Ord


kulepennen står
og slår
mellom
indre og
ytre meg

det er ord
som vil ut og
ord
som vil inn

ord som
blømer og
ord
som bles

ord som
kjærteiknar og
ord som
slår

det er kraft
i dei alle
kvar på
sine vis

ord
til glede og
ord til
trøyst

ord som
lindrar og
ord
som skrik

for kvart eit
høve
du finst alltid
du ord

ordboka
katalogiserer
så nøkternt
og skjematisk

men kjenslene
ved kvart av
dei
lyt
du sansa
sjølv

dei ber med seg
kraft sterk nok
til å lindra
og gleda
og kraft til å
drepa og
slå i hel