Den same song


Eg søker ingen
å setja ringen på.
Fri som fanten vil eg vera.

Men draumen om ein venn å få,
vil eg alltid bera.

Kan du vera vennen min?
Kan du vera ei skulder å gråta på?

Eg græt,
eg skrik,
eg hyler ut min trong.

Syns du at linjene her
kjem frå ein velkjent song?

Så gje meg då
ein strofe,
ein tone,
eit uttrykk for din trong,

og eg kan berre håpa
at vi syng den same song.