Stille skot
Det smell
stille skot
i sentrum
i byens harde gater
white light, white heat
kor herleg det
høyrest ut
på plate
Lucy in the Sky
blikket stivt
fiksert
langt der framme
ikkje til framtida
framtida er daud
framtida døydde
i portrommet i stad
thin white duke
magre
sjuke
bleike
utan håp
brown sugar
er ikkje drops
men rockar deg
stødig
mot mørke
undergangar
underground heaven
fenger
og ho skrik
medan sola går ned
Christiane F
kjem til
og spør:
men skjønte du ikkje
kva eg prøvde å seia
i boka, då?
white light, white heat
stille skot
og tyste skrik frå
byens portrom og
toalett
ingen lyd og
ingen bøyer kne
walk on the wild side, baby,
take a walk on the wild side
|