Sogearbeidet i Arna
Av: Dag Anton Boge

Arna Sogelag vart stifta i 1988, men laget er eigentleg ei vidareføring av tidlegare Haus Sogenemnd som vart stifta heilt tilbake i 1931 etter initiativ av Steffen Hausberg. Han kalla saman til eit ”sogestemne” på Garnes Guttehjem den 13. september 1931, og fekk realisert planane sine om eit sogelag i bygda på det viset. Denne datoen vert rekna som stiftinga av sogearbeidet i Haus kommune.

Tidleg i 1930-åra kom Lars Ådna attende til sogelaget som skrivar. Haus Sogenemnd hadde på den tida store ambisjonar og fekk også realisert nokre av sine store planar. Laget fekk mellom anna gitt ut ættebøkene, som Arna Sogelag framleis har ein del att av for ”ny-interesserte”.

 
Steffen Hausberg fekk realisert
planane sine om eit sogelag i
Haus og Arna i 1931

Likevel, på slutten 1980-åra var den økonomiske stoda i Haus Sogenemnd så dårleg at det var snakk om å leggja ned nemnda. Men på allmannamøte den 18. november 1987, vart Haus Sogenemnd opna opp som ein medlemsorganisasjon slik at medlemskontingent vart ei inntektskjelde.
Haus Sogenemnd endra namn til Arna Sogelag på styremøte 27. februar 1990.

Lars Ådna budde og arbeidde godt med sitt lokalhistoriske arbeid i Ådnatun. Han testamenterte alt han eigde til ei stifting med namnet Ådnatun.
Bankkrisa på slutten av 1980-talet førte til at Ådnatun tapte eigenkapitalen (grunnkapitalen). I 1997 overførte fylkesmannen eigedomane til Arna Sogelag. Vilkåra i testamentet etter Lars Ådna vart Arna Sogelag pålagt å følgja. Tilstanden i tunet var på den tida svært dårleg. Det var dårleg vedlikehald på bygningane og området elles.

Styret I Arna Sogelag har etter at dei overtok ansvaret for tunet makta – først og fremst ved hjelp av stor dugnadsinnsats frå mange, gode eldsjeler – å setja anlegget i presentabel stand, både når det gjeld bygningane og uteområdet rundt.
Ei god finansieringskjelde har vore inntekter frå speleautomatar blant anna. Desse inntektene har gjeve sogelaget det økonomiske grunnlaget til å kunna gjennomføra dette viktige arbeidet. Denne inntektskjelda vil imidlertid falla bort frå 1. april 2004 av di Arna Sogelag ikkje vert rekna som ein ”ungdomsorganisasjon” som er kriteriet for at ein skal få nytte av desse automatinntektene. Fleire er av den misforståtte oppfatninga at sogelagsarbeid er ein slags hobbyaktivitet for pensjonistar. Dette trass i at sogelaget driv lokalhistorisk formidling nettopp til ungdom og skuleklassar mellom anna.

Arna Sogelag fekk Arna bydel si anerkjenning på kor viktig institusjonen vert rekna for å vera i bygda då sogelaget vart tildelt Arna bydel sin kulturpris for 2002 under årets kulturdagar i vår. For dei aller fleste vart tildelinga av denne høgthengande prisen sett på som rettvist. Arna Sogelag har gjennom mange år synt bygdefolket og andre at dei fyller ein viktig funksjon i dagens samfunn med uvurderleg viktig arbeid med å formidla lokalhistorisk kunnskap vidare til komande generasjonar. Tildelinga av årets kulturpris stadfester berre Arna Sogelag sin viktige posisjon i bygda.

Den viktigaste framtidsoppgåva til Arna Sogelag vert å finna fram til økonomiske løysingar der det offentlege (kommune og fylke) ser til at det vert lagt eit økonomisk grunnlag for vidare drift av Ådnatun.