Dine spor
haustlauvet
dekkjer stien
og spora etter ein
god sommar
snart kjem
snøen
du lagar
kalde spor
som snøføyken
viskar bort
men dei finst
din død
sletter slett ingen
av dine
merke
etter deg
det er berre du
som trur det
i dag
dine spor vil
stå som
fossile
avtrykk
alltid
|