsk hovudmål. I 1909 fylgde Skeie og Liland føredømet til Riple-krinsen. I tiåret deretter kom Søreide, Samdal, Kaland, Nordvik, Hjellestad og Krokeide til.
Svoren sluttar kapitlet om Fana mållag med å ymta om at somme kanskje tykkjer det ikkje er så mykje vunne etter alt arbeidet. ”Då lyt eg minna um”, skriv han, ”at me er næraste grannen til den største byen på Vestlandet, og at mykje av bygdi er reine villa- og bystrok som slett ikkje er meir mottakelege for norsk nasjonal påverknad enn sjølve byen. Og målfolket i Fana gjer helst vel i å halda klårt for seg at for framtidi gjeld det ikkje berre um å vinna nytt land for målsaki, men mest like mykje um å verja det som alt er vunne.”
Svoren var framsynt, har det vist seg. Men om han kunne føresjå at så store delar av Fanabygda skulle bli ein ”soveby” for folk som hadde arbeidet sitt i byen, er vel knapt å tru.
I trettiåra stogga framgangen for nynorsk i skulen, og etter krigen gjekk nynorskprosenten ned. Fana mållag skipa ei skulemålsnemnd, og arbeidet i seinare år har mykje stått om å prøva å hindra overgang til bokmål ved å mobilisera i krinsane føre røystingar. Sidan 70-talet har nok dette stort sett vore ei tapt sak.
Mållaget har også arbeidd for å skipa parallellklassar, men då dette er mest aktuelt i dei tidlegare typiske landsskulekrinsane, har det vore vanskeleg å få til å høva med elevtalet som har vore kravt.
Også kyrkjemålet har vore eit aktuelt arbeidsområde for mållaget. Tidleg tok laget til å arbeida for at salmane til Elias Blix skulle bli tekne i bruk ved gudstenestene. Det vart halde messer både i Fana og Birkeland. Det vart spreidd småskrifter om desse salmane og halde foredrag om dei fleire stader i bygda. Alt i 1907 vart det røysta over dette i dei to kyrkjene, og med stort fleirtal vart det vedteke at der ”til vanleg skal verta sunge minst ein Blix-salme ved kvar gudstenesta.”
I 1937 vart så Nynorsk salmebok innrøysta i Fana sokn med stort fleirtal.
Skulemål og kyrkjemål tek naturleg nok stor plass i Fana mållag si historie. Men laget har også på mange andre område engasjert seg til beste for nynorsk kultur og nynorsk mål.
Eit forvitneleg døme er ein kveld som laget skipa til i 1921, ei tevling i ”Norsk tale”! Domsmenne lektor Seim, Fjøsanger, og verksmeister Mons J. Flæsland, peika ut vinnarane: nr. 1 Alv Hordnes. Maria Lerøy, Rå, og Ola L. Flesland skifte andrepremien.
Det må ha vore gode og kunnige domarar Alv Hordnes var då 21 år og vart seinare ein kjend og omtykt skodespelar og teatersjef på Komediateatret., som også seinare gjesta Fana mållag. Den naturlege bruken av heimemålet, både på scenen og utanfor, vart seinare Hordnes sin store styrke. Det var fanamålet rett nok noko normalisert, som var den trygge og ekte kjernen i rollene hans, og som var med og skapte den fine innlevinga. Det same viste seg når han las opp eller spela ei rolle i radioen”, skriv Kari Gaarder Losnedahl i eit Hordnes-portrett i Fanajul. Maria Lerøy var lærarinne på Skeie skule i mange år. Ho brukte talemålet sitt frå Sørfjorden konsekvent og var ein stor forteljekunstnar. Forteljingane hennar frå bibelsoga og folkeeventyra har sett varige spor hjå mange av oss som fekk oppleva henne, det var feststunder i skulestova.
Dette forsøket med ei talemålstevling vart seinare ikkje følgt opp, men Fana mållag har på andre måtar gjort ein stor innsats for nynorsk litteratur gjennom bokkveldane sine, årvisse sidan midt på 50-talet. Bøker har vore skaffa fram og selde på desse kveldane, og mange nye og unge nynorskforfattarar har lese og fortalt om bøkene sine, som me veit har lett for å koma i skuggen. Andre litteraturkunnige har halde foredrag, og det har vore halde Aasen-kveld, Garborg-kveld og Sivle-kveld, mellom mykje anna. Mange gode foredragshaldarar har gjesta laget gjennom åra, mellom dei professor Bjarte Birkeland, folkehøgskulestyrar Kristian Bakke og bladstyrar Per Håland.
Orientering om slike kveldar, om andre tilskipingar og referat og opplysningar elles har vorte sendt ut gjennom Fanamål, eit lite blad som går til medlemmene. Det vart første gong sendt ut i 1971.
I 1975 kom første Fanajul. Heftet vart godt motteke og tiltaket viste seg å vera liv laga. Årvisst har det kome ut og inneheld mykje verdfullt stoff om Fanabygda, både i tekst og bilete. Mange er dei fanabuar som er blitt portretterte gjennom desse tretti åra, og mange skribentar har grave fram historisk stoff og skildra slikt som skjer i notida. Samla finst det i desse årgangane eit sers verdfullt tilfang som utvidar kunnskapen om bygda og folket her.
Og ti år seinare, i 1985 kom den første Strilekalenderen og gav oss meir kunnskap om utviklinga. Tid og merke heiter han, og har primstav, som var dei gamle sin måte å rekna tida på, ved sida av moderne kalendersystem. Kalenderen kjem kvart år og dannar såleis ei stor og unik biletsamling. I byrjinga hadde han berre eldre bilete, men i mange år no har dei to bileta for kvar månad hatt same motiv frå ulik tid - ”slik såg det ut den gongen, og slik ser det ut no!” Oddvar Skre har vore og er ei berande kraft i arbeidet med kalenderen.
Fana står i ein særstilling mellom vestlandske bygder, og mållagsarbeidet har teke merke av det. Me bur i ei bygd som også er ein by. Folket her hadde ein kultur som i tidlegare tider verka framand for mange av byborgarane. Fanabuen var nær granne til byen, men likevel ein stril. Me hadde både landsskule og byskule, dei hadde kvar sin skuleplan, og desse var nokså ulike i skipnad. Avstanden mellom samfunnslaga var større enn i andre vestlandske landkommunar, hevdar Karl Egil Johansen i Bygdebok for Fana. Me kan leggja til at ulikskapen mellom bymål og ”omlandsmål”, om me kan kalla det slik, er mykje større i Bergen enn i nokon annan by i landet. Dette hevdar Anton Chr. Meyer i artikkelen Bergensaren og fanabuen, trykt i Fanajul 1977.
Når ein ser tilbake, blir det klårt at aktivt målarbeid er kulturarbeid i seg sjølv.
Fana mållag har i desse hundre åra arbeidd på fleire frontar: Å få nynorsk mål teke mest mogleg i bruk som reiskap for uttrykk generelt, og å spreia kunnskap om nynorsk kultur, både lokalt og i vidare ringar.
|