Bestilling:
Rolf Hindhammer
Vollabakken 1
6636 Angvik
Telefon: 71 29 26 80
E-post: yrvis55@yahoo.no

Ny visebok for barn
Rolf Hindhammer har no gjeve ut ei fin barnebok på forlaget Abrakadabra.
Boka heiter ”Syng med oss” med undertittel ”Barnesongar og tøyseviser”.

Heile 82 viser/songar – alle med besifra melodiar av forfattaren – har fått plass i boka. Tekstane er utanom Rolf Hindhammer skrivne av Eyvind Flaten, Nils Kolbjørn Kjenstad, Bjarne Slapgard, Bjarne Rabben, Målfrid Eikemo, Signe Rytter Sagberg, Øystein Hovden og fleire andre. Det er òg nokre eldre barnevers med.

Med boka følgjer også ei CD-plate, sunge og spelt av Astrid Berit Hindhammer og Erik Askerøi (om lag 70 songar). 43 av songane er på denne nynorsk. Boka er praktfullt illustrert av kunstnaren Åse Sæterøy.
Boka er eit friskt innslag for både heim, barnehage, skule, og ikkje minst for vaksne som vil synga saman med barna.Boka er å få kjøpt i bokhandelen, eller ho kan tingast signert av forfattaren.

Utdrag frå boka: Ei lita sild

Illustrasjonar: Åse Sæterøy

Om forfattaren og komponisten:
Rolf Hindhammer er fødd i Angvik, aust for Molde, i ein musikalsk familie. Hindhammer har alltid vore oppteken av natur og friluftsliv.

Han har mange kulturelle og kunstnariske interesser, med musikk som den fremste.
I tillegg har han vore aktiv på idrettsbana og drive arbeid med barn i skule og idrettsmiljø.

Rolf Hindhammer har frå før gjeve ut boka ”Hildreveg”, med melodiar til dikt av Hans Hyldbakk, og bokverket ”Ein spelemann, ein toneskatt”, med musikk og gode historier frå lokalmiljøet.
Som komponist har Hindhammer mellom anna laga musikk til framføring av ”Synnøve Solbakken” av Bjørnstjerne Bjørnson og orgelkonserten ”Dei siste dagane”, med tekstar frå påskebodskapen.

Rolf Hindhammer fekk i 1995 Gjemnes Mållag sin målpris.