Turvegane til Reppardalen
Frå idè, til bygging og drift.
Av: Bjørn Rogne Iversen
Foto: Dag Anton Boge

Alle foto her er frå
Familiemarsjen til Reppardalen”
i 2003.

Reppardalen ligg rundt 400 meter over havet aust for Arnatveit. Slik dalen er forma, kan han også beskrivast som ein botn.
Reppardalen eller Reppadalen, begge skrivemåtane er like rette, var seterområdet for gardane Garnes, Seim og Indre Arna, og det fanst fleire setrar i dalen. Ja, tidleg på 1500 talet skal der også ha vore eit bruk med fast busetnad. Ei av buene står no i Ådnatun, ei i Hordamuseet sitt område på Fanafjellet, medan tre setrar vert vedlikehaldne i dalen.

Det har og vore fritidsbygg Reppardalen. På 1950/60-talet sto framleis ”Skihytta”, frå før 2. verdskrig, og etter krigen vart det også bygd ei privat hytte, men no er det berre grunnmurane som står att av desse. Fram til 15-20 år etter krigen var Reppardalen eit populært utfartsområde med fint skiterreng, etter den tids mål, og bra med bær- også molter, som det vart vakta på.

For å koma seg i dalen var den vanlegaste vegen frå Arna å gå gjennom Ådnamarka langs kjerreveg som enda i sti, og så ”rett til fjells” frå der traktorvegen frå Oppetveiten i dag kjem inn på Reppardalsvegen. Her ligg også Sætrakvile, eller Kvile, som er ein steinbenk med ein brei/djup stein som ryggstø i passe høgd til å setja ryggjespannet ned på. Stien ”rett til fjells” var stort sett naturstein lagt opp som trapper. Sjølv om mykje av trappene er rasa ut, finn ein framleis eksempel om ein følgjer den gamle stien gjennom Tausaskogen, og forbi Kjerringareva til Rondkleivskaret. Skulle ein ha med storfe i dalen, gjekk ein Ròkavegen. Dette er stien som går langs Hølbekken gjennom Botnane og Tussebotn, eller ein kunne gå over Åsheim.

Då det var slutt på stølsdrifta, vart det også mindre med vedlikehald av den bratte stien frå Oppetveiten, som dessutan kunne vera ei stor utfordring i skisesongen, med ski på skuldra og sekk på ryggen, i ein bratt sti med snø og issvullar.
Etter kvart vart det færre og færre som ”gjekk i dalen”, og kommunale planar gjekk ut på å demma opp Reppardalen for drikkevatn til Arna - og det var få, om nokon, som protesterte.

Men slik gjekk det ikkje. Drikkevatn vart henta frå Gullfjellet og store delar av Reppardalen vart ved kongeleg resolusjon 16. desember 1983 freda under namnet Reppadalen naturreservat. Føremålet med fredinga er å ”ta vare på eit område med store og velutvikla myrkompleks, med døme på atlantisk nedbørsmyr, flatmyr og bakkemyr”, som det heiter i fredingsreglane.
No kunne naturreservatet blitt liggjande i fred og ro for folk flest, om det ikkje vart gjort noko som gjorde det lettare å ta seg fram til dette vakre området.

Det var Bjarne Befring, som rundt 1980, tok opp att ein gamal tanke om å laga ein ny og slakkare veg til erstatning for den bratte stien. Han hadde ei skisse der han tenkte seg at vegen skulle gå frå Oppetveiten og i slynger mot Tveitagjelet, for å enda i den gamle stien på Rondkleivskaret. Det var ut frå dette initiativet at Bydelsutval 11 (Arna) i 1982 oppnemnde Bjarne Befring og artikkelforfattaren til å forhandla om trasè for turveg til Reppardalen. Trasèen, som Bjarne Befring hadde skissert, omfatta berre ein grunneigar, som var velvillig til tanken.
Skulle vegen kunna realiserast måtte vi ha hjelp frå kommunen og dei same to fekk oppgåva med å leggja skissa fram for Fritidsavdelinga, som tende på ideen. På denne tid viste det seg å vera eit politisk pålegg frå sentralt hald om å søka å kombinera fritidsinteresser med næringsinteresser i bygging av kombinerte skogs- og turvegar.

I lia over Oppetveiten var der mykje planteskog, som etter kvart kunne takast ut, men skulle vi bruka dette argumentet for å få skogvegsmidlar måtte forslaget til Bjarne Befring endrast. Det tok ikkje lang tid før vi bestemte oss å for å tilrå for bydelsutvalet at vegen måtte gå der det fans pengar.
Med dette overtok det kommunale Skogkontoret og Fritidsavdelinga all planlegging, forhandling med grunneigarar, som no vart fleire, stikking av traseen og innhenting av tilbod for bygging.
For å få statlege skogvegsmidlar måtte ein, i tillegg til fri grunn frå grunneigarane, også inn med privat innsats, som dugnad, kontantar eller begge delar. Til å leia dette arbeidet føreslo vi for bydelsutvalet å oppnemna Elias Eliassen, som heilt fram til 2002 såleis vart leiar for Nemnda for Reppardalsvegen (Nemnda), der han hadde med seg Oddmund Mjelde, Terje Herfindal, Bjarne Befring, Narve Norheim, Roald Espevold og artikkelforfattaren.

