Lærar for livet
Av: Ove Mellingen

Norsk skule. Eit kontinuerlig debattema. Alle har gått der,
difor meiner alle at dei har spesielt grunnlag for sterke
meiningar. Og spesiell innsikt i skulens utfordringar.
Sidan "Lov om skule på landet" - frå 1739 - har skulegong
vore ein del av livet til alle ungar i Noreg.
 

Eg hugsar korleis eg med stor auge følgde den svenske TV-serien "Lære for livet", frå ein Stockholmsskule på 1970-talet. For det første var dei unge svenskane mykje meir prega av urban livsstil enn det miljøet frå Lone eg sjølv kjende. For det andre var problema godt skildra, det vera seg rusmisbruk, foreldreproblem eller sex, som fortalte om ei verd langt unna Kardemommeby-livet på Espeland, der eg sjølv vaks opp.

Litteraturen er òg proppfull av kulissar frå skulemiljø - skildringar av outrerte eller vanlege skuleklassar, lærarar og skular. Ask Burlefots angstdirrande, sveitte og totalt sjølvutslettande debut som hjelpelærar i heimbyen, og raskt påfølgande karrieretopp som skulestyrar på handelsskule i Nord-Noreg i Agnar Mykle sine bøker. Både Lasso'en og i Rubinane er råsterke. Ikkje minst den delen - som er dirrande erotisk i bøkene hans - og som kanskje kan sporast til Espeland og Janusfabrikken. Om ein fest med fyll og fanteri, og ein frodig og famøs omgang i ein litt mindre frodig hage, kanskje omtrent ved Janus. Kven veit. Eg synes det lukta Janusbakkane heile vegen. Frå Janus og opp Lonaleite til skulen. Lone skule.

Sjølv sit eg med gode minne frå skulen. Spesielt på grunn av ein stor mann. Ein mann eg ville nemnt om eg fekk Oscarstatuetten (Det er vel om lag like sannsynleg som at Elvis landar med UFO i Haukelandsvatnet og tar inn hos Henry'en på Lone Camping) "Først vil eg takka mor mi og far - som på sett og vis gjorde dette mogeleg - og så vil eg takka Johannes Severin Hamnøy".
Men takksemda er ikkje fleip. Eg føler meg audmjuk når eg tenkjer på Hamnøy. Han var læraren min frå 3. til 6. klasse på Lone skule. Han var gamal. Han var eigentlig uhorveleg gamal på den tida - over seksti. Og på søttitallet var det å vera over seksti gamalt. Spesielt for meg som var mellom 10 og 13 år. På grunn av sin høge alder blei han gjenstand for mykje kritikk. Som om alternativet til å bli gamal var betre. Men nokre av foreldra i klassen meinte at han var for gamal til å læra frå seg - som dei sa. Store oppgjer mellom grupper av foreldre i Kardemommeby.

Han var altså læraren min - og sjølv om vi i klassen ikkje lærte så mykje av han, vi gjorde kanskje ikkje det, var det vi lærte viktig.
Hamnøy'en hadde evna til å skilja ut det som var vesentleg. Det sit spikra då han droppa alle faga ein vakker vårdag for å læra oss snottungane nasjonalsongen. Ikkje på den puggande måten. Ikkje utan-att, som vi sa, og medvitslaust. Ikkje "dei to fyrste og siste versa". Nei, Hamnøy'en, vi kalte han med etternamn, lærte oss historia bak versa. Alle åtte.
Kva betydde dei snirklete orda. Kva meinte eigentleg Bjørnstjerne Bjørnson og Rikard Nordraak når dei laga songen. Kva meinte Bjørnson då han skreiv: "talte Roma midt i mot". Dette må ha vore for akkurat 30 år sidan, men det har brunne seg inn i minnet mitt. Eg fekk eit forhold til vår vakre nasjonalsong som eg kjem til å behalda livet ut.

Nasjonalsongen blei gjennom Hamnøys undervisning ei innføring i 900 års norsk historie. Krigens dagar. 400 år under Danmark. Kong Sverre. Fedrene kjempet - men mødrene gjorde langt meir enn å grina. Ikkje tok vi friminutt den dagen. Vi åt i klasserommet. Sikkert brot på åtte av ti regler om pedagogikk - og ein drøss med paragrafar i arbeidsmiljølova. Men det var verdt kvart einaste lovbrot. Eg hugsar det som om det var i går. Og eg tenkjer: Kor heldige vi var, A-klassen på Lone skule som fekk ha ein slik lærar. Johannes Severin Hamnøy døydde for nokre år sidan. Då var han yngre. I mitt hovud. Hans kraft som vital og overbevisande - som ung og dynamisk, blei klårare for meg med åra.

Det å vera lærar er ikkje berre eit yrkesval. Det er ikkje berre ein karriere. Men uansett kor kort skulegong som eg har hatt, har eg vore framifrå heldig med lærarane mine. Eg kan nemne Munck-Jenssen, Espe og Grøteide på Garnes. Og Sylta, Miljeteig og Boge. Og eg må innrømma at dei var langt betre lærarar enn eg var elev. Men så er kanskje det og meininga - at alle fortener å få litt betre lærarar enn - ehm - fortent. Likevel, må eg tilstå, kjem ingen opp mot han eine på Lone skule. For bak mi tyding av heidersomdømet ”lærar for livet” - lyser namnet Johannes Severin Hamnøy.