Oss urbane stakkarar

Sjå i nåde til oss urbane stakkarar
som skjelv av frykt på tanken
å måtte besøke tante
som bur ein times veg frå byen,
til oss som får abstinens på byfjella
når kroppen skrik etter asfalt
og glatt brustein mellom tronge smau.
Sjå i nåde til oss urbane stakkarar
som ser meir poesi på gråe veggar
dekte med fillete plakatpapir om
konserten for fire månader sidan,
enn kva vi klarar å sjå i blomstrane
på markene og bjørkene i liene
og til fisk i levande vatn.
Sjå i nåde til oss urbane stakkarar
som heller vel å sitje timevis
på kafear, brune som svarte,
og nyta luft overmetta med parfyme
og røyk frå tusentals Prince,
enn å pusta inn dufta frå tangen
i fjøresteinane og tjørebrede naust
Sjå i nåde til alle oss stakkarar
som talar smått om han frå Sotra.
Sjå i nåde til oss
som har fått eit slikt fordømt
forvirra urbant sinn.