Isfiske på Arnavågen
Av: Egil Ytre Arne

Like visst som vinteren kom med ein lengre kuldeperiode, var det isfiske på Arnavågen. Me ungane hadde respekt for isen. Han kunne vera farleg. Gjekk ein gjennom kunne det vera slutten.

Kvar gong isen la seg, kom praten i gang om kor mange tommar tjukk han måtte vera før han var trygg. Det var dei som meinte det skulle ikkje så mange tommar til før ein kunne våga seg utpå, for sjøisen var seigare enn isen på ferskvatn.
Først utpå var dei ivrigaste isfiskarane. Det vart skjemta med at dei mest motige tok seg utpå når dei såg kråka torde setja seg. Dette var karar som kjende Vågen ut og inn og visste kvar ein kunne gå og kvar ein ikkje kunne gå. Dei fekk ha isen for seg sjølv enno nokre dagar før det vart sagt at isen var trygg slik at andre kunne våga seg utpå. Men sjølv då var det grunn til å passa seg.
”Pass deg før flo-isen”. Som ungar innprenta dei vaksne oss kvar dei farlege plassane var – storelvosen inst i vågen, og sundet mellom Holmen og Seim og andre stader der det var sterk straum. Når mildveret kom og isen gjekk opp, kom dei farlege plassane først til syne med ope vatn.

 

Var ein lengre ute enn Festtangen, var det enno ein fare. Ein måtte halda utkikk etter dei store båtane som gjekk til Vaksdal med kornlast. Om isen låg like til Garnestangen, kunne sjøen båtane laga på kort tid bryta han opp heilt inn til Festtangen. Med fjærande sjø og utgåande straum tok det ikkje lang tid før isflaka flaut utover.

Ein gong hende det seg at ein av dei gamle isfiskarane vart med på eit isflak som tok laust ved Skjæret (ved O. H. Betong). Med seg på ferda hadde han sparkstyttingen sin og skjeljeklora. Hjelpelaus ropte han på hjelp medan han seig utover. Til all lukke høyrde ein av gardbrukarane ropa, og sprang til naustet, fekk ut båten, og fossrodde etter havaristen. Han nådde den hjelpelause att ved Seglet utom Festtangen, og berga både mann og reiskap.

Når ein oppdaga dei store båtane ute i Sørfjorden, var det berre å koma seg på land så fort som råd, eller skeise så lang innover at ein kunne kjenna seg trygg. Når bårene kom, vart det ei voldsam spraking etter som isen vart knekt opp. Det kunne såleis vera både spaning og dramatikk på sjøisen.

Ein måtte vera godt kledd på isen. Til beksaumskorne på beina festa me snabelskeisene ved hjelp av reimer. Seinare fekk snabelskeisene avløysing av meir moderne lengdelaup-, hockey- eller bandyskeiser, som vart festa til skorne på same måten. ”Skoskeiser” var sjeldne å sjå.

For isfisket var utstyret gjerne kjelke eller krubbe med ein liten margarin- eller eplekasse av tre på, tollekniv til å skjøyna skjel og til å bløgga fisken, øks til å hogga fiskeholet i isen. Vidare måtte ein ha nokre ikkje for tjukke og heller ikkje for tynne sveper til å setja fast i isen til å hengja snøret på medan det fiska. Snøret hadde søkkje med forsyn og ongel. Agn var ofte det store problemet. Dei fleste som dreiv med fisking i Vågen visste kvar fisken var å finna. Etter å ha funne mêet sitt, hogg ein seg eit hol på omlag 30 til 40 centimeter i diameter. Den runde iskladden som hadde fylt holet vart trekt opp på isen og plassert som støtte for piska som snøret skulle festast til. Det vart hogge ei grop for feste av piska. Gropa vart fylt med knust is og vatn frå holet og piska fraus fast rimeleg fort. Men så var det agnet. Med skeiser på beina tok ein seg snøgt fram på isen og tok opp jakta på einkvann av dei vaksne isfiskarane. Dei brukte oskjel til agn og hadde kunnskap om kvar oskjela var å finna og hadde reiskap til å få tak i skjela. Som regel vart det råd å få tigga til seg ei skjel berre ein heldt seg på avstand frå fiskeholet og snøret deira. Skeisene var kvasse som knivar og kunne lett skjera sund snøret som låg på isen. Så bar det attende til holet vårt - eigna på - sleppa ned til søkkje nådde botnen - dra opp ein famn - knyta lykkja på snøret – og så hengja lykkja på piska. Når dette var gjort, var ein som regel så kald at ein måtte slå floke for å få att varmen i hender og fingrar. Med stor spenning følgde vi med når fisken nappa og gjorde utslag på piska. Torsk og hyse vart landa på isen. Ei og anna flyndre kunne også slengja. Mang ein kokefisk vart teken på denne måten.

No vert ikkje isen liggjande som før. Innafor Holmen kan ein nok oppleva at han legg seg, men vert sjeldan liggjande så lenge at han er trygg, kva no det kan koma av. Utafor Holmen syter båttrafikken for at han ikkje får leggja seg. Nei, isfiske på Vågen er truleg borte for godt. Og dei gamle isfiskarane? Dei er også alle borte saman med den gamle tida.