Askøy Mållag:
Øvre Hagen 8
5305 Florvåg.

ÅRSMELDING FRÅ ASKØY MÅLLAG 2005

Skulemålet, medrekna målet i barnehagane,har også i 2005 vor ei sentral sak. Men manglande bruk av nynorsk i Askøyværingen og kommunal verksemd har òg vore eit emne me har vore mykje opptekne av. Laget hadde 32 medlemer ved utgangen av 2005.

Skulemålet
12.april sende Askøy Mållag eit brev til skulesjef Torbjørn Henriksen Strand der me bed om at kommunen i brosjyre informerer skular og foreldre om val av målform ved innskriving av elevar i barneskulen.Dette initiativet førde til at slik informasjon kom med i ovannemnde brosjyre hausten 2005.

29.april hadde Askøy Mållag v/ Norvald Hestholøm og Einar Ådland møte med skulesjef Strand, spesialrådgjevar A. Eikevåg og rektor Aslaug Keyser Røssdal ved Fauskanger barne-og ungdomsskule. Emnet her var særleg deling i nynorsk- og bokmålsgrupper i undervisninga på Fauskanger barne- ungdomsskule, etter at det hausten 2004 kom i gang bokmålsgrupper på fyrste og andre skulesteg der. Frå skulen vart det opplyst at der er deling i norsk og matematikk; ikkje i dei andre faga der det skal vera slik deling.Frå Askøy Mållag si side vart det halde fram at me er urolege for dei andre teorifaga enn matematikk og norsk, og synte til domen i Sandnes i Sandnes heradsrett, seinare stadfesta i lagmannsrett og høgsterett der det er slege fast at der SKAL vera deling i undervisninga i alle teorifag. 2/4 skreiv me brev til Fauskanger barne- og ungdomsskule og bed om at dei grunngjev kvifor dei ikkje rettar seg etter Sandnes-domen. Hausten 2005 vart det ingen bokmålsgrupper i Fauskanger.

I ein leiarartikkel 4. mars gjekk Askøyværingen til harde åtak på Noregs Mållag, Askøy Mållag og underskrivne fordi me held fast på klassedelt undervisning. Uttrykk som " jåleri" og " tøvete vedtak" vart nytta i leiaren. Oddvar Skre i Hordaland Mållag svara på dette i ein artikkel i AV 11/3 med tittelen "Nynorskhets i Askøyværingen" der han konkluderte med at AV hadde gjort seg skuldig i grovt overtramp i denne saka og la til: "Redaktørskiftet har òg medført at avisa no er rein bokmålsavis- og det som verre er-at avisa ser ut til å ha blitt talerøyr for dei reaksjonære gruppene som ønskjer kulturell og språkleg einsretting på Askøy i staden for kulturelt mangfald. Her bør avisa skjerpa seg og vedkjenna seg ansvaret sitt.Hordaland Mållag og Askøy Mållag vil halda fram med å forsvara foreldreretten og det kulturelle mangfaldet i Askøy som nynorsken er ein del av".

Nynorsk songbok i barnehagen.
Meland Mållag og Selja forlag gav hausten 2004 ut den fine og innhaldsrike songboka " Syng sjøl". Boka inneheld ei rekkje nynorske songar som høver godt i barnehagar over heile landet.I desember 2004 gav Askøy Mållag boka og ein CD som høyrer til, til Træet barnehage. Det same vart gjeve til barnehageadministrasjonen i Askøy kommune. ".2. april 2004 søkte me Komite for oppvekst og kultur i Askøy kommune om kr. 12.600 til innkjøp av 42 sett av songbok og CD, med tanke på at kvar einskild av dei 21 kommunale og private barnehagane i Askøy skulle få 2 sett av boka og CD-en. Søknaden vart diverre avslegen, med den grunnlag i eit " prinsippvedtak som sier at Askøy kommune ikke kan støtte " utenkommunale " prosjekter".

Med andre ord: fordi boka og CD-en ikkje er produsert på Askøy, kan søknaden ikkje imøtekomast. Me synest dette vedtaket, og grunngjevinga, er vanskelege å skjøna. Kva med lærebøker som er produserte i Oslo og som blir brukte i Askøy? Ingen støtte til dei?

Målet i Askøyværingen.
I midten av juni 2005 fekk me på trykk eit innlegg i Askøyværingen der me bad redaksjonen i bladet gjennomføra ei rekkje tiltak:
- tilsetja nynorskskrivande journalistar
-oppmoda nynorskkunnige i redaksjonen til å bruka nynorsk
- bruka nynorsk i referat og omtale av askøypolitikarar som har ein dialekt som somvarar med dette målet.

Denne oppmodinga har ikkje ført fram, like lite som eit brev til redaktøren i avisa 21/5-2006 med ynskje om meir nynorsk.Me ser alvorleg på det at lokalavisa- som har monopol i kommunen- etter redaktørskiftet sommaren 2004 praktisk tala har slutta å bruka nynorsk som redaksjonelt språk.Så hardt pressa som nynorsken no er på Askøy, vil ein slik redaksjonspraksis i røynda og i lengda undergrava nynorsken i heradet.

Målet i Askøy kommune.
I 1987 gjorde Askøy kommunestyre eit vedtak om målruken i kommunen som i praksis fører med seg rein bokmålsbruk. I ein del av fjoråret arbeidde me me denne saka, som resulterte i eit brev dagsett 16/1-2006 til kommunestyret i Askøy, med kopi til leiaren for Komite og oppvekst, med ynskje om at dei folkevalde drøfter kulturpolitikken i kommunen på grunnlag av våre prioriterte saker:
- ved nynorskskulane må det tilsetjast lærarar som meistrar nynorsk.
-tilsetjing av nynorskkunnige medarbeidarar i barnehagane.
-kommunale rundskriv på både nynorsk og bokmål, og ei rimeleg mengd av sakspapira på nynorsk.
-ynskjer at dei folkdvalde i ein viss mon nyttar nynorsk i løkalavisa
-lysingar og kunngjeringar bør i rimeleg grad vera på nynorsk.

Me konkluderte brevet med at målbrukvedtaket som kommunestyret gjorde 21.mai 1987 er klårt bokmåls-favoriserande og tilsvarande nynorsk-diskriminerande. Me bad om at kommunestyret gjer eit nytt målvedtak, der nynorsken får sin rettkomne plass.

Vedteken på årsmøtet i laget 20/3-2006.

Einar Ådland
Leiar