Omgangsskulen i Haus
Av: Gunnvald Strandenes
Teikning: Johannes Mjeldheim

Soga veit å fortelja om kor gammal skulen er her i landet, men ingen veit alderen på opplæringa. Opplæringa gjekk i arv. Far lærde son, mor lærde dotter.

 

Men alt tidleg i sogetida augnar vi læraren. Det var gamle menn med livsrøynsle frå krig og fred. Sønene til gjeve menn vart sende til desse lærarane for å bli oppfostra. Håkon Adelsteinsfostre, eller kong Håkon den gode, fekk opplæring den vegen. Mange andre fekk også det. Ymse gamalnorske skrifter fortel om denne opplæringsmåten. I Håvamål talar røynde og vise lærarar, og gjev levereglar og gode råd til læresveinane sine, for tid og framtid. Kongespegelen er ei anna bok om oppseding og opplæring. Boka gjev oss eit levande døme på ei opplæringsform som var utprøvd lenge før Kongespegelen var skriven. Ein ung og forviten son spør, og ein klok og røynd far svarar. Faren seier: ”Opphavet til visdom er å ottast Gud den allmektige og elska han. Ver snar og djerv; men ikkje slik at det går ut over helsa di. Ver lett til sinns, for eit tungt huglynde er sjukt. Pass på tunga di. Vara deg for drykk.” Her er døme på korleis far lærde son ætt etter ætt om turvande kunnskap som det daglege livet krov.

Etter at kristendomen vart innførd, måtte alle få kristen kunnskap. I katolsk tid var ikkje krava store. Den norske kristenrett frå år 1280 krov: Kvart barn over 7 år skulle læra:
1. Credo – Truvedkjenninga.
2. Pater Noster – Fadervår.
3. Ave Maria – Engelen si helsing til Maria.
Reformasjonen har æra for eit ordna skulestell i Noreg. Prentekunsten hjelpte til. Folk måtte læra å lesa. (Bibelen). Biskopen, prosten, soknepresten og degnen hadde ansvaret.

Ordinantsen frå 1539 seier: ”Ungdommen må opptugtes i bogen og gode konster til Guds Hellige ord og den Hellige skrift, at børnelærdommen må være udi alle huse, og at bondebørn herefter må vide det som ei alene bønder, men også ædele mænd, ja konger og fyrster hittildags ikke har vidst.”

Pietismen har mykje av æra for opplysningsarbeidet i Noreg. Konfirmasjonen vart innførd i 1736 og krov at alle skulle ha lært meir enn før for å verta rekna som vaksne og lemer av kyrkja. Folk kunne heller ikkje få full borgarrett før dei var konfirmerte. Ved lova av 23. januar 1739 gav kong Kristian 6. den første skulelova for Noreg og Danmark. Lova krov mykje. Borna skulle gå på skule 5 til 12 veker for året. Fag: kristendom, dansk, lesing, skriving og rekning. Lova tok oppatt påbodet frå 1645 om at ungdommen skulle læra så mykje kristendom at presten kunne konfirmera dei. Det skulle vera minst ein fast skule i kvart prestegjeld, med skulehus ved hovudkyrkja. Lova fekk motstand. Folk hadde dårleg råd og ville ikkje betala. Den 5. mai 1741 sende riksstyret ut melding om at kvart prestegjeld fekk skipa skulen som det høvde best. Soknepresten, medhjelparar pluss nokre vyrde bønder skulle setja saman skulefundatsen. Kong Kristian 6. si første skulelov fekk såleis lite å seia for Noreg, bortsett frå at det vart på eit vis kommunalt styre frå første stund i skulen.

I 1742 fekk Haus sin skulefundats. Det skulle vera 3 skulehaldarar i prestegjeldet. Skulen skulle gå på omgang. Det var ingen fast krinsskipnad, men borna kunne søkja den skulen som høvde best for dei, og læraren hadde plikt til å ta imot så mange born som det var plass til kring bordet. Kvar bonde plikta å ta imot skulen. Kven ville så bli lærar? Han hadde inga utdanning.
1. Den som tok på seg oppgåva, kunne sleppa gjera militærteneste. 7 års teneste i skulen gav rett til fritak.
2. Den som hadde eit kroppsleg lyte, var ufør og hadde vondt for å gjera tungarbeid, kunne brukast som lærar.
3. Presten plukka ut flinke konfirmantar som han gav ekstra opplæring og instruksjon, og desse kunne ofte gjera godt arbeid i skulestova.

Men arbeid i skulen krov mykje av læraren, og ingen eller få vart gamle i yrket. Dei fleste slutta for å finna eit yrke dei kunne leva av. Læraren skulle ha 10 skilling i løn av kvar bonde om året, og han skulle krevja inn løna sjølv. Dette førde til mykje strid, og læraren hadde vanskar med å få inn pengane. På Herland, Songstad og Tunes ville bøndene plent ikkje betala, men lova læraren juling om han ikkje kom seg heimatt. Læraren klaga til presten, og han kalla dei tre hovudmennene for opprøret til å møta i sakristiet i Haus 15. august 1745, for å stå til rette. Då preika var slutt og gudstenesta over, ropa presten på dei, men dei kom ikkje fram. Presten gav seg god tid, men endå om desse mennene var i kyrkja, ville dei ikkje snakka med presten. 26. august 1745 sende presten saka til stiftsdireksjonen med krav om at lærarløna kunne bli kravd inn av futen, og at dei tre mennene vart straffa.

Målet for skulen var at borna lærde så mykje kristen kunnskap at dei ”slapp fram for presten”. Mange streva, men slapp ikkje fram. Dei gjekk om att og om att. Det var hardt og sette vondt blod. ”Ingen gutt eller pike må troloves eller ektevies før de er velbefundne i sin børnelærdom.” Det rann mange beiske tårer frå dei som var råka av denne forordninga, og mindreverdskjensla spreidde seg. Alderen på konfirmantane var på jammen 16 – 18 år. Andre kunne vera over 20. I boka ”Storegut” oppmodar Vinje til sivil ulydnad når han seier til han som må gå om att for presten: Kast boka di gut og gjev presten ein sau, så slepp du frå all denne lærdom.” Dei skuleflinke kom lettare fram, og fekk ein brukbar plass på kyrkjegolvet konfirmasjonsdagen. I boka ”En glad gutt” fortel Bjørnson om Øyvind og Marit som vart nr. 1 på golvet. Ikkje noko å takka dei for, kanskje.

Skulelova av 1739 fekk som vi har høyrt, lite å seia for utviklinga i skulen og like fram til vi fekk den første skulelova i 1827, vart det gjort små endringar i skulen.
1. Etter denne lova skulle den årlege skuletida aukast.
2. Det skulle kjøpast inn meir inventar.
3. Kristendomskunnskap og lesing var enno viktigaste faga.
4. Skriving, teikning, landkunna, soga og naturkunna var frivillige fag, men berre i dei faste skulane.
5. Lærarløna skulle opp til minst 20 riksdalar årleg.

Det er framleis omgangsskulen, og ein augnar fast skule langt framme. Prost Heiberg skriv i visitasen den 7. august 1839. ”Ungdommens undervisning besørges av 9 omgående skole-holdere, som forretter deres ombud upåklagelig.” Utetter i 1850 åra går det framover med skulen. Det vert skipa fast skule i Hausvika 1859 i huset Lina Prahl gav Haus prestegjeld i 1838. No er det 2 faste skular i Haus når ein reknar fabrikkskulen med. Det var ikkje noko stort framsteg som vart gjort med lova om ”almueskolevæsenet på landet av 18. mai 1860.” Storparten av folket vart sett på som ”almue” og trong ikkje opplæring som vanlege folk. Betre vart det i 1889 då dei fekk ”Folkeskoleloven” i staden for ”Almueskoleloven”. Berre namnebrigde peika i rett lei.

År 1860 kom ny lov om skulekrinsar med skulehus, og dette førte til aktivitet på skulefronten utover mot hundreårsskiftet. Første gongen spørsmålet om å byggja skulehus var oppe i Haus, var i 1865.

Ådnasokna vart då skilt frå Haussokna, som hadde fast skule, og Ådnasokna ville ha det same. Søknaden vart avslegen i første omgang, men skulen vart bygd få år seinare. I 1883 søkte Takvam krins om å få skulehus, og skulekommisjonen talde til. Huset vart bygd på Takvam og stod ferdig i 1886. Bøndene på Tunes og Tunestveit søkte skulekommisjonen om å ha omgangsskule som før, men kommisjonen sa nei, og heldt fast ved vedtaket sitt. Etter den tid finn ein omgangsskulen på dei stader der folk bur grisgrendt, i Nord-Noreg og på Vestlandet. Visst er det at skulen hadde arbeidd under skiftande forhold frå bygd til bygd, alt etter interessa hjå dei som styrde med han.

I 1780 åra kunne ein prest i Telemark opplysa om at i Haus prestegjeld kunne dei fleste både skriva og lesa skrift, ”ja, selv Fruentimrene”. I andre bygder vart skulen møtt med mistru og uvilje. Dei unge hadde ikkje godt av all den boklege kunnskapen, dei vart innbilske og hovmodige. Om gutane hadde lært å lesa og skriva, var dei derfor ikkje flinkare å spreia møk. Heller ikkje jentene flinkare å mjølka kyrne.

Den nye almueskulelova av 1827 tok særleg sikte på å styrkja skulen i distrikta som hadde mest motvilje mot han, og 10 år seinare kunne ”rikets skolestyrelse” gje opplysning om ”Skolens tilstand i landet.” I 320 prestegjeld var i alt 175.000 skulepliktige born, fordelt på noko over 7000 skular. Det var enno berre 200 faste skular. 87 prosent av borna gjekk i omgangsskular, 8 prosent i faste og 5 prosent gjekk ikkje i skulen i det heile. Nokre p.g.a. lang og vanskeleg skuleveg, andre p.g.a uvilje mot skulen, men dei aller fleste p.g.a stor fattigdom. I boka gjorde dei det best som gjekk i fast skule. I fastskulen lærde 40 prosent av elevane å lesa, i omgangsskulen 20 prosent. I fastskulen lærde 33 prosent av elevane å rekna, i omgangsskulen 11 prosent. To prosent av elevane i fastskulen fekk opplæring i geografi, historie og naturfag, men berre ein prosent i omgangsskulen. Målet var å oppretta flest mogeleg faste skular i Noreg, men om det vart det sagt at ”man vil aldri komme så langt at alle barn i Norge kan gå på faste skoler.” Så seint som i 1936 var det enno 9 omgangsskular i landet. Men i Arna var det no etablert fast skule i alle krinsar. Me har no sett på korleis omgangsskulen i Arna utvikla seg.

---

Artikkelen ”Omgangsskulen i Haus” står trykt i boka ”Skulen i Arna. Ei historisk reise.” – utgjeven av Arna Sogelag i 2003.
Med løyve frå Arna Sogelag har Mål og Miljø gjeve att første kapittel, ”Omgangsskulen”.
Boka er framleis å få kjøpt av Arna Sogelag.