Skulane som skapte bygder
Av: Kjartan Rødland

Det var ti-tolv stasjonar og stoppestader langs jernbana
som gjekk gjennom fastlandsdelen av gamle Haus kommune,
frå Trengereid og Risnes i aust til Espeland, Lone og
Haukeland i vest. Mesteparten av den gamle bana er borte,
men kanskje finn vi her forklaringa på kvifor det same hender
med eitt eller to års mellomrom: Skulebyråkratar og skule-
politikarar i Bergen kjem med framlegg om å ”rasjonalisera
strukturen” ved å leggja ned ein eller fleire skular i dette
området, og like visst er det at framlegget fell. Det har med
historie, tradisjon og folkelynne å gjera.

 

Det er ikkje så lenge sidan dei no gamle, men enno trugne lærarane Dagfinn Boge, Aslaug Garnes Johnsen og Gunvald Strandenes, saman med Johannes Mjeldheim, gjorde seg ferdig med skulesoga for denne bygda. Det er eit merkeleg stykke arbeid. På den eine sida er det ei bok å slå opp i, ei bok der alt det viktigaste om kvar einskild skule er teken vare på for ettertida. Undrar ein seg på noko, kan ein fort leita seg fram til rette svaret. Men det er også forteljinga om skular, lærarar, elevar og ikkje minst foreldre. For langt opp mot våre dagar var ”Arna-skulane” – ein får kalla det så, sjølv om kommunen heitte Haus og hadde røter på begge sider av Sørfjorden – samlingspunktet, det var her foreldre og besteforeldre hadde hatt sine sju skuleår, og det var her born, barneborn og gjerne oldeborn gjekk vidare, så lenge skulehuset kunne haldast i live. Det gjorde det, for dette var lenge før skulehuset vart noko som kunne slitast og slengjast når skuleplan og inneklima gjorde huset utenleg.

Det merkelege var at då dei store tilflyttinga til Arna kom samstundes med at fastlandsdelen vart eigen kommune, og tunnelane gjennom Ulriken og Arnanipa gjorde bygdene til nære forstader til Bergen sentrum, var dei gamle skulehusa med på å gjera tilflyttarane til innfødde arnabuarar på eit skuleår eller to. I Fyllingsdalen, som fekk innflyttarbølgja om lag samstundes, tok dei skulane ”med seg” når dei kom, fire barneskular og to ungdomsskular. Rett nok fekk skulane her og der tradisjonelle namn, men dei var nye, og svært få elevar hadde røter i dalen. Skulle dei få vita noko om bygda som no vart by, måtte dei setja det på undervisningsplanen.

I Arna kom dei nye til skule der dei kjende bygda på kroppen. Eg veit ikkje om nokon stad i landet der samlivet mellom dei viktigaste kulturmerka vi har, undervisningsmålet, lettare vart praktisert enn i Arna. Det var gjerne to klassar på kvart trinn, ein for nynorsk, ein for bokmål, eller dei hadde smågrupper etter målform der det ikkje var mange nok til å skipa to klassar. For borna var det heilt naturleg å spela fotball mellom nynorsk og bokmål – kunne det berre vore så lett i samfunnet elles! Og då eitt av mine barneborn skulle spela politimester Bastian i Kardemomme by, spurde eg kvifor han hadde replikken: ”Kjære frøken tante Sofie, kan De være så snill å synge en sang for oss”, og kvifor han sa ”De” og ikkje ”du”, var svaret greitt: Det er nynorsk! Alt som var ukjent, måtte vera nynorsk.

Eitt tal i boka om skulen i Arna fortel klårare enn noko korleis bygda tok imot dei nye innflyttarane framfor å skapa isolerte nybyggjarskular: Like før nye Ådnamarka skule kunne takast i bruk, hadde dei 429 elevar i 19 klassar ved Indre Arna skule. I dag er det knapt nokon som kan skjøna korleis dei kunne få plass til 19 klassar og eit halvt tusen elevar i bygningen rett opp for den nye Arna jernbanestasjon. Det må ha gått etter den gamle sanninga at der det er hjarterom, vert det alltid råd med husrom, same kva byråkratreglane seier om kor mange elevar pr. kubikkmeter luft ein har lov til å ha. På Indre Arna skule møtte dei nye elevane Arna-born som hadde hatt foreldre og besteforeldre på same skule (om ikkje i same hus), og det viktigaste var saktens at dei også fekk lærarar som hadde ein mannsalder bak seg i Arnaskulen og som kjende kvart menneske og kvar gard. På den nye ungdomsskulen på Garnes greidde dei å få inn 6 klassar på kvart trinn, og her møtte dei nye også noko viktig, dei vart kjende med det industrisamfunnet på Ytre Arna som var ved å døy ut etter kvart som billigimporten frå Asia skauv norsk tekstilindustri til sides.

Det er sant nok, som vi har lært, at folkeskulen kom då biskop Pontoppidan på 1700-talet organiserte konfirmantundervisninga i ein skule med pultar, skrivetavler og lærarar. Men den verkelege skulesoga kom hundre år seinare, med fastskular og skulehus. Det er no skulesoga vert bygdesoge, for det er no skulen skapar lokalsamfunn. Det er krinsen som vert den nære eininga, prestegjeldet er for stort, kommunen har ikkje pengar til å gjera noko, og dermed heller ikkje makt. Skulestova vert bygd, dels på dugnad, dels ved pengeinnsamling slik at ein tømrar kan setja opp eitt hus med utedo, eitt eller to klasserom og kanskje lærarinnerom på loftet. I Arna vert denne lokale identiteten endå sterkare frå omkring 1880, då kjem jernbana med sine stasjonar og sine stoppestader. No veit folk at dei bur på Trengereid, på Tunes, på Garnes, i Indre Arna, på Espeland eller Haukeland, for det er dit dei går når dei skal reisa eller henta litt gods. Men det vert endå meir. Det vert Risneset, med gruva, det vert Romslo, Tunes, Seimsmark, Arnatveit og så vidare. Samstundes vert fabrikkane på Espeland og i Ytre Arna endå klårare lokalsamfunn, mykje meir er knytt til fabrikken og arbeidarbustadane enn til kommunen, som ein må over fjorden for å nå.

Om ein i dag skulle tenkja seg fram til ein god skulestruktur for fastlandet frå Trengereid til Haukeland, ville ein heilt sikkert ikkje gjera det ved å byggja småskular med nokre kilometers avstand. Det skulesenteret som ein litt etter litt har fått på Garnes, frå husflidsskulen til den nye fotballplassen på Seimsmark, har skapt eit kulturelt og sosialt kraftsentrum for god oppvekst. Avstandane er ikkje problemet i dag. Men ein gong var akkurat avstandane det avgjerande. Det er ikkje mange kilometrane mellom Indre og Ytre Arna, likevel var det nok til å skapa to lokalsamfunn med eigen karakter – ja, til og med bygdemålet var annleis i industribyen enn i jordbruksbygda. Det var kanskje symbolsk at delet mellom dei to samfunnet vart staden for skytebana!

I dag kan det kanskje seiast at skulen er eitt av mange ”servicetilbod” i lokalsamfunnet. Men heilt opp til våre dagar var det skulen som var lokalsamfunnet, alt anna kom fordi det låg ein skule der. Kyrkja hadde si eiga inndeling, det godtok folk, for det var Vårherre, staten og biskopen som rådde med slikt. Men bedehuset fylgde skulekrinsen, forsamlingshuset også, foreiningslivet, kulturen – for med lærarposten fylgde også plikta til å organisera det meste, frå juletrefesten og basaren til barnelosjen og mållaget. Det stod ikkje i tilsetjingsvilkåret, men folk venta det, og slik vart det.

Soga om det moderne bysamfunnet Bergen liknar litt på soga om pionertida i Amerika. Dei nye i Amerika kom til tomt land, trudde dei, for dei tenkte lite på at det budde folk der frå før, dei nye bydelane i Bergen knuste det som var av lokal tradisjon, på Landås, i Fyllingsdalen, i Loddefjord, på Flaktveit. Det same hende alle stader, berre ikkje i Arna. Slik vart eit blandingssamfunn skapt, eit samfunn som ikkje berre hadde korttidsminne tilbake til dei første blokkene reiste seg, men eit langtidsminne tilbake til det som ein gong var. Toget er borte frå dei fleste linene i Arna, og der dei framleis går, stoppar dei ikkje lenger ved dei gamle plattformene, korkje på Risneset eller Romslo. Men skulane er der framleis. Kanskje det er derfor dei fornuftige planane frå byrådet i Bergen alltid strandar på det same i Arna: Vi vil ha det vi hadde!