I Dyvekes kjellar


Langt ute i seine kveldar
tek eg ofte inn på Dyvekes kjellar.
Der roar eg ned mi urolege sjel
medan hjartet bankar og slit som ein træl.

Når tankane mine er ute på tur
spør eg; Er det verkeleg her du bur?
Men nei, eg berre besøker,
og leiter etter det eg har lest om i bøker.

Dyveke ønskjer velkomen inn
og spør meg beint; Skal du ha ein skvett vin?
Eg gjev henne då eit forsiktig nikk,
ho kjem, serverer, og eg berre drikk.

Når timar har gått og setlane er borte,
kjem røysta og seier; Igjen har du gjort det.
Trøysta du finn i vinens smak
gjev deg berre ris til din eigen bak.

---

Så kjem det då frå gata inn
ein engel og set seg ved plassen min;
Kvar bar det då hen med deg i kveld?
Kom gut, bli med meg heim og fortel.