Kortfilm

Det var surt
og grått den dagen
minibanken åt
bankkortet mitt og
dagen var øydelagt

plakatar på bussen
fortalde meg
at Jesus kjem
snart
og bussjåføren spelte
Elvis nett
slik at berre han
høyrde det
medan vi andre
såg ut vindauga
og livet der ute
- som ein kortfilm

medan minibanken
langsamt fordøydde
bankkortet
og eg tviheldt på
busskortet mitt

kontoen var tom
og eg
sat på bussen
på ei langsam reise
gjennom byen

eg ville hoppa av
då bussen
stoppa for
ei gamal dame med stokkJesus lever
sa plakatane og
eg såg meg om etter han
medan Elvis døydde
i larmen
utafor

då dørene opna seg
og eg steig av
kom ei jente
med blått hår og
ring i nasen
og spurde:
- Har du sett Jesus?
- Eg veit ikkje kven
han er,
svarte eg

ho såg på meg
og sa:
- Eg trur deg