Lei meg fram

Ver min guide
og lei meg fram
gjennom vrimmelen
av raude lys
og forbodsskilt,
forbi plakatar
som fortel meg
korleis eg skal vera,
før meg trygt
forbi og mellom
alle dei som
på død og liv
skal fortelje meg
kva som er
best for meg,
lei meg fram
og forbi alt dette
som trugar med
å slå meg i hel
kvar dag