Ytre Arna Historielag
Tekst og foto: André Leknessund Wik

Ytre Arna Historielag siglar i medvind. Støttemedlemmer har strøymt til laget det siste året. Historielaget i Ytre Arna jobbar for å ta vare på Ytre Arna si unike kultur- og industrihistorie.

- Ytre Arna er blitt litt gløymt. Det er mangt og mykje herfrå som held på å forsvinna. Vi hadde lyst til å setja staden på kartet att, og følte at bygda trengte eit lag til å verna om lokalhistoria. Det er historielag mange andre stader med mykje ”mindre” historie. Så det var vel eigentleg på tide, fortel sekretæren i det nyskipa laget, Lillian Mjelde.

 
Eitt år gamle Ytre Arna Historielag har mykje lokalhistorie å ta vare på. Frå venstre; Willy Vangsnes, Lillian Mjelde, Asbjørn Nævdal, Fridtjof Mjelde, Gerald Kalsås og Kjell Sjursen.

Det er tydeleg at arnafolket har sakna eit slikt tiltak. Mange har meldt seg inn som støttemedlemmar i laget.
- Eg synest det er heilt fantastisk kor folk har støtta opp, og det takkar og bukkar vi for, seier leiar Sollaug Damminger.

Ytre Arna Historielag vart etablert 23. november 2004, og er såleis ein relativ ”baby” i lokalhistorisk samanheng. Laget har det siste året vore i ein innsamlingsfase for å spora opp og børsta støvet av historisk interessante gjenstandar. Konkret har det vorte jobba for å etablera ei permanent utstilling i nyleigde utstillingslokale i Arna Næringspark (gamle bomullsvarefabrikken), som i ord og bilete vil fortelja Ytre Arna si rike og heilt spesielle industri- og kulturhistorie.
Vi har vore med på styremøte i laget i Kulturhuset Sentrum, og overalt ”flaut” det med historisk materiale. På veggen heng gamle bilete og måleri av gamle fabrikkdirektørar, lokalpolitikarar, forretningar, foreiningsliv m.m.

Engasjementet mellom folk i Ytre Arna er stort, og Ytre Arna var mellom dei første stadane i Noreg som fekk apotek, mannskor, blandakor, idrettslag, musikklag, politiske lokallag o.s.v.
- Ytre Arna hadde den eldste samvirkeforeininga i landet. Det står ei utstilling derfrå på samvirkemuseet på Austlandet. Vi prøver å få utstillinga over til oss, fortel styremedlem Gerald Kalsås om ei oppgåvene historielaget har sett seg som mål.
- Det ligg utruleg mykje av lokal- og kulturhistorisk verdi å få sett søkelys på av Ytre Arna si historie. Om lag 50 prosent av dei som bur på staden i dag, er tilflyttarar eller representantar for nyare generasjonar, og dei kjenner gjerne ikkje til alt, minner Asbjørn Nævdal om.

I samband med arbeidet ber historielaget i industristaden om hjelp frå arnabuarane. Laget trur mange rundt om i bygda kan sitja på interessante historiske gjenstandar – alt frå gamle bilete frå Ytre Arna, materiale frå krigsdagane, til verkty frå fabrikken og faner frå dei ulike foreiningane.
- Vi vil oppfordra folk til å ta ein titt på loftet sine. Kanskje enkelte kan koma over ting som kan ha verdi for oss, og som vi kan få låna til utstilling, seier Asbjørn Nævdal.