Mål og Miljø er eit kultur- og lokalhistorisk årsskrift for Arna.
Heftet kom med første nummer i 1976, og er utgjeve av Arna Mållag med Dag Anton Boge som redaktør.

Mål og Miljø 2005 er no i sal i Arna. Har du vanskar med å få tak i heftet kontaktar du redaksjonen
på 55 22 11 27 / 911 96 884, eller på e-post: post@dabinfo.no.

Artiklar frå Mål og Miljø:
Artiklar Mål og Miljø – kronologisk
Artiklar Mål og Miljø – alfabetisk etter forfattar

Martha Ostenso (2001)

Bibliografi (2003)
By-ferdsle i eldre tider (2003)
Fattige i Arna på 1700-talet (2003)
Kulturhuset Sentrum, Ytre Arna (2003)
Minne frå fangeleiren på Espeland (2003)
Omgangsskulen i Haus (2003)
Skulane som skapte bygder (2003)
Sogearbeidet i Arna (2003)
Turvegane i Reppadalen (2003)

Baronen på Haugland (2004)
Dystert minne frå Gullfjellet (2004)
Då Moldalia skifta fangar (2004)
Freskene i Ytre Arna (2004)
Har stellt russargrava sidan 1945 (2004)
Havråfilmen (2004)
Isfiske på Arnavågen (2004)
Lærar for livet (2004)
Rugdetrekk på Espeland (2004)
So seier segna (2004)

Dampen som ikkje ville døy (2005)
Espeland leir: Då dei allmektige vart avmektige (2005)
Gamal steingard på Unneland (2005)
Ytre Arna Historielag (2005)

Hundre år for nynorsk i Fana

Kommentarar/spørsmål om artiklane: post@dabinfo.no
Tlf: 55 22 11 27 / 911 96 884



Teikna av Camilla Myking Isdahl
Teikningar frå Ytre Arna og Arne Fabrikker, 2005
Det er Camilla Myking Isdahl frå Arnatveit si teikning av Industrihuset i Ytre Arna som prydar forsida av 2005-utgåva av Mål og Miljø. Camilla går i klasse 2FOTFB ved Garnes Vidaregåande skule. Mål og Miljø har dei siste åra kvar haust utlyst teiknekonkurranse mellom elevane ved skulen, der dei får oppgitt eit konkret tema. I år var temaet Ytre Arna, fabrikken der.
”Camilla har fått fram det som blant folk flest oppfattast som stemninga i fabrikkstaden i 2005 med sin heller dystre teikning av ”symbolbygget” i Ytre Arna”, heiter det mellom anna frå juryen. Vinnaren får diplom og ei pengegåve på kr. 1000,- frå Arna Mållag og Mål og Miljø. Gratulerer Camilla!

Tre andre teikningar merkte seg også ut, og vil truleg verta nytta som illustrasjonar i neste utgåve av Arna Mållag sitt årsskrift. Desse teikningane er laga av Kaspar Vigestad, Marita Monsen og Marianne Lavik.
Redaksjonen


Teikna av Marianne Lavik

Teikna av Marita Monsen

Teikna av Kaspar Wigestad