Gamal steingard på Unneland
Tekst og foto: Kåre Unneland

På Unneland, og på mange andre vestlandsgardar, var det ingen tømmerskog til å byggja gjerde mellom gardane. Gjerdenetting var enno ikkje oppfunnen, og det einaste dei hadde nok av var stein. Difor var steingjerde den vanlegaste måten å gjerda inn eigedomen sin mot naboane. Slike steingardar er no freda, og vi finn dei over alt i landet. Var det noko folk lærde seg alt i ung alder før, så var det å mura gråsteinsmurar av alle typar stein.

Ein av desse flotte steingardane kan ein finna mellom Unneland og Neset. Steingarden går frå Elvebakken opp til toppen av Vemånen, kanskje i ei lengde på om lag 500 meter. På dei fleste stader er muren nokså smal slik at ein stein dekkjer nesten heile breidda. Som oftast er det mindre stein som er nytta med ein og anna stor stein innimellom.

På mine mange tur- og jaktdagar i Vemånen, har eg ofte undra meg på kvar dei har fått steinane frå, då lendet på båe sider er fjellgrunn utan lause steinar. For mange år sidan spurde eg grannen min, Johannes Unneland (fødd 1886), om kven som hadde laga denne vakre steingarden. Han hugsa godt frå sin tidlege barndom at ei lang rekkje med legdekarar bar på steinar like frå elva og oppover. Dei hadde alle ein tomsekk liggjande på ryggen, og la så steinar oppå sekken alt medan dei heldt steinane fast med nevane heilt nedst på ryggtavla.

I dag har delar av steingarden ramla saman, men det meste av han er framleis like fin. Der garden er i full høgd, har eg rekna at det har gått med rundt 50 steinar pr. meter, så det vart nok mange turar for legdekallane. Det var solid arbeid desse karane gjorde, og denne steingarden vil stå som eit minnesmerke i generasjonar framover og minna oss om ei svunnen tid.

I gamle dagar var det kvar enkelt huslyd som måtte syta for dei gamle og sjuke i slekta. Likevel var det alltid nokon som ikkje hadde slektningar til å hjelpa seg. Difor vart legdeordninga innført på 1700-talet. Heradsstyret kunne påleggja dei einskilde gardane å ta i mot eit legdemenneske for kortare eller lengre tid, alt etter storleiken på garden (sjå Mål og Miljø 2003). Det kunne jamvel henda at dei vart verande der i fleire år. Dei var nok sikkert ikkje alltid like velkomne til små gardar som hadde meir enn nok med å livberga seg sjølve. Denne legdeordninga vart nytta like til år 1900 då Fattigforsørgelsen vart innført, i dagleg tale kalla fattigkassa. Det var då nemnder som avgjorde kven som skulle få hjelp frå det offentlege. Dei aller fleste prøvde å unngå fattigkassa fordi det var rekna som ei skam å ikkje greia seg sjølv. I 1936 vart så alderstrygda innført. Den vart i 1966 avløyst av Folketrygda slik vi har det i dag.

I statistikken for 1927 var det totalt 24 000 i Noreg som fekk støtte frå fattigkassa. Mellom desse finn vi mange eldre, sjuke, åndssvake, arbeidslause (54 %), drikkfeldige, og til slutt dovenskap, 99 stykke (0,4 %). Vi må vel rekna med at det helst var dei arbeidslause legdekarane som rundt 1896 vart sett til kjempeoppgåva med å byggja den store muren på Vemånen.