Barn av byen

Kjeft ikkje på oss.

Det er ikkje vår skuld.

Vi er berre barn av byen.

Nålestikket gjer ikkje
vondt lenger,
og regnet og sola
og dei andre
naturkreftene
rår ikkje lenger
over meg
når eg no
ber deg
på mine kne
om aldri,
aldri
å oversjå meg
fleire gonger.

Korken går ikkje
så lett av flaska
no når stova
di er så rein.
Eg skal
sjølv
klara å finna vegen heim,
no.