Hope is the only dope


skrik du i den kalde undergangen, der veggane
ber om fargar berre du kan dela ut
der
i ungdoms skumring

veggmåleriet du vil laga, skremmer dei fleste
når pilar flyg hit og dit og det einaste du vil seia er
at der er utgangen, og der er lyset, men
alle dei som ser stikk kvar til sin kant medan
du vil samla dei med eit skrik frå di sjel

lakkboksen med håpets fargar vil du spraya på den kvite
veggflata og det einaste du vil seia er
sjå meg, høyr meg, dette er
mitt rop til deg, så lukk ikkje augene dine for dette

du skriv med dine
hieroglyfar
der
i undergangens katedral
og vil fortelja
at verda er ven, men du må sjå verda
med mine auge og mitt sinn

at eg lever er viktig
skrik du med harde
teikn på veggflata som står tom og fargelaus framføre deg
i undergangen der håpet kan leva om du får det som du vil

hope is the only dope
malar du på veggen
i kyrkja di
og du syng med skrik etter rettferd
der
i landet mellom lov og ikkje lov
medan skateboardet følgjer deg heim og
ein tom lakkboks fortel at
du var der og fekk seia
det du ville

men ingen lytta denne gongen
heller
og ingen brydde seg om paletten din

Illustrasjon:
Dag Adrian Boge (2003)"