Vi vart den gang fortald at det var eineståande, i heile landet, at ei gruppe av folk flest gjekk inn og tok eit ansvar for turfolket sine interesser i eit slikt prosjektet. Nemnda sto både for organisatorisk og praktisk arbeid med t.d. synfaringar, rydding av skog i traseen, finansiering gjennom sal av andelsbrev og bøn om hjelp frå lokale verksemder saman med informasjon til folk flest, gjennom godt besøkte folkemøte, og innlegg i Bygdanytt.

I 1983 var traseen klar for bygging av ein kombinert skogs- og turveg til Kjidnå (Reppardalen). Men slik gjekk det ikkje - i første omgang. Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK), som hadde hatt store problem med høgspentlina som fall ned på Tunesfjellet, gjekk på denne tid, etter initiativ frå Nemnda, inn i prosjektet med ein større sum, mot at ein arm av vegen skulle gå ”rundt” Tussebotn mot Tunesfjellet. På same tid vart arbeidet med vegen til Reppardalen (Kjidnå) stoppa på grunn av diskusjon med ein grunneigar. Entreprenørarbeidet på traseen mot Tunesfjellet vart ferdig i januar 1988, mens traseen til Kjidnå, med andre ord det eigentlege prosjektet, først vart ferdigbygd i 2002, og då i regi av Nemnda og vesentleg finansiert av spelemidlar (tidlegare; tippemidlar) saman med innsamla pengar.

Den totale kostnaden for heile Reppardalsvegen med parkeringsplass og gjerde vart til slutt 360.000 kroner. Av dette er 134.000 skogsveg- og gjerdetilskott og 43.000 kommunalt tilskott, medan resten, 183.000 kroner, er midlar som turvegentusiastane har skaffa gjennom sal av andelsbrev, søknad om spelemidlar og søknad om stønad frå bydelsutval-/styret saman med ”tiggarbrev” til firma og kopling av BKK til prosjektet. I tillegg til dette kjem praktisk arbeid og kjøp av rastebord, som entusiastane både har stått for og fått finansiert. Men dei praktiske oppgåvene har vore mange, og Nemnda for Reppardalsvegen har fått god dugnadshjelp av medlemer i Arnavågen Musikklag, no Arna Janitsjar, som for dette også har fått nokre kroner i lagskassa.

Den samla lengda på Reppardalsvegen, med sine to armar, er rundt 5 km. Ideen om å byggja ein veg i forlenginga av Reppardalsvegen, frå parkeringsplassen, vart lansert for Bergen kommune, Fritidsavdelinga/Skogkontoret i 1988. Det vart vald ei ny byggjenemnd for dette arbeidet. Denne nemnda hadde Bjarte Gjellesvik som leiar, saman med Bjørn Småland, Bjarne Befring, Lars Borge, Andreas Indrearne og Elias Eliassen. Entreprenørarbeidet starta i 1990 og Rambergsvegen, som er vel 2 km lang, var ferdig i 1991. Vegen vart finansiert etter same mønster som Reppardalsvegen, med sal av andelsbrev og tilskott som skogsveg. ”Arnas svar på Fjellveien” skreiv Bergens Tidende i reportasjen frå opninga av vegen.

Etter avtale med grunneigarane skal kommunen ta seg av det alminnelege vedlikehaldet av vegane. Dei to byggenemndene er frå januar 2002 erstatta av Brukarutvalet for Reppardalsvegen og Rambergsvegen med Bjørn Myhren som første leiar. Brukarutvalet er sett saman av to representantar valt av eit folkemøte, ein av bydelsstyret, ein av Arna Marsjklubb og ein valt av grunneigarane. Det er utarbeida vedtekter for organisering av utvalet og for kva oppgåver utvalet skal ta seg av.

Då turfolket sikkert vil veta litt om oppgåvene, tar eg med ein del om føremålet med utvalet, slik det er skrive i vedtektene:
”Utvalet skal ta hand om dei ålmenne brukarane sine interesser i turvegen og det nære turområdet generelt. Utvalet har plikt til å føra tilsyn med vegen og koma med framlegg til bydelsadministrasjonen om vedlikehald. Døme på andre oppgåver;
1. Søkja tildeling av midlar til bruk i vegen
2. Føreslå nye trasear og stikkvegar
3. Ta initiativ til, og gjennomføra ålmenne møte/arrangement for å informera om vegen og friluftstiltak
4. Søkja å få til arrangement (løp/marsjar) som trekkjer folk og skapar blest om vegen
5. Skaffa sponsorar.”

Etter at utvalet hadde sitt konstituerande møte den 7. mai 2002, vart den første store oppgåva å skaffa midlar til fullfinansiering av vegen fram til Kjidnå. Seinare er det blitt informasjonstavle på parkeringsplassen, med eige kart over vegane og stiar i området og det er starta rydding av skog, for å få fram att noko av den vakre utsikten.

Utvalet kom, etter mange si meining, godt frå Familiedagen i Reppardalen 15. juni i år, der minst 300 små og store tok turen i dalen og fekk med seg underhaldning, orientering om livet i dalen gjennom tidene, trekking av gåvepremiar og sal av rømmegraut.
Av praktiske ting vidare som er planlagt å gjera, er utskifting av rastebord, grusing av ein del av Rambergsvegen, og - det ein aldri vert ferdig med - rydding av skog.