Det er ein mild vårkveld tidleg i april. Eg går langs ein skogsveg like i nærleiken av fangeleiren på Espeland saman med kona mi og dei to hundane våre. På denne tida tek vi gjerne kveldsturen litt seinare enn vanleg. Det gjer vi rett og slett i håp om å treffa på dei første rugdene. Når vi gjer eit lite stopp, set dei seg andektig ned og lyttar grundig etter om dei kan høyra noko pistring eller knotring frå desse merkelege fuglane. Er dei endeleg komne attende frå varmare strok?
På våre kantar kjem nok dei fleste rugdene om våren frå Storbritannia ein eller annan plass. Rugda driv med trekket sitt både i skumringa og i grålysinga. Men sjølv føretrekk eg å sjå etter rugda seint om kvelden fordi stemninga i skogen er så spesiell då. Kanskje det har noko å gjera med at det vert mørkare og mørkare om kvelden, medan det motsette er tilfelle om morgonen.
For meg er rugdetrekket det beste vårteiknet ein kan tenkja seg. Eg følar på meg at det nesten vert ein slags høgtidsstund der vi står ute i tussmørkret og får auge på den første rugda. Hendinga gjev meg ei kjensle av stor takksemd. Kanskje fordi rugda sin retur frå sørlegare breiddegradar er eit teikn på at naturen likevel ikkje er gått heilt i stå. Det er nett så rugda vil fortelja meg at alt er i orden med Mor Jord:
- Slapp av. Eg er tilbake. Alt er som det skal vera!
Ein av dei mest fascinerande sidene ved rugda, er at ho kjem attende til stort sett dei same plassane der det i fleire generasjonar har vore rugdetrekk. Vårtrekket fylgjer nesten alltid dei same høgdedraga og dalsøkka som tidlegare år. Ikkje rart at ein av og til undrar seg på om det er dei same fuglane som vender attende til plassen sin år etter år.
Men skal ein tru vitskapen, så er no akkurat det heller tvilsamt. Grunnen er at mange av fuglane døyr i løpet av vinteren. Berre i Storbritannia skyt dei over fire millionar rugder kvart år. Rugda er nemleg over heile Europa rekna som ei av dei alle beste matfuglane. Difor er det grunn til å rekna med at ein mellom vårrugdene finn både eldre og yngre individ. Enkelte ringmerkingsprosjekt kan tyda på at ein god del av ungfuglane vender attende til det området dei veks opp i. Men mange av fuglane er nok ”nye”.
Medan vi går der inne i skogen og gler oss over trekket, hugsar eg på noko merkeleg eg las om rugda for nokre år sidan. Visstnok som einaste fugl i verda kan rugdemora ta ungane sine mellom nebbet og føtene dersom ho vil fly dei til ein sikrare plass. Jau, det er noko heilt særmerkt med denne langnebba, litt mystiske fuglen. Ikkje rart Tarjei Vesaas blei inspirert av nettopp rugda - Scolopax rusticola - då han skreiv ”Fuglane”.
Sjølv om det etterkvart har vorte ganske så mørkt ute i skogen på Espeland, får eg auge på ei ny rugde like over hovudet mitt. Denne gongen er det nesten som om fuglen gjer ein liten manøver for å koma rett over oss. Kanskje for å seia noko slikt som: - Hei der nede! Her er det eg som bur. Sjå å ha dykk vekk. Ikkje kom her og prøv dykk på dama mi eller meitemarkane mine!
Forskarane meiner at det framleis er uløyste spørsmål knytt til rugdetrekket. Men stort sett er dei samde i at trekket har med både forplanting og ei slags revirhevding å gjera. Forskinga har vist at det berre er hannfuglane som er med på trekket, noko som understrekar at ein viktig del av rugdetrekket har med forplantinga å gjera.
Tidlegare var det mange som hevda at trekket ikkje kunne ha noko med forplantinga å gjera. Grunnen skulle vera at det går føre seg langt etter den normale paringstida. Men dette er ikkje rett. For det viser seg at det langt frå er uvanleg at rugda legg to sett med egg. Normalt legg rugda 4 egg, men dersom reiret nedpå bakken vert plyndra eller på anna vis øydelagd, legg ho gjerne eit nytt kull.
Eg har sjølv sett nyklekte kyllingar så seint som i midten av august, sjølv om dette ikkje er vanleg. Oppfatninga om at vårtrekket ikkje skulle ha noko særleg med paringa å gjera er nok ein del av bakgrunnen for vårjakta på rugda tidlegare år. No er denne jakta heldigvis forbode.
I fylgje ekspertane er rugda polygam. Når hoa har valt ein hann, varer parforholdet til ho er ferdig med egglegginga, som tek omkring ei veke. Deretter held hannen fram med sitt fluktspill for å trekkja til seg nye hoer. Ein gong ut på sommaren sluttar trekket. Eg har opplevd rugda trekka heilt ut i midten av august. Men vanlegvis er det slutt på trekket i slutten av juli.
Men så skjer det noko pussig. For nesten som i eit blaff, vert det fullstendig tomt for rugde i skogen rundt på Espeland. Berre ein og annan ”slengjar” sit igjen i terrenget medan dei aller fleste fuglane dreg både nordover og innover i landet. Der blir dei til omkring månadsskiftet oktober/november. Men då kjem dei til gjengjeld attende i hopetal.
Etter at kulla er løyst opp, likar rugda å vera aleine. Når jakta startar, er det sjeldan du ser to rugder samtidig. Den nederlandske spritprodusenten Bols utlova jamvel for nokre år sidan ei flaske Genever til kvar den jegeren som kunne dokumentera at han hadde skote såkalla dublé på rugde. Altså to rugder samtidig.
Det er blitt seint på kveld no. Rugdene slær seg til ro i nokre timar. Først ut på morgonkvisten tek dei til å fyka igjen. Vi tutlar oss tilbake til huset. Det er ei trolsk stemning i skogen, og eg tenkjer med meg sjølv:
Det er godt å vita at der inne i mørkret sit det nokre fjørkledde, små kroppar som snart skal ut å fyka igjen. Dei er med på å gjera skogsturane om våren på Espeland til noko heilt spesielt. Berre ta deg ein tur sjølv, så blir du kanskje like ”hekta” som eg på rugda sitt vårtrekk.
Eg gler meg allereie til neste vår.
|