So seier segna
Av: Johannes Mjeldheim

Mange har undra seg over at det vart bygd soknekyrkje i Haus, og ikkje på fastlandet, med alle dei rike grender der var då kristendommen vart innførd. Det kan elles vera kort veg mellom kyrkjene kring i landet. Grunnen kan neppe vera den at heidenskapen vara lengre på fastlandet enn på Osterøy, og spørsmålet vart: Har det ein gong vore kyrkjehus på fastlandet, men som er vortne gløymde gjennom hundreåra?

Ein av dei som undrast over dette, var prost Heiberg, ein mann med stor kunnskap og interesse for lokal kyrkjehistorie, og i kallsboka si i 1832 skriv han at det godt kan tenkjast at det har vore ei kyrkje eller kapell på Tunes. Han nemner ein stad, kalla “Kirkevolden”, der kjentfolk hadde synt han tufta etter eit slikt bygg. Kyrkjevollen, som me seier, låg den gongen utom bøgarden, men er no dyrka innmark. Difor er gransking i terrenget uråd, og ingenting skriftleg er funne. Heiberg seier og at “Om dette har været prestegjeldets Hovedkirke, et Annex eller maaske Capel, derom haves ingen Underretning.”

Her lyt me ty til segna, som seier det slik:
Det skulle byggjast kyrkje, og Tunes vart vald til kyrkjestad. Grunnen vart opparbeidd, og tømmeret til kyrkja vart fløytt ut gjennom fjorden og lødd opp på stranda. Då la det til med eit skrekkeleg uvér. Alt tømmeret fòr på fjorden, og rak tvers over til Haus der det la seg. Då veret stilna, rodde dei over fjorden og henta det på plass att, men tømmeret var ikkje meir enn kome i land, før veret tok til att og det hamna på same staden. Dette hende tre gonger, og då skyna folk at det var Guds vilje å ha kyrkje i Haus, og bøygde seg for det. Soleis kom soknekyrkja til Haus (Truleg ei stavkyrkje, bygd i 1100-åra).

Ei onnor segn over same emne fortel:
Då kyrkjebygget i Haus tok til å reisa seg var det godt synleg frå Rollandsfjellet på fastlandet, og gygra som heldt til der, såg med gru på det som hende. Verre var i vente, med klokkeklang og salmesong og alt som vondt er for ei gyger. Difor samla ho i hop ein haug med kampesteinar som ho tok til å kasta mot bygget. Men fjorden er breid, so dei fleste hamna der, men sume kom ikkje so langt, ein gong. Ein hamna på Garnes, og der kan me sjå Gygrasteinen den dag i dag.


Ein av steinane gygra kasta vart
liggjande i fjøra på Garnestangen.
Haus i bakgrunnen.
(Foto: Dag Anton Boge)


Tre gonger rak tømmeret over til Haus
att. Då skjøna folk at det ikkje var Guds
meining at det skulle byggjast kyrkje
på fastlandet, men på Haus.
(Teikningar: Johannes Mjeldheim